Magasinett

Utskrift

DJ-draumen

Skrive av Marit Lajord .

DJ Gartez(Stian Rød Garte) i lag med LidoLido på VG-lista. Foto: privat
Stian Rød Garte (17) alias DJ Gartez vann konkurranse med ein remix av LidoLido. Han drøymer om å leve av musikken.

 

– Skal ein nå toppen må ein satse alt. For min del må eg fylle 18, for å få jobbe på nattklubbar. Men eg gjer så godt eg kan og flyttar snart til Trondheim der eg har ein del kontaktar. Å kunne leve av musikk er draumen min, forklarar Stian Rød Garte (17) frå Surnadal.

I fjor sumar remixa han LidoLido-låta «Heartbreak in the club»i samband med ein konkurranse i regi av Pepsi Max Norge. Vinnar-remixen gav mellom anna speleoppdrag på VG-lista topp 20 og singelkontrakt hjå Universal Music.

– Eg sende inn remixen, vart ein av dei 10 finalistane og fekk så beskjed om at juryen likte min versjon aller best. Så gjorde eg remixen ferdig saman med LidoLido, forklarer Stian. Han legg til at juryen særleg hadde vektlagt at oppbygginga var god frå start til slutt.

Stian Rød Garte går på Surnadal VGS, men snart flyttar han til Trondheim for å leve ut musikk-draumen. Nattklubbar og juleball
– Å lage remixar handlar om å vera så tidleg ute som mogeleg, å fange opp nye låtar. Plutselig kan dei verte hypa, seier Stian. Sjølv lagar han ny musikk heile tida.

Men dei siste åra har han også hatt mange DJ-oppdrag heime i Surnadal.
– Å vera DJ her er annleis enn på nattklubbar i større byar. Det går meir i listepop.
– Men det handlar om å spele ting alle likar og gjerne nye songar, avsluttar DJ Gartez. Som også har delt 10 personlege fest-favorittar med lesarane.

10 låtar til festen

1. Animals – Martin Garrix

2. Bonski – Broiler
3. Ville Volta – Mikkel Christiansen

4. Bengal tiger – Broiler

5. After bank 2013 – Martin Tungevaag

6. Piccadilly Circus – Mikkel Christiansen

7. Beautiful Girls – Broiler

8. I dare you – Savoy

9. Hysteria - Mikkel Christiansen

10. Colors - Broiler