Magasinett

Utskrift

Hekla myter, strikka bind

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Eli Fossdal Vaage. Foto: Anna-Julia Granberg, Blunderbluss
– Vi lever i ei tid der alt er «vanskeleg», seier Eli Fossdal Vaage frå Bjørsvik. I diktsamlinga Hekla myter skriv ho om ei tid der kvinnene strikka sine eigne bind, fletta ulukkene inn i livet og ordna opp i det meste sjølv.

 

– Eg er journalist sjølv, og er vand med å vere den som stiller spørsmåla, får folk til å opne seg og sit og lyttar. Derfor er det litt uvant å sitje på denne sida, seier ho.
Eg møter Eli Fossdal Vaage på Bastant, ein liten kafé i Stølegaten i Bergen. Staden kjenst passande, ettersom kafeen ligger i eit fleire hundre år gamalt trehus. For boka til Eli handlar mykje om det ein ofte kallar «gamle dagar»: Hekla myter fortel om formødrene, handarbeida, familiane og liva deira. Om korleis dei hamla opp kvardagsproblem på små gardar, langt frå supermarknadar, legekontor og barnehagar.

Poesien som døropnar

Journalist har ho vore sidan 2005. Nett no arbeider ho som tilkallingsvikar i NRK Hordaland, i tillegg til å ta master i litteraturvitskap på UiB. Skrive har ho alltid gjort. Men det var først i 2008, etter at ei venninne for alvor hadde introdusert henne for poesi, at det ho skreiv fann forma si.

– Eg vart blown away. Eg skjønte at litteratur var noko ein kunne drive med, noko eg måtte drive med, noko eg kunne studere.
For sjølv om ho har arbeidd som journalist i nesten ti år, var det noko som fall på plass då ho starta å skrive dikt.
– Sjølv om eg har arbeidd som journalist har eg vore usikker på om det er det eg skal drive med. Når eg starta å skrive dikt kjentest det veldig rett.
Då ho skreiv det første diktet i det som no er blitt bok, sat ho åleine på hybel i Trondheim. To år etterpå starta ho på Skrivekunstakademiet i Hordaland, der ho med eitt var omgitt av andre som òg skreiv. I løpet av studiet skreiv ho ei rekke ulike tekster, men oppdaga at det var noko særskilt med desse dikta om dei hekla mytane.

– Det var desse dikta eg fekk best tilbakemelding på, det var desse folk tykte var mest spanande. Så freista eg å finne ut kva dei tykte var spanande med dikta – for det var ikkje heilt klart for meg  – men eg fann ut at dei var lette å skrive vidare på, at det var meir å hente. At det nett var desse dikta som skulle bli mi første bok kjennest likevel litt tilfeldig.
For nett kvifor ho starta å skrive dikta om formødrene, kan ho ikkje forklare.
– Men eg har vel lenge vore veldig fascinert over korleis kvinner levde før, seier ho.


Harde kvinneliv – tapt kunnskap

Fascinasjonen for fortida skin gjennom i Hekla myter. Her er både ei rekke historier og anekdotar, samt spor av haldningar og kunnskapar som ikkje finst lengre. For Fossdal Vaage er har det vore spanande å skrive om denne annleise tida.

– Vi lever i ei tid der alt er «vanskeleg».  Tidlegare var det ein større aksept for at negative hendingar var ein del av livet. I dag er mykje institusjonalisert, medan ein før måtte ordne ting på eiga hand, seier ho.
I boka vert det skildra både fødslar, sjukdom og slakt. Kvinnene i diktsamlinga er sterke, sjølvstendige damer som veit å ordne opp. Når menstruasjonen kom var det berre å ta fram eit av dei heimestrikka binda, til dømes. For Fossdal Vaage er det eit poeng at vi har mista noko av handlekrafta formødrene våre hadde.
– Sjølv om liva våre er betre i dag er vi jo litt hjelpelause samanlikna med dei. Eg er fascinert over deira evne til å kunne skape alt, mat, klede, brensler, husvære – og litt misunneleg, for eg manglar jo sjølvsagt denne kunnskapen. Det er litt fjernt i dag, det som var naudsynt for å overleve då. Idag er det er jo meir som ein slags hobby, seier ho.

Med mormora som førebilete

Om det var poesien som gav henne forma, må ein likevel gå lengre tilbake for å finne dei første møta med tematikken. Fossdal Vaage fortel at ho er voksen opp i ein familie som alltid har fortalt historier frå gamle dagar.
– Mormora mi har eg nok vore ganske inspirert av – både av dei historiene ho har fortalt, og av den haldninga ho har til livet. Ho har eit ordtak, som er litt mystisk, men som ho ofte seier: Da ligg no i vêret. Eg trur det tyder noko slikt som «det er no slik det er i verda». Det seier noko om aksepten for slik livet er.
Mormora, som no er 95 år, var ei av ti søsken. Då ho var sytten år fekk ho ansvar for å ta vare på litlebroren, etter at mora gjekk bort i barsel.
– Ein kan jo kanskje seie at ho gjekk glipp av mykje, av å vere ung til dømes, men samstundes fekk ho erfare kva styrke ho hadde.

Risikovurdert oppvekst
For Fossdal Vaage er det eit poeng at folk i dag gjerne ikkje får testa ut styrka si på same vis som folk før.
– Dei gjorde jo langt meir farlege ting enn oss, i dag er jo alt risikovurdert. Vi er jo eit slags dyr vi menneske òg, det er ikkje sikkert vi har det best i fangenskap. Samstundes skjedde det jo fleire ulukker då, men dette var noko ein måtte flette inn i livet. I dag er jo til og med det at vi skal døy noko som er uhøyrleg for mange, men for dei eldre er det meir daglegdags.
Særskilt stor er skilnaden i korleis barn og ungdom veks opp.
– Når mormora mi voks opp var det ikkje alltid foreldre som kunne passe på – dei voks meir vilt. Slik har det jo vore, barn har måtte vere åleine sjølv om dei hadde mødrer som var heime. Eg las til dømes ei handbok for husmødrer der dei gav mødrene råd om ikkje å fyre i omnen om dei måtte forlate ungen, for ein kald unge var jo betre enn ein forkulla ein! 
Fossdal Vaage trur ikkje det er så dumt om barn må takle ting litt på eiga hand.
– Barn er tilpassingsdyktige, og eg trur litt å bryne seg på er bra. Kanskje har vi større krefter enn vi får nytta, seier ho.

Vil rive noko opp
Det var etter at ho sjølv for alvor starta å lese dikt, at ho byrja å skrive ned dei hekla mytane i diktform. Til sist i intervjuet stil eg det kanskje vanskelegaste spørsmålet ein kan stille ein forfattar.
Kva ønskjer ho sjølv å gje til lesaren?
Oi. Kan eg få tenkje litt på det?
Så klart!
Dagen etter kjem svaret på epost:
– Eg trur det einaste svaret eg har på det, er mi eiga oppleving av å lesa poesi. Ei veldig akutt kjensle av at noko opnar seg opp, kanskje eit nytt rom eller at orda blir så sansbare at dei riv eit lite hol inn i noko anna, som er både velkjent og framand. Det er jo veldig store ord, men det optimale målet må jo vera noko slikt for alle som skriv, skriv ho.