Magasinett

Utskrift

Hest gjev meistringskjensle

Skrive av Marit Lajord .

Frå sprangsstemne i Trollheimshallen. Foto: privat
Eit godt miljø og kanskje ein klem. Solvår Halset har drive med hest frå ho var åtte år og har vore med å reise ein interkommunal ridehall i Surnadal.



– Har eg ein dårleg dag er det alltid godt å ta ein ride- eller køyretur. Det er rein terapi. No har hesten min Svarta vore bortlånt ei stund, og fyrste morgonen eg kom ut i stallen la ho mulen mot kjaken min – gav meg ein klem. Slike augneblinkar set eg høgt, fortel Solvår Halset. Eigar av dølahesten Svarta, og aktiv i Trollheimen ride og kjørelag.

– Dølahesten er kan nyttast til alt – tømmerkøyring, dressur eller sprang. Den er trygg, solid og har eit kaldt hovud.

Sjølv har ho drive med hest frå ho var åtte, men legg til at hest er ein aktivitet ein kan byrje med når som helst.

– På kursa hjå oss i klubben, er deltakarane 10 til 50 år. Men det er same kor gamal du er og det er aldri for seint.

Sunn sport
Med hest frå ung alder vart Solvår vand med å sjå til hesten før skulen om morgonen, møkke, fôre og trene. Ho peikar på ansvars- og meistringskjensla det gjev å drive med hest.

– Å ha hest er ei stor ansvarsoppgåve, ein vert knytt til hesten og ynskjer at den skal ha det bra. Eg ser stadig meistringskjensla det gjev små jenter å styre eit dyr på 5-600 kilo, berre ved små rørsler. Slik er det å drive med hest ein sunn sport. 

Solvår legg også vekt på det sosiale ved livet med hest.

– Vi i klubben deler erfaringar, og om ein berre skal ut på tur er det fint å dele opplevinga med fleire. Når ein rir på tur i saman kan ein hjelpe kvarandre og rette opp eventuelle feil.

Lågterskeltilbod
– Å byrje med hest har ein hard oppstart. For det er eit stort skritt å skaffe seg hest – ein må skaffe stallplass, fôr og utstyr. Og ein får mykje arbeid, meir arbeid enn folk trur, forklarar Solvår.

Solvår Halset har vore med å realisere Trollheimen Ridehall, som gjev høve til trening og stemne heile året.Nett derfor er ho og resten av Trollheimen ride og kjørelag, opptekne av å skape eit lågterskeltilbod med hest. Dei køyrer mellom anna kjerringtrening, som er populært hjå mødrene til ”hestejentene”. Og dei er opptekne av at det å konkurrere ikkje treng vera skummelt.

– Startar ein med distriktsstevne på heimebane, kjenner ein at det ikkje er verre enn ei vanleg trening. 

Hallen
For å utvide tilbodet har Trollheimen ride og kjørelag reist ein stor ridehall i Surnadal, som er interkommunal ved støtte også frå kommunane Rindal og Halsa. 

Etter planlegging heilt sidan 2007 og med ein prislapp på over fem millionar, vart hallen opna i april i fjor.

– Vi kjente lenge på det at vi måtte ha ein hall, for tidligare var vi som er aktive saman med hest kvar helg frå mai til oktober. No kan vi ha treningar, kurs og aktivitetar også om vinteren. Etter at hallen kom har eg sett mange nye andlet, så den har vore veldig bra for rekrutteringa, seier Solvår.


Tryggleik
Sjølv om Solvår oppmodar andre til å ta del i hestesportens gleder, peikar ho på at ein må ha nokre kunnskapar før ein kjøper hest. Det kan ein mellom anna få gjennom kurs og det å ha hest på fôr.

– Ein hest på 5-600 kilo kan vera farleg om den vert handtert feil, og rett handtering lærer ein best i trygge omgjevnadar.

Ho har også tips til dei som er på veg til å kjøpe hest.

– Mange gjer den feilen at dei kjøper ein billeg, avdanka travhest. Då kaldblodstravarar er trena til å springe fort er det same korleis ein held, dei spring for å vinne. Men mange eldre hestar kan vera bra, som nybyrjar er det viktig å kjøpe ein trygg og sikker hest. Så er det lurt å søkje råd og tips i miljøet, forklarar ho. Og peikar på at god kommunikasjon er like viktig som rase og alder.

– Kommunikasjonen må vera så god at ein stolar på kvarandre. Akkurat som med folk kan det skje at ryttar og hest rett og slett ikkje går overeins, avsluttar ho.

Solvår køyrer med dølahesten Svarta og sonen hennar. Foto: privat