Magasinett

Utskrift

Menneskekroppen er det vi er

Skrive av Marit Lajord .

Inga Dalsegg har fokus på menneskekroppen i sitt virke som biletkunstnar.
Biletkunstnar Inga Dalsegg har aldri vurdert noko anna enn kunsten. Men veit det krev meir enn talent, måling, penslar og palett.

 

– Kvifor gjer eg dette, hender det eg spør meg sjølv. Men i alle fall frå 13-14-årsalderen har eg aldri vurdert noko anna enn å verte kunstnar. Eg har alltid teikna og måla, inkludert på prøve og i kladdebøker, fortel Inga Dalsegg.

Vi møter henne heime i Rindal på Nordmøre, i eit gult hus som både er heim og atelier. Med lerret, palett og dei mange måleria hennar av menneskekroppen på veggane.

Penslar, måling og palett - detalj frå atelieret. For Inga har alltid jobba med menneska – brukt menneskekroppen.

– Der ligg kjenslene i livet vårt, det vi opplever og føler. Sorg, angst og depresjon, men også kjærleik, forelsking og lidenskap. Det er det vi er, forklarar ho.

Måleria av menneskekroppen har hange på utstillingar i mellom anna New York, Brüssel, London og Rindal, gjeve store bestillingsoppdrag og nasjonal åtgaum, og gjort at Inga har levd som kunstnar på heiltid i ti år.

Inspirasjonen
Spesielt likar ho å arbeide med hender – eldre arbeidsnevar eller små barnehender.

– Hendene våre fortel mykje om måten vi brukar kroppen på, dei seier mykje om livet. Det er dei vi klappar og stryk med - tek på folk vi er glade i med.

Inga nyttar oljemåling på lerret og papyrus, lagar pastellar og litografi. Inspirasjon finn ho også hjå andre kunstnarar.

– Eg vert aldri ferdig med Gustav Vigeland, med måten han skildrar livssyklusen og alle epokane på.

Vande bygdefolk
Sjølv med utstillingar i heile Noreg og i utlandet, har Inga vald å leve kunstnarlivet i Rindal, ei kommune med vel 2000 innbyggjarar.

– Det er sjølvsagt billigare å bu her, og med internett vert ikkje lang avstand til byen. Det går til og med an å leve utan bil her.

Inga sparkar til alt, her til julefering. Foto: privatMen Inga skil seg ut i bygdemiljøet – raud leppestift, arbeider i hagen med høghela sko, og nyttar sykkel eller spark i all slags vêr og med alle slags antrekk. Ein nyttårsaftan reiste ho til dømes 1,5 mil på spark ikledd penkjole og tiara.

– Folk har nok vendt seg til meg, tenkjer ”jaja ho Inga berre er sånn”. Dei ser på meg som ein artig fargeklatt og eit koseleg tilskot. Men no har eg heller aldri brydd meg om kva andre folk synes.

I 2013 vart ho også kåra til Årets Driva-namn av avisas lesarar, og juryen peika mellom anna på at ”Inga har fått stor oppmerksomhet rundt bildene sine, gresskarkunsten og ikke minst som en person som tør å være seg sjølv”

Samstundes har kunstnarlivet på bygda sine utfordringar, som at det kan vera langt å reise for å treffe andre kunstnarar. Og avstanden til eit kunstmiljø kan kjennast tung.

– Men eg får trass alt reise og oppleve mykje rundt om kring, og treffe mykje forskjellige folk. Og det kan vera like fint å ha utstilling i små kunstforeiningar som i ein storby.

Kostnaden
I likskap med mange andre kunstnarar har Inga fått oppleve det usikre ved kunstnarlivet – uvissa om kor mange og når sala kjem, og om ho har råd til å reise på ferie. Oppturar som eit bestillingsverk på 60 kvadratmeter til eit lokalt lagerbygg og trygga det gjev. Nedturar med periode med lite bestillingar og kjensla som sit i magen då. Men for henne handlar det om prioritering.

– For meg har det aldri vore viktig å ha eit stort, fint hus eller hytte, kjøpe meg statusting eller ha mogelegheit til å reise til syden kvart år. For meg er luksusen det er å glede seg til å gå på jobb kvar dag, mykje viktigare.

Einsemda er ein annan kostnad.

– Eg går jo berre opp på loftet om morgonen, og det kan gå fleire dagar sidan mellom kvar gong eg ser folk.

Streng sjef
Prioriteringane i livet handlar om meir enn det materielle. Det handlar også om å eige tid. Inga peikar på det å vera ein streng sjef, som noko av nøkkelen til å lukkast som kunstnar.

– Eg har gjeve meg sjølv strenge reglar, for det er mange tidstjuvar. Så TV på dagtid er berre lov om eg er skikkelig sjuk. Internett får eg ikkje lov til å slå opp på om morgonen, ikkje fem minutt ein gong. Det får eg først lov til i lunsjen, då er det også lettare sidan eg alt er i gong. Eg har heller ikkje facebook og e-post på mobilen.

Det å nytte tid på papirarbeidet og lære seg PR, er andre element ho meiner er lurt om ein vil lukkast som kunstnar.

– Ein er nøgd til å lære seg korleis ein kan drive firma. Ein må lære seg søknadsskriving og ha orden i regnskapet.

PR har ho lært seg på eige hand, mellom anna ved å jobbe mykje med heimeside og på sosiale medium.

– Nokre føler nok at har dei talent så treng dei ikkje jobbe, men slik er det ikkje. Ingenting kjem av seg sjølv. Det hjelper ikkje lage fine bilete om ingen veit om dei.

– Då eg selde eit måleri på papyrus før det var ferdig tørka, så fekk det meg til å tenkje litt, avsluttar ho.

Inga i atelieret, med eit av hennar mange måleri av hender til venstre.