Magasinett

Utskrift

Ein rar gamal tekst

Skrive av Tora Hope .

Det berømte måleriet «Eidsvold 1814» vart måla av Oscar Wergeland 70 år etter grunnlovsforsamlinga. Kjelde: Stortingsarkivet

Grunnlova er full av hokus-pokus filiokus, ifølgje jussprofessor. Denne veka starta feiringa av grunnlovsjubileet.

 

§1 Kongeriget Norge er et frit, selvstændigt, udeleligt og uafhændeligt Rige. Dets Regjeringsform er indskrænket og arvelig monarkisk.

17. mai 1814 kunne 112 menn endeleg la stemmebanda kvile. Etter heftige diskusjonar hadde Noreg fått si grunnlov. I Noreg har vi endra Grunnlova mange fleire gongar enn til dømes danskane og amerikanarane. Denne veka vert feiringa av 200-års-jubileet for Grunnlova sparka i gong med konsertar og konferanse. Kor mykje har endra seg sidan Eidsvoll-mennene signerte teksten i 1814?

Nær 300 endringar på 200 år
Grunnlova krev at endringar vert føreslegne av eitt storting og vedteke av det neste, og at dei må ha to tredjedels fleirtal for å kunne verte vedtekne. I snitt har Stortinget gjort meir enn éi endring i året dei siste 200 åra. 287 formelle vedtak om grunnlovsendring er gjort og kring tre av fire paragrafar er endra éin eller fleire gongar.

Til samanlikning er den islandske grunnlova berre endra sju gongar, medan danskane ikkje har endra si ein einaste gong. Desse er riktig nok mykje yngre enn den norske grunnlova, men også amerikanarane har gjort langt færre endringar i si. Sidan den amerikanske grunnlova kom til i 1787 har den berre vorte endra 27 gongar.

Dei 287 endringane i Grunnlova er likevel berre talet på dei formelle forandringane. Anine Kierulf er stipendiat ved Institutt for offentleg rett, Universitetet i Oslo. Ho fortel at Grunnlova har endra seg både meir og mindre formelt sidan fødselen i 1814.

Anine Kierulf er stipendiat ved Institutt for offentleg rett ved UiO. Ho har tidlegare vore rådgjevar for Europarådet, dommarfullmektig ved Ringerike tingrett og senioradvokat i Schjødt. Foto: UiO– I praksis har Grunnlova vorte endra på mange andre måtar, nokre gongar gjennom veldig omfattande uformelle endringar, som først seinare har blitt gjort formelle. Det mest nærliggjande dømet er overgangen frå eit monarkisk til eit parlamentarisk system på slutten av 1900-talet. Heilt fram til 2007 slo Grunnlova fast at Kongen skulle velje sitt råd, altså regjeringa. Sidan 1884 har det i effekt likevel vore Stortinget som vel regjering, sidan regjeringa må ha fleirtal i Stortinget, seier Kierulf.                 

Ifølgje stipendiaten er Grunnlova både er eit strengt dokument og samstundes ikkje.

– Grunnlova konstituerer og avgrensar staten på same tid. Den trekker opp nokre grenser for staten og desse har ikkje vore endra så veldig mykje. Døme er full ytringsfridom og forbodet mot tilbakeverkande lover. Reglane som gjeld korleis staten skal operere er dei som har vorte endra mest, slik som overgangen til parlamentarisme og frå union til ikkje-union i 1905. Desse er også begge døme på at den reelle endringa skjer først, og den formelle etterpå. Grunnlova er altså både eit rigid og strengt dokument, og samstundes ei pragmatisk ordning, forklarar Kierulf.

Jesuittforbod til 1956
Av dei mangfaldige endringane i Grunnlova er nokre meir kontroversielle enn andre. Blant dei mest omdiskuterte er jødeparagrafen, som forbaud jødar, munkar og jesuittar tilgjenge til riket. Den var nedfelt i Grunnlovas andre paragraf, og vart ståande i sin heilskap til 1851. Då fekk jødar tilgjenge til riket, med unntak av ein periode under andre verdskrig, då Vidkun Quisling og Nasjonal Samling innførte paragrafen på ny.

– Då Grunnlova vart laga var det ikkje spesielt konservativt at jødar ikkje hadde tilgjenge til riket. Likevel, mange meinte at paragrafen var ein skamplett, og særleg etter nokre tiår vaks motstanden mot jødeparagrafen, fortel Kierulf.

– Paragrafen var veldig rar. I utgangspunktet var meininga å gi full religionsfridom, men samstundes gjorde den unntak for jødar, jesuittar og munkar. Medan jødedelen vart fjerna i 1851, vart dei stakkar jesuittane nekta tilgjenge heilt til 1956. Dette til tross for den endra menneskerettsforståinga etter andre verdskrig. Det er ingen god grunn for at det skjedde så seint, det var såpass kontroversielt at det måtte gå nokre rundar, seier ho.

Antikvariske paragrafar
Trass i alle endringane er det få som påstår at Grunnlova er fullstendig modernisert. Fleire etterlevningar heng att frå 1814.

I ein kronikk i Klassekampen skriv jussprofessor Fredrik Sejerstad at teksten har stor symbolkraft. Både fordi den er gamal, fordi Noreg stod opp att som nasjonalstat med Grunnlova, og fordi teksten er «full av hokus pokus filiokus». Kierulf er einig i at det er fleire paragrafar som kan verke rare i vår tid.

– I Grunnlova ser det til dømes ut som Kongen har ein ganske prominent plass i norsk statsforvalting. Det er ei forvirrande framstilling. Sjølv om Kongen framleis formelt leier statsrådsmøta, er det jo ikkje snakk om noko reell makt, seier Kierulf.

I § 8 heiter det at ”Ingen Grevskaber, Baronier, Stamhuse og Fideikommisser, maa for Eftertiden oprettes.”

– Tanken om at privilegium ikkje skal gå i arv, som den før gjorde for adelen, er god, men paragrafen ser veldig rar ut i vår tid.

Ifølgje jussprofessor Fredrik Sejerstad høyrest Grunnlova ut som ein religiøs liturgi når den vert lesen høgt. Framleis heiter den “Kongeriget Norges Grundlov” og framleis må grunnlovsparagrafane formulerast i konservativt sakprosaspråk frå slutten av 1800-talet.

– Språket kan vere vanskeleg, også for juristar. Ein kan kalle det grunnlovskonservatisme, det har vore eit mål om halde på Grunnlova frå 1814. Målet har vore å endre når det trengs, men ikkje meir enn naudsynt. Dermed har ikkje språket vore modernisert sidan 1903, seier Kierulf.

I alle høve kan jubileumsåret også bli det året der Grunnlova får ny språkdrakt, på moderne bokmål og nynorsk. I fjor var nemleg eit samla Storting einige i at språket i dei 112 paragrafane skal verte forståeleg.

QUIZ: Kva veit du om grunnlova vår?

Vil fjerne kongen og la 16-åringar stemme
Vanlegvis vert det lagt fram kring 20 endringsforslag etter ein stortingsperiode. Mot slutten av førre periode vart heile 42 forslag til endring fremja.

Får Venstre-leiar Trine Skei Grande det som ho vil, vert det stemmerett for 16-åringar. Og får Hallgeir Langeland (SV) det som han vil, vert det mellom anna forbod mot atomvåpen og grunnlovsfesting av lokalt sjølvstyre. (SV-representanten sitt namn går att i tjue av forslaga og han vert ifølgje seg sjølv kalla grunnlovskongen, på grunn av sine iver etter å endre Grunnlova.)

Kanskje er det merksemda kring jubileumsåret som har fått fart på forslaga. Kierulf meiner i alle høve at forslaga som handlar om å grunnlovsfeste menneskerettar er dei mest omfattande.

– Desse forslaga er blant dei mest revolusjonerande i historia. Eit av forslaga handlar om å endre Grunnlova slik at dersom noko er straffbart under folkerettslige avtalar, så er det også straffbart under Grunnlova. Det er ikkje sikkert dette er urimeleg, men mange meiner at vi har for lite styring over Folkeretten og at det difor er problematisk å knyte Grunnlova til ein slik standard, seier ho.

Kierulf meiner likevel at det er eit anna forslag som er vel så kontroversielt.

– Det er forslaget som går på å endre forbodet mot lover med tilbakeverkande kraft. Dette kan aktualisere ei grense i § 112, som seier at ein ikkje kan endre Grunnlova på ein måte som undergrev ånda og prinsippet til den. Ein kan spørje seg for om å opne for lover med tilbakeverkande kraft kan vere så sentralt at det aktualiserer dette spørsmålet. Det vil nok juristar ha mykje moro med å diskutere, seier Kierulf.

FAKTA:

Grunnlova

Noreg har ein av dei eldste grunnlovene i verda. Republikken San Marino si grunnlov frå år 1600 er verdas eldste, medan den amerikanske grunnlova er frå 1787. Finland fekk først grunnlov i 2000, medan nokre land, som Storbritannia og Nepal, ikkje har grunnlov.