Magasinett

Utskrift

– Gløymer at det er eg som har skrive det

Skrive av Andrea Nøttveit .

Astrid Luisa Niebuhr med hovudrolleinnehavar Stian Økland, her kledd som Simen. Foto: Magnus Skrede/ Bergen Nasjonale Opera

Ho trudde ikkje ho kunne skrive morosamt. No sit Astrid Luisa Niebuhr (19) og har latterkrampe på øvingane til sin første opera.

 

Det er ikkje alle elevar på vidaregåande som får høve til å skrive ein libretto – teksten til ein opera. For to år sidan fekk Astrid Luisa Niebuhr spørsmål om nettopp dette. Ho skulle skrive ein morosam opera. Oppdraget kom frå Bergen Nasjonale Opera, som ein del av talentprogrammet Unge stemmer.

Ho hadde ikkje noko erfaring med opera frå før.  Ho var ikkje eingong sikker på om ho kunne skrive morosamt, men det høyrdes spanande ut. Eitt år seinare var førsteutkastet klart.

Fredag 17. januar er det verdspremiere på ungdomsoperaen Alt om min familie i Fana kulturhus.

Rebellen Simen
I stykket møter me familien Matsen, ein familie med perfekt fasade. Borna lyttar til klassisk musikk og ryddar romma sine utan protestar, men så kjem ein rebelsk fosterson inn i familien. Karakteren Simenvar den første karakteren Astrid såg i kostyme, òg ho er svært nøgd. I tillegg er ho litt overarbeida.

– Eg jobbar heile dagen, men eg likar det eg jobbar med.

Det har vore travelt å skrive ein opera i tillegg til å fullføre vidaregåande, men kanskje enda travlare i tillegg til full jobb i kafé, som ho har gjort den siste tida.

Astrid Niebuhr debuterte som Fantasy-forfattar allereie som 16-åring. Foto: Panthera PublishingMeir musikk
Den unge librettodebutanten fekk god hjelp av regissør Pernille Elimar, til å finne ut kva som let seg gjere på ei scene og ikkje.

– Eg er van med å skrive bøker og då forklarar ein alt med ord. Eg måtte kutte ned mykje og la skodespelet og musikken forklare meir, seier Astrid, som debuterte som Fantasy-forfattar allereie som 16-åring.

Det er andre utfordringar som møter ho når stykket inneheld musikk, som mellom anna er skriven av Karianne Jæger og Atle Halstensen. I tillegg bidreg Sondre Lerche med nokre av låtane.  

Ho kan meir om opera no enn for to år sidan. Det har ein lærerik prosess der ho har fått med seg litt operahistorie og mykje om prosessen med å lage opera. Frå idé til skriveprosess og der det kjem tonar inn i lydbiletet.

Festspillaktuell
Ho tykkjer det er stas å sjå og høyre prøvane til ungdomsoperaen. Men sjølv om operaen no er ute av Astrid sine hender, og alt ho skal gjere er å sjå prøvar og vere spent på premieren, ligg ho ikkje på latsida.

Akkurat no held 19-åringen på med den fjerde og siste Fantasy-romanen i Fabula-serien. Han skal berre rettast ferdig, før han er klar til å sendast til ungdomsforlaget Panthera.

I tillegg var ho på slutten av førre året med å skrive ein del av førestillinga Stemmer, som skal opne årets festspill i Bergen. Eit meir alvorleg stykke i samband med grunnlovsjubileet.

LES OGSÅ: 21 år og forlagssjef

Trygt alvor
Òg Astrid kjenner seg litt meir trygg på dei alvorlege tekstane. Ho har skrive eventyrliknande noveller og krigshistorier sidan ho gjekk i tredje eller fjerde klasse på Steinerskulen. Ein skule ho trur kan ha bidrege til at ho oppdaga skrivinga så tidleg. Men privat eller offentleg skule. Ho hadde skrive.

Astrid var usikker på om førsteutkastet var morosamt nok. Men tvilen vart borte når karakterane fekk liv gjennom skodespelarane.

– Eg har latterkrampe og gløymer heilt at det er eg som har skrive det, fortel forfattaren, som no er spent før premieren.

Vegen vestover
Men det er langt frå det einaste spanande som ventar Astrid framover. Til hausten vil ho studere litteratur i Storbritannia. Ho har allereie fått svar frå to universitet, men ventar framleis på førstevalet. Kanskje får ho flytte til Norwich og gå på University of East Anglia.

Kanskje vert det snart meir tid til å lese klassisk litteratur, slik at ho er budd til studiane. Først på lista står Shakespeare. Ei spanande tid og gode historier. Ikkje akkurat Fantasy.

Men sjølv om engelsk har eit større publikum, trur ikkje Astrid at ho byrjar å gje ut engelsk litteratur med første.

– Eg er veldig glad i norsk. Det er det som er mitt språk, seier Astrid, som føler at ho ikkje kjenner engelsk godt nok til å la fantasien få plass på papiret i den språkdrakta.