Magasinett

Utskrift

Gategeografen

Skrive av Tora Hope .

Geograf og kunstnar Emma Arnold skal forske på gatekunst i Oslo.

Emma Arnold går seg vill for å blande gatekunst og geografi.

 

– Kva har gatekunst og graffiti med byutvikling å gjere?

Den rosa apekatten som slår fast at “Norway ends there” fann vi ved Hausmania. Spørsmålet vert hengande i lufta, og eg innser at eg snakkar med meg sjølv. Nokre meter unna sit geograf Emma Arnold på huk, med nasen tett opptil ein grøn søppelkasse.

Å gå seg vill
Vår vandring er planlaus, men ikkje mållaus. Psykogeografi kallar doktorgradsstipendiaten det, når ein legg i veg for å utforske, utan å planleggje eller følgje med på kvar ein går.

– Ah! I have heard about this. Look, it ́s the Tupacman!

Teikninga av ein pacman med eit tørkle rundt hovudet flirer mot oss. Snart finn vi endå fleire karikaturar av den avdøde artisten. Utan å vite det, har vi traska i spora etter ein framand med tusj og hjarte for Tu-pac.

Vi skal altså ”get lost”. Det er ein av metodane Emma bruker, når ho studerer gatekunst og graffiti.

Graffiti, gatekunst og gentrifisering
I doktorgradsprosjektet planlegg Emma å gjere ein psykogeografisk og fotografisk studie av graffiti og gatekunst i Oslo. Eit av temaa som opptek stipendiaten, er kva gatekunst kan fortelje om byutvikling.

Kvinna er laga av ein kunstnar som kallar seg C215. Den franske kunstnaren brukar stensilar til å lage kunsten sin, og han har satt sitt preg på byar som Barcelona, Amsterdam, London og Paris. I Oslo kan ein finne C215 sin signatur på både lovlege og mindre lovelge verk. (Same som paret nedst).– Når eit område går frå å ha mest graffiti til mest gatekunst, kan det vere ein indikator på gentrifisering. Kunstnarar er jo ofte blant dei første som flyttar til slike område, fortel ho.

Gentrifisering er når tidlegare arbeidarklassestrøk vert endra til bydelar for meir velståande grupper av folk. Ofte vil den opprinnelege befolkninga flytte, fordi bustadprisane aukar.

På Tøyen har stadig fleire kunstverk vakse fram på husveggane. Samstundes lover Tøyen-pakken renessanse. Nokre røyster fryktar prisauke vil tvinge folk med låg inntekt ut av området. Grafitti, gatekunst, gentrifisering?

Ulovleg kunst          
Vi rundar eit hjørne bak Blå og vert små i møte med ein drage i svart-kvitt, som snor seg mot veggen av betong. I den valdsame kjeften sit tre personar.

– Dette er gatekunst. Graffiti kan også vere ganske store bilete, men skilnaden er at det er bokstavar og namn i graffiti.

Emma er glad i gatekunsten. Ho kallar han egalitær. Ein må ikkje ha utdanning for å dekorere gater, og ein treng ikkje å betale eller å gå på galleri for å sjå kunsten.

Nokre hindringar er det likevel. Den svære dragen er i godt selskap med andre verk kring Hausmania, nokre ferdige, andre undervegs. Det tidkrevjande arbeidet hadde knapt vore mogleg om ikkje noko gatekunst hadde vore lovleg. Men mange av dei kjende gatekunstnarane som har signert lovlege verk har også lagt att mindre, ulovlege spor langs gata.

Katten er eit utsnitt frå eit større verk signert italienske Zed1, som ein kan sjå på Løkka.– Bør all gatekunst og graffiti vere lovleg?

– Eg er ikkje sikker. Det handlar meir om ulik grad av toleranse. I Oslo har det vore nulltoleranse, med nokre få område der toleransen er høgare. Straffane bør i alle fall vere lågare enn dei er, meiner Emma, og snakkar om 17-åringar som vert gjeldsslavar etter å ha tagga namnet sitt på ein husvegg.

Ho ser tydeleg nulltoleransen i Oslo. Her er mindre gatekunst enn i heimbyen Montreal.

– Folk treng rom der dei kan uttrykkje seg. Berre sjå kor mykje av byrommet som allereie er okkupert av kommersiell reklame. Tenk om meir av dette hadde vore dedikert til gatekunst.

Fakta: Emma Arnold

• Geograf, kunstnar, miljøfilosof og doktorgradsstipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi.
• Brukar mellom anna visuell metodologi i forskinga si.
• Har starta prosjektet “Geographies of Street Art”, der ho studerer tema som inkludering og ekskludering, deltaking, estetiske opplevingar i byrommet og dei anti-kapitalistiske filosofiane bak graffiti og gatekunst.

Les meir på http://i-ae.org/streeta

Dragen er laga av den britiske kunstnaren Phlegm, og held til på baksida av Blå.

 Når eit område går frå å ha mest	graffiti til mest gatekunst, kan det vere ein indikator på gentrifisering, ifølgje Emma Arnold.

Minnet etter 22. juli finn vi på Grünerløkka.

Graffiti kan også vere ganske store bilete, men skilnaden er at det er bokstavar og namn i graffiti.

Dei glisande regnbogane fann vi på Grünerløkka.