Magasinett

Utskrift

– Nødvendig å fri seg frå kvardagens plikter

Skrive av Øystein Espe Bae .

Erlend Flornes Skaret er i desse dagar ute med si andre bok, Lucida, der han skriv om ein ung, reisande mann som vil ha tilbake eks-kjærasten. Foto: Jo Sannem

Erlend Flornes Skaret slutta i jobben for å skrive. No har han kjøpt bubil, og gjennom reisinga kjem han tettare inn på romankarakterane sine.

– Nokre månader etter at førre boka kom ut, slutta eg i jobben min i Rambøll for å kunne skrive på heiltid ei stund. Det er no omlag eitt år og sju månader sidan, fortel forfattaren frå Bømlo, som òg er utdanna sivilingeniør.

Det gamle yrkeslivet er lagd på hylla, og no er han endeleg framme ved bok nummer to, Lucida. Her tek forfattaren lesaren med vidare inn i eit allereie velkjent litterært univers, om reisande unge menn på leiting.

Kanskje er det sivilingeniøren i han som gjer at han held seg til formelen som han veit fungerer så godt. For ein skal aldri endre ei vinnaroppskrift. Også når det gjeld å skrive.

– Lucida handlar om ein ung mann som reiser etter eks-kjærasten sin til Syden for å prøve å gjenerobre henne, forklarar han.

Alltid på reise

I debutboka Wroclaw, skreiv Skaret òg om ein mann som var på reise, og i den nye boka ser vi mykje av det same reisemotivet.

Korleis har det seg at dette med å vere på reisefot er så synleg i bøkene dine?

– Eg tenkjer at det å reise på mange vis er vår tids fremste rekreasjonsform. Mange tyr til reising når dei vil avreagere, når dei vil oppleve noko, verte inspirerte, eller berre oppgradere den sosiale CV-en sin, seier han.

Reisinga er òg spesielt viktig i skrivinga for Skaret, fordi den gir han moglegheit til å dykke djupare ned i kva det vi seie å vere eit menneske:

– I skrivinga mi er eg opptatt av fridom: Kva er det? Korleis bruker vi den, og kva konsekvensar får denne bruken? Eg trur at reisa er ein fin og konkret stad å begynne når ein vil finne ut noko om menneske og fridom, forklarer han.

– Hotellet som kulisse

Reising er for mange tett knytt til det å bu på hotell, ein stad som fungerer som ein heim, men som samstundes er ein del av vegen.

Det verkar som du nyttar dette med å bu på hotell på ein liknande måte i denne andre romanen som i den første?

– Hotellet er ei fin kulisse. Hotellrommet har i seg denne fine doble effekten som sørgjer for at ein kjenner seg fri, at ein kjenner seg inkognito, fordi rommet er anonymt, sterilt og historielaust, forklarar han.

– Samstundes som den same frigjeringa reduserer ein til eit nummer på ei dør, til noko klinisk upersonleg og rotlaust.

– Hotellet representerer dette fine spennet som utgjer noko av fridomens problem, seier Skaret.

Lysdraum

Det er ikkje berre reise- og hotellmotivet i boka som gjer det mogleg for Skaret å skrive fram stemningar frå mellomroma. Også tittelen på den nye boka inneheld opningar mot det som måtte finnast mellom det eine og det andre:

– I psykologien er lucida eit augeblikk av klarheit i ein forvirra person sitt sinn. Det finst også eit omgrep som heiter lucidadraum, og det er det same som ein klardraum, der drøymaren opplever ein grad av bevisstheit og kan påverke handlinga i draumen.

– Opphavet til orda lys og lucida er det same, og mykje av handlinga er lagt til Lyskysten i Spania, Costa de la Luz, der hovudpersonen, ein kunstnartype frå Oslo, tar inn på eit hotell fullt av eldre nord-europeiske turistar, oppklarer Skaret.

Går inn i rolla som den reisande

Det er dei som dei seier at ein forfattar si ferd fram mot andreboka er full av farar. Skaret var føre var og sa opp jobben. Kanskje såg han tidsklemma lure i det fjerne? Det har i alle tilfelle gitt han høve til å gå heilt inn i hans typiske karakter, den “unge reisande mannen”:

– Mellom bok nummer ein og to har eg reist ein del og budd på ein del ulike adresser. Eg har jobba med andreboka og det har vore eit takknemleg arbeid, rett og slett fordi eg har kunna konsentrere meg fullt ut om den, forklarar han.

– Eg har høyrt at viss andreboka ikkje er vanskeleg, så vert i alle tilfelle tredjeboka vanskeleg. Og viss ikkje den, så i alle tilfelle fjerdeboka. Ein kan nesten ikkje vere ueinig i at denne teorien til slutt må verte sann, at ein nødvendigvis må møte på ei vanskeleg bok før eller seinare, men eg opplevde ikkje at Lucida var vanskelegare å skrive enn det Wroclaw var.

Bubilen som skrivestove
Det verkar som Skaret legg stor vekt på å forme kvardagen sine rammer på ein måte som nettopp ikkje rammar han inne, som gjer det mogleg for han å nå den fridomen han sjølv er med på å skrive fram i bøkene sine.

– Eg ikkje så glad i disposisjonar, fordi tidsavgrensingane vert så tydelege i dei. Eg likar meg i illusjonen om at eg har uavgrensa med tid, samstundes som eg likevel prøver å skrive så mykje som mogleg.   

Å seie opp jobben er ein ting. Å kjøpe ein bubil er å ta det heile eit langt skritt vidare mot limbo:

– Eg kjøpte ein bubil for nokre veker sidan. Den skal eg bruke som skrivestove, og den eignar seg godt fordi eg kan gjere research samstundes som eg er i ein skrivesituasjon. Eg likar å reise, og for meg er det nødvendig å fri seg frå kvardagens plikter for å kunne fokusere godt nok.

– Det er også noko med reisa som er inspirerande, i ordets opphavlege tyding, det å puste inn framand luft. Ein treng ikkje nødvendigvis å reise så langt heller, mentaliteten slår inn straks ein gjev seg i veg, det er mi erfaring.

Skaret liker altså å utforske motivet reising i bøkene sine. At han no går heilt inn i rolla som den unge reisande mannen han er så glad i å skrive om, er ikkje noko som kjem som ei overrasking.

– I desse dagar køyrer eg «nerigjøno lando», som det heiter på Bømlo, altså til sørlegare strok. Det er fint med litt varme også når ein bur i bil, avsluttar han.

Erlend Flornes Skaret køyrer «nerigjøno lando» for å skrive. Foto: Jo Sannem