Magasinett

Utskrift

– Skriv ikkje for 15-åringar

Skrive av Andrea Nøttveit .

Hemmelegheita til Katarina von Bredow er at ho skriv det som det er, ho nyttar vaksne erfaringar i ungdomsromanar.

 

– Forelskinga eg skriv om i “Hur kär får man bli”, som heiter “Sinnsykt forelsket” på norsk, opplevde eg når eg var over 30 år med han eg er gift med no, avslører forfattaren.

Mange spør ungdomsbokforfattar Katarina von Bredow korleis ho kan hugse korleis det var å vere 15 år og forelska. Ho meiner at tenåringsforelskinga ikkje skil seg så mykje frå den litt vaksnare forelskinga.

– Ein er framleis like dum. Forelsking er som ein sjukdom, men når ein er eldre veit ein kanskje meir om korleis ein skal te seg.

Tidleg debutant
Det er ikkje mange 46-åringar som har smykka seg med forfattartittelen i nesten 30 år, det kan Katarina von Bredow. Som 17-åring gav ho ut si fyrste bok, Syskonkärlek, om eit syskenpar sitt kjærleiksforhold. Seinare har det vorte fleire bøker, ofte om ung kjærleik og dynamikken mellom unge.

– Eg får mange e-postar frå lesarar som seier at den fyrste boka er den beste eg har skrive. Det er nesten litt deprimerande. Boka hadde nok vorte litt annleis om eg hadde skrive ho i dag, det hadde jo vore skrekkeleg om eg ikkje hadde utvikla meg på desse åra. Men det den boka har, som ingen andre har, er at eg skreiv ho utan å tenkje på nokon lesar, det vert ein uhemma openheit, fortel von Bredow, som i ettertid meiner at bipersonane i debutromanen er heilt platte.

Ung brud
I tillegg til ein spanande karriere har den svenske forfattaren hatt eit privatliv litt utanom det vanlege. Allereie som 15-åring flytta ho saman med sin dåverande kjærast, som ho gifta seg med som 18-åring. Og det er den fyrste ektemannen ho kan takke for si fyrste bokutgjeving.

– Han maste seg til å få lese det eg skreiv. Så stengde han seg inne på arbeidsrommet med det. Tida gjekk, og han var der inne i fire timar. Eg tenkte at det er så dårleg at han ikkje vågar sei det ein gong. Etterpå sa han at det går jo ikkje ann å slutta å lesa før forteljinga tek slutt. Dette må du senda inn til eit forlag Katarina, forstår du ikkje det?

Slik vart det og den dagen Katarina forsto at det var forfattar ho skulle vere, det var ein fin dag.

Facebook-feedback
Ho minnast godt omgjevnadane og miljøet frå då ho var ung, noko ho nyttar i bøkene sine. I tillegg har ho til boka “Flyga högt” observert ein skuleklasse i ei veke. Ei anna kjelde til informasjon er sosiale medium.

– Rundt 700 av mine tusen vener er lesarar. Eg kan skrive på Facebook at no er Alicia veldig sint og fortvila, ho fer ut og høyrer på musikk, kva høyrer ho på? Så renn det inn med forslag, fortel Katarina.

– Då høyrer eg igjennom og finn den riktige. Eg har funne mykje musikk eg aldri hadde lytta til elles, fortel von Bredow, som presiserer at Alicia, som er ein karakter i “Du och jag”, den nyutgjevne fyrste boka i ein triologi, treng ikkje høyre på den same musikken som ho sjølv gjer.

– Men det hadde vore rart å la ho høyre på noko eg mislikte.

Kjenslene i bøkene kjem frå forfattaren sjølv, medan ho på Facebook gjerne får innspel til kva klede ein 12-åring som vil sjå eldre ut går i og kva ein kallar ein søt gut.

Engasjementet for karakterane er i høgste grad levande.

– Når eg spør folk kva som er viktigast av handling og karakterar svarar 75-80 prosent at handlinga er viktigast. Eg bryr meg mest om menneska, for om lesaren ikkje bryr seg om kva som skjer med personen betyr det heller ikkje noko kva som skjer med han, seier Bredow.

Nyleg fekk ho ikkje til å sove før ho hadde skrive Alicia ut av rotet ho har laga for seg sjølv.

– Når eg byrja med oppfølgjaren til “Du och jag” tykte eg det var vanskeleg å gå inn i ho, fordi eg var litt sint på ho. Ho er eigentleg ganske fæl med Andreas og trampar på han. Men no er eg ikkje sint på ho lenger, forsikrar forfattaren.

Ung og feig
Korleis var du sjølv som ung?

– Eg var feig, stille og forsiktig. Eg vart ikkje mobba, men eg tok heller ikkje plass. I ettertid angrar eg på at eg var feig og ikkje gjekk imellom når nokon vart mobba, samstundes gjer det at eg skjønar denne redsla. Eg var ein tilskodar, som gjekk heim og skreiv om det eg såg, fortel von Bredow, som meiner at tenåra er ein balansegang.

Ho trur den største skilnaden på hennar eigen og sine lesarar si ungdomstid er sosiale medium.

– Når eg gjekk heim var eg ferdig og hadde fri. No er ungdommane alltid logga på, og får ikkje den fritida.

Trass i at ho no står i dei vaksne sine rekkjer er det vorte sagt at ingen skriv like godt om det å vere ung som Katarina von Bredow. Hemmelegheita hennar er like enkel, som ho er vanskeleg.

– Eg skriv det sånn som det er, eg skriv ikkje for 15-åringar, fortel forfattaren.

LES OGSÅ: – Ganske likt norsk