Magasinett

Utskrift

Kvifor sluttar folk å leike når dei blir vaksne, ungar?

Skrive av Atle Berge .

Atle Berge på besøk på Valen skule i Kvinnherad. Foto: skulen

Inspirert av spalta «Det djupe alvoret» i Dag og Tid, held me fram med å stille dei mindre viktige spørsmåla om kva det er å vere menneske. Denne gongen med svar frå 4. klassingar frå barneskulane på Valen og Malmanger i Kvinnherad om kvifor vaksne ikkje leikar.

 

– Dei vaksne blir fort slitne og har alltid veldig vondt i ryggen. Dei orkar til dømes ikkje å hoppe på trampoline. Dessutan er dei veldig dårlege taparar. Og så er dei redde for at nokon skal kalle dei barnslege.

– Trur de at dei vaksne eigentleg har lyst til å leike?

– Ja, men dei har ikkje tid. Dei har så mange ting dei må ta seg av. Dei må sjå på TV og lese avisa og vere på Facebook. Og så er dei alltid opptatt med å kysse. Eller drikke kaffi.

– Kva leikar trur de dei vaksne ville leika dersom dei leika?

– Kaffileiken! Eller kvileleiken, kanskje? Mest sannsynleg ville dei nok helst leika gjømsel, og så ville dei gjømt seg så godt at ingen fann dei. Då kunne dei kvile middag, eller drikke kaffi.

– Er dei verkeleg alltid opptatt med å kvile og drikke kaffi?

– Ja, og å skrive på mobilen. Dei seier at dei skal kvile middag, men så ligg dei berre vaken på sofaen og ser på mobiltelefonen. Og når vi speler fotballkamp står alltid foreldra våre og sjekkar Facebook på sidelinja. Dei ser aldri på kampen.

– Dette høyrest verkeleg ikkje bra ut. Trur de verda ville vore ein betre stad dersom vaksne leika meir?

– JA! Då hadde dei vore opptatt med å leika i staden for å kriga og kjefta på kvarandre.

– Nettopp.

– Eller … Det kan jo vere dei berre hadde begynt å sloss om kven som skulle sitte på slengdissa? 

– Ja.

– Det gjer i alle fall vi.

– Men du … Det er ikkje sant at dei vaksne aldri leikar. Dei leiker berre med andre ting. Bilane sine for eksempel. Vi leikar med små bilar. Dei store leikar med store bilar.