Magasinett

Utskrift

Stålkvinna

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Foto: Fotograf Nordtveit

Den sterkaste kvinna i verda har stål i blikket.  Hildeborg Juvet Hugdal (30) legg ikkje skjul på at ein må vere litt sta for å nå måla sine.

Hildeborg er toppidrettsutøvar, mor og lærar. Med lærarjobb på Vaulen skole i Stavanger, ein aktiv gut på snart tre år i hus og ein streng treningsplan krev kvardagen god planlegging.

– Eg er god på planlegging, og god på lister. Det handlar om system, om å lage middagen klar kvelden før, om å gjere alt klart til neste dag, det skal lite til før det går ut over ei treningsøkt, seier Hildeborg.

Sambuaren Loyd er også styrkeløftar på eit lågare nivå enn Hildeborg, han jobbar nesten berre kveldsvakter, og familienettverket i Stavanger er ikkje så stort at barnevaktene står i kø. Dermed blir det kamp mot klokka for å få tid til verdifulle treningsøkter. I praksis betyr det at Hildeborg gjerne møter opp på jobb i treningsklede, og at minutta mellom jobb og trening er verdifulle.

– Som regel klarer eg å presse inn ei treningsøkt før eg hentar i barnehagen, og då har eg ingenting å gå på. Det kan vere nok at nokon stoppar meg i gangen for å prate når eg er veg ut. Dermed kan heile økta bli øydelagt.

– Det er nesten skummelt å tenkje på, men slik er det, slår verdsmeisteren fast.

Ho er verdsmeister i styrkeløft, både i junior – og seniorklasse. I tillegg til 10 NM-gull og tre EM-gull. Under VM på heimebane i Stavanger i november slo ho sin eigen verdsrekord i benkpress. Der løfta ho svimlande 218 kilo.

– Det er viktig å stadig setje seg nye mål. Det krev meir å setje nye personlege rekordar no enn det gjorde i byrjinga. No er 2,5 kilo mykje å auke med, på dette nivået må ein ta små steg for å kome vidare.

– Kva er målet?

– Hehe, målet? Tja, eg har jo lyst til å sjå 700 kilo som samla tal under eit stemne, seier ho og ler.  – Det må vere lov å seie det.

Foto: Fotograf NordtveitTil no er rekorden på det Hildeborg har løfta samla i benkpress, knebøy og markløft 677,5 kilo, etter fødselen har ho vore oppe i 668 kilo.

– Det er kroppen som bestemmer kor lenge eg kan halde på, slår ho fast.

Skadane har vore mange og tunge. Etter VM i New Dehli i India i 2009 der Hildeborg kom på 2-plass samla tenkte ho at karrieren kanskje var over. Men behovet for å setje seg nye mål kom attende og no har ho ingen planar om å gi seg.

– Det går ikkje ein dag utan at eg har vondt ein eller annan plass i kroppen, men det er verdt det, seier ho. Kvar einaste veke er det ny behandling hjå manuell-terapeut.

– Eg er blitt flinkare til å høyre på kroppen, seier ho og minnest faren sin reaksjon når ho 20 år gamal kom krypande heim frå handballkamp. Då hadde ungjenta drive seg sjølv hardt over lang tid, med tunge styrkeløft og hard trening for å bli best mogleg på handballbanen.

– Pappa pleier ikkje seie så mykje, men då sette han foten ned. No var det på tide at eg valde kva idrett eg skulle halde på med, og ikkje dreiv meg sjølv så hardt.

Ho valde styrkeløft, sjølv om det ikkje var enkelt å legge handballen på hylla.

– Eg byrja jo med styrkeløft for å bli betre på handballbanen. Og med mamma som har vore handballtrenar her inne i alle år, var det ein viktig del av meg det også.

Foreldra og engasjementet deira er viktig i dag også. Mamma Irene Juvet Hugdal legg feriane sine opp etter VM og EM, og ringer dottera for å få oversikt over helger der ho treng hjelp til barnevakt.

– Utan det nettverket hadde det aldri gått. Det er litt rart, for i Stavanger har eg lite familienettverk, men eit veldig godt miljø på trening. Her inne er det einsamt å trene, men mange barnevakter. Det er eit dilemma.

– Det er viktig for meg å takke det lokale idrettslaget i Sauda og heimkommunen som har støtta meg gjennom så mange år, det er kjekt å kunne løfte for heimbygda.

Ho er glad for Sauda vidaregåande skule la til rette for henne då ho gjekk der.  

– Dei la verkeleg til rette for meg, og gav meg lov til å trene i skuletida. Utan dei hadde eg ikkje nådd så langt.

For timane i styrkerommet kunne bli både mange og lange. Ho minnest godt korleis ho gav veslesøstera snop for at ho i alle fall kunne sitje å sjå på medan Hildeborg trena.

– Då vart det ikkje så einsamt i alle fall, seier verdsmeisteren og ler.

– Dette er ikkje ein idrett du tener pengar på, skal du gjere det bra økonomisk må du satse på sykling, ski eller golf. I denne idretten er også sponsorane få.

– Det er viktig å ha ein jobb å falle tilbake på, eg er glad eg har det, seier ho og viser til kvinneprosjektet i Olympiatoppen ho deltok i, der målet var å overbevise toppidrettsutøvarar om kor viktig det er å ha ein jobb og eit anna liv i bakhand. Plutseleg kan karrieren vere over, og då må nettverket rundt fungere.

– Kva med miljøet i idretten? Og alle dopinghistoriene ein høyrer om?

– Det er trist. I mange aust-europeiske land er doping heilt vanleg. Det er høge forventningar til at ein skal løfte tungt over lang tid, og mange lar seg presse til å dope seg. Det er trist å sjå, men også vanskeleg å rydde ut, trur Hildeborg som nyleg har sett sin argaste konkurrent frå Russland bli utestengt på livstid.

– Eg trur ikkje dei jentene har det så bra, dei er meir som maskiner enn som idrettsutøvarar.

– Kva er rådet ditt til andre unge som vil lukkast?

– At ein må stå på og vere tolmodig. Mange har talent, men ein kjem ikkje langt nok med berre det. Ein må ha vilje og vere litt sta.

Foto: Fotograf Nordtveit