Magasinett

Utskrift

– Ei kjensle av tilhøyrsle

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Jonathan Meir Jutrem Cohen er glad han er jøde. Han tek del i ein heilt unik fellesskap, meiner han.

Jødedomen gir Jonathan (17) både røter og venger. Og ein tanke frustrasjon over at så mange veit så lite om religionen hans.  

 

 

– Ei gudsteneste krev at det er minst ti menn til stades. Så om dei treng meg, stiller eg opp, men eg går vanlegvis ikkje i synagoga, seier Jonathan Meir Jutrem Cohen.  

Jødedomen er viktig for han. Men først og fremst kulturen og fellesskapen.  Det religiøse aspektet har mindre plass.

– Eg er ikkje så veldig truande, og eg ber ikkje, vedgår Jonathan.

Reglar heime, fridom ute 
Men den unge jøden har, tradisjonen tru, hatt Bar mitzva. Bar mitzva er eit ritual som markerer overgangen frå barn til vaksen når det gjeld religiøse plikter. Han var veldig nøgd med det.  

– Eg måtte lære å lesa hebraisk på nytt, sidan vi skulle lesa eit utdrag frå Toraen. Det var veldig moro. Elles var det ein hyggjeleg fest med familie og vener, fortel han.  

Jonathan, som også har jødiske foreldre, er godt kjent med levereglane som følgjer kulturen hans. Kosher er reglane som handlar om mat. Han forklarar at det er forbod mot å eta svin og skaldyr. Dyr skal vidare bli slakta på ein spesiell måte, og ein skal ikkje blande kjøtt og mjølk. Jødar kan ikkje eta alle slags ostar, fordi løype blir sett på som nettopp ei blanding av kjøtt og mjølk. Når alt dette er sagt, kjenner han stor personleg fridom i å etterleva krava.  

– Vi følgjer reglane heime, men det er ikkje alltid eg lever opp til dei når eg er ute. Eg forsøker å ikkje eta svin, og å ikkje blande kjøtt og mjølk, presiserer han.  

Mangel på kunnskap
Familien til Jonathan feirar ikkje jul. Jesus har ingen plass i jødedomen, og den jødiske tradisjonen anerkjenner ikkje Jesus som Messias. Jonathan har vage minne om juletrepynting hjå bestefar på Jevnaker da han var liten, men det er det heile. I år går juleferien til Israel, der dei har slektningar. Andre gonger har han berre vore heime og sett på tv på julaftan, utan å tenkje større over det.  Men han har ingenting imot at majoritetsreligionen pregar høgtida og bybiletet.  

 – Neida, det er jo kjempestemning i byen, det likar eg.    

Jonathan er ikkje imponert over kunnskapsnivået om jødedom i Noreg.

 – Eg får så mange dumme kommentarar. «Et du jødebrød? Kan du israelsk?» Men eg skuldar det mest på skulen som ikkje har betre opplæring. Og når folk spør, får eg iallfall høve til å forklare. Det gjer eg gjerne, understrekar 17-åringen, som er elev ved Oslo Handelsgymnas.  

Folk må få vite
Frå tid til annan rasar det debattar om Israel i Noreg. Da forsøker Jonathan å ta ei opplysande rolle.  

– Det hender det blir mykje snakk på skulen, og da kjenner eg det er min jobb å informere folk ordentleg. Eg prøvar å vera så lite partisk som muleg, og seier ikkje Israel er best, presiserer han.  

 – Men skal det eigentleg vera norske jødar si oppgåve? 
– Det burde ikkje vera slik. Jødiske ungdomar i Noreg skal ikkje bli stilt til ansvar for israelsk utanrikspolitikk.  Men det går mykje rart rundt i media, så da må vi forklare litt. Mange av venene mine orkar ikkje, men eg meiner ein må opplyse og seia ifrå.  

Jonathan meiner KRLE-faget er for snevert når det gjeld å lære ungdom kva jødedomen eigentleg dreiar seg om.

– Det er veldig bra at holocaust blir teke opp, men ein burde gå mykje lenger bakover i historia. Det tek ikkje så lang tid å lære, likevel veit folk nesten ingenting om bakgrunnen vår, sukkar Jonathan.  

Barneombodet bommar
Fellesskapen mellom unge jødar i Noreg er sterk. Jonathan har delteke på ei rekkje kurs og leiarar, og har etter kvart sjølv vorte kursleiar.

 – Eg er veldig glad eg er jøde. Kvar gong eg er på leirar og seminar, tenkjer eg at venene mine frå skulen som ikkje har noko slikt opplegg i livet sitt, må ha det så kjedeleg. Vi har eit samhald som er heilt spesielt, forklarar han.  

Jonathan har ikkje sjølv merka noko til antisemittisme, men synes av og til det kjem utspel som vitnar om liten innsikt. Til dømes at det norske barneombodet nyleg har teke til orde for å forby omskjering av gutar, fram til dei sjølve kan ta avgjerda. Jonathan er lite begeistra for framlegget.

– Det er heilt på trynet å lage ein slik regel. Folk har rett til å praktisere religionen sin, konstaterer han.

Jonathan forklarar at det blir lagt stor vekt på at ting skal gå trygt for seg. Det er ein spesielt utdanna rabbinar frå England som utfører inngrepet og det er alltid lege til stades. Omskjeringa skjer vanlegvis når spedbarnet er åtte dagar gammalt.  

– Staten burde heller bidra til enda tryggare rammar rundt hendinga. Omskjering gir ei kjensle av tilhøyrsle om det blir gjort når det skal, seier den unge jøden. 

FAKTA:

Det finst om lag 11 millionar jødar i verda, spreidd over alle verdsdelar. Eksakt tal er vanskeleg å vite på grunn av både religiøse, kulturelle og etniske definisjonar av det å vera jøde.  

Noreg har to mosaiske trussamfunn, i Trondheim og i Oslo. Desse har i underkant av tusen medlemmar til saman.

I alt er det mellom 1300 og 1500 jødar i Noreg.

Jødedommen går meir enn tre tusen år tilbake i tid. Abraham blir rekna som stamfaren.

Ifølgje jødedommen finst det berre ein Gud. Det blir teke avstand frå tanken om ein treeining Gud.  

Grunnlaget for jødisk tru er den hebraiske bibelen, Tanakh. Den viktigaste delen er Toraen (Mosebøkene i det gamle testamentet) som Moses skal ha skrive ned etter ei openberring frå Gud.

Jødane deler førestillinga om å høyre til eit bestemt folk , Am Israel (Israelfolket). Dei går også ut ifrå at det er inngått ei pakt mellom det jødiske foket og Gud.  

Det er svært viktig å halde Sabath, kviledagen, heilag. Andre jødiske høgtider gjennom året er Chanukka, Yom Kippur og Pesach. Kjelde: Det mosaiske trossamfund i Oslo/www.dmt.oslo.no,  Store norske leksikon/snl.no