Magasinett

Utskrift

Eit ønskje om einskap

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Guro Dobie Kveim og Aydin Moshtagh er bahaiar. – Det er ein religion som svarar på menneska sine moderne behov, meiner Aydin.

Bahaiar i Noreg kan feire jul. Men berre om andre vil at dei skal det.

 

Guro Dobie Kveim og Aydin Moshtagh er bahaiar. – Det er ein religion som svarar på menneska sine moderne behov, meiner Aydin.

– Det er midtpunktet i livet mitt. Eg forsøker å ta alle val ut ifrå Bahai-trua, seier Guro Dobie Kveim.

Guro valde å bli bahai for fem år sidan. Før det hadde ho vore kristen, men gudstrua var ikkje spesielt sterk. Det endra seg. I dag fortel ho at det ikkje er noko som gir henne så mykje glede og styrke i livet som nettopp trua. Guro er 22 år, kjem opphavleg frå Bergen, men bur no på Lillestrøm, og utdannar seg til å bli grunnskulelærar ved Høgskolen i Oslo og Akershus.  

Det gode i andre

Bahai er ein religion i vekst. Bahaiane framhevar einskap blant alle menneske, utjamning mellom fattig og rik og personleg refleksjon, som kjelde til samfunnsendringar.  

– Eg vart kjent med religionen gjennom systera mi, som igjen hadde lært om det av ei klasseveninne. Eg såg at religionen ville påverke meg på ein positiv måte. Til dømes har eg vorte flinkare til å sjå det gode i andre menneske. Du kan sjå for deg at det er eit barn som har mykje energi, noko som i seg sjølv er ein bra ting. Men så kan den eigenskapen nyttast til å utføre gale handlingar, som kriminalitet, forklarar Guro.

Også 21 år gamle Aydin Moshtagh frå Hvam er bahai. Ho er oppvaksen i ein familie med bahaiar, men seier det ikkje var nokon automatikk i at ho skulle halde fram i vaksen alder.

– 15 år blir rekna som alderen ein er moden i Bahai. Da kunngjer vi om vi vil halde fram, opplyser ho.  

Og kvifor valte du å halde fram?  

– Det er ein inkluderande religion, som passar alle uansett folkeslag, bakgrunn og utdanning. Eg ser verkeleg den einskapen det er snakk om. Sjølv om folk har ulike interesser, blir dei inkluderte i ein fellesskap som skal gjera verda betre.  

Innskotsfest

Det er snart jul. Bahaiane har ikkje julefeiring som del av sin religion, men står frie til å delta om familie eller vener inviterer.  

– Føremålet vårt er å skape einskap, så vi ville aldri gått imot vener og familie. Samfunnet legg opp til juleferie. All aktivitet stoppar opp, og då blir det nesten automatisk til at ein kjem saman med sine næraste, seier Guro.  

Aydin sin familie et middag på julaftan, men har ikkje gåver eller juletre. Bahaiane har dessutan sine eigne høgtidsdagar.

– I månadsskiftet februar/mars feirar vi Ayyám-i-Ha. Da kjem vi saman, et, spelar musikk og ber. Det er ei gledeshøgtid. Bahaiane har eit eige kalendersystem med 19 dagar i kvar månad og 19 månader i året. Det er innskotdagane som gjer at kalenderen vår blir tilsvarande den offisielle i Noreg, seier Aydin.  

Påskekort og naboskap

Bahai har så langt vore ein lite kjent religion i Noreg, og er den minste religionen i KRLE-faget på skulen. Jentene meiner meir folkeopplysning om Bahai er bra, men det må ha eit føremål.  

– Dersom kunnskap fører til handling, så er det bra. Kunnskap berre for at folk skal lagre kunnskapen i hjernen er ikkje så viktig. Men feilinformasjon vil vi jo ikkje ha, det kan føre til fordommar, påpeikar Guro.    

Aydin understrekar også at ein må ha eit type miljø der elevane ikkje blindt følgjer det som blir undervist. Eit sentralt element i Bahai-trua er at alle menneske sjølv må søke etter sanninga. Det er elles tilbod om aktivitetar for folk som er interesserte i å vite meir. Å jobbe på grasrotnivå er viktig for bahaiar, og mange plassar blir det skipa ungdomsgrupper, forklarar Aydin.

– Ungdom skal få moglegheita til å utvikle sine ibuande eigenskapar i sitt eige miljø. Eitt år var det ei gruppe som laga påskekort og delte ut til naboane fordi dei ikkje kjente kvarandre godt nok, fortel ho.  

Begge jentene har opplevd mykje positiv respons når dei fortel at dei er bahaiar.  

– Mange er interesserte og vil vite meir. Men vi prakkar ikkje trua vår på andre, seier Guro.  

Fråhald for fred

Jentene er overtydde om at religionen vil vekse i tida framover. Aydin meiner det heng mykje saman med at Bahai svarar på mange av menneska sine moderne behov. Ho peikar på likestilling mellom menn og kvinner, rett til utdanning og at folk skal søke sanninga sjølv.  

– Eg trur folk lengtar etter einskap blant menneska. Verda er trøytt av ord og treng handling, legg Guro til.  

Men det finst også visse avgrensingar i Bahai-trua. Til dømes skal ein ikkje drikke alkohol.

– Vi trur at menneske er edle vesen, og alkoholen bringer ikkje alltid fram det beste i oss, peikar Guro på.  

Aydin held fram at eit slikt påbod slett ikkje treng vera eit hinder for å delta i moderne samfunnsliv.  

– Å ikkje drikke, er ikkje synonymt med å ikkje gå ut og vera saman med venene sine. Det er personleg. Eg har vener som meiner slike miljø ikkje er bra for sinnet og held seg heilt borte. Andre dreg på festar utan å drikke sjølv, seier ho.

FAKTA:

Bahai er ein verdsreligion med 6 millionar medlemmar. I Noreg er  1173 menneske registrert som Bahai-truande (tal pr. mars 2013)

Bahai oppstod i 1844 i Iran. Religionen byggjer på læra til profeten Bahaullah, fødd i 1817 i Iran.

Bahai-samfunnet trur på Gud, at det finst berre ein gud, og at religionane er ulike uttrykk for denne eine guden.  

Bahai-samfunnet legg vekt på einskap blant menneska. Alle menneske er like mykje verdt, og verda bør styrast som eitt land, til føremon for alle.

Bahai-samfunnet meiner politiske endringar må skje gjennom åndelege prosessar hjå einskildmenneska. Døme på slike endringar er utjamning mellom fattig og rik, like rettar for kvinner og menn, universell lovgjevande forsamling og verdsdomstol.

Bahai har ikkje presteskap, men valde råd på lokalt, nasjonal og internasjonalt nivå.

Bahai har ikkje julehøgtid, men bahaiar kan delta om dei blir invitert. Bahai har andre høgtider, som til dømes Ayyám-i-Ha i månadsskiftet februar/mars. Kjelde:Bahai.no