Magasinett

Utskrift

Australiaren som såg nordlyset

Skrive av Tora Hope .

Australske Andreja Mijatovic har loffa rundt i Noreg i 1 1/2 år. Med kameraet på skuldrene følgjer han ein sti av nye vener.

 

Den første natta er den lange, flate dalen i Jotunheimen vakker og behageleg kring det einslege, grøne teltet. Når sola går ned neste kveld og natt nummer to nærmar seg, syner likevel dalen i fjellmassivet seg å vere den perfekte vindtunnel. Vindstyrken aukar brått til storm. Teltet skrik som enden på verda i symfoni med NASCAR, og teltpluggane byrjar å sprette opp frå bakken.

Andreja Mijatovic har reist rundt i Noreg i 1,5 år. Her isfiskar han i Lofoten.Berre nokre dagar tidlegare har australske Andreja Mijatovic teke seg fram gjennom steinhard snø. Han skal krysse frå eit område til eit anna, og passasjen er krevjande. Med ein tung sekk og ein kniv som isøks, kavar han seg fram. På kvar side av den snødekte stien er bratte fjellveggar som endar i steinurer. Ingen andre veit akkurat kvar australiaren er.

Vandra åleine i Jotunheimen
Andreja er engsteleg, men han klarar å fote seg utan å skli utfor.  

No må han bruke kroppsvekta til å halde teltet frå å flyge av garde i vindkasta, samstundes som han strevar med å få på seg kleda. Då han kjem seg ut av teltet må han huke seg saman i den sterke vinden. Ein halvtime seinare festar han teltpluggane i den snødekte bakken. Han sver på å vere nøyare i val av teltplass deretter.

– Eg var engsteleg for at både eg og alle tinga mine skulle blåse vekk. Og når eg tenker tilbake på turen over den vanskelege passasjen ser eg at det var uansvarleg. Var eg redd? Ikkje vettskremt, men eg hadde ei ubehageleg kjensle, seier han.

I over to veker vandra australiaren åleine omkring i Jotunheimen.

– Å ikkje snakke med nokon andre på så lang tid er ei rar oppleving. Eg hadde heilt klårt nokre interessante samtalar med meg sjølv i laupet av turen, fortel han.

Paradis for ein buldrar
I 2012 møtte Andreja nokre norske fjellklatrarar i Australia. Dei fortalde om skigåing på sommartid, norske fjell og endelaus tilgang på steinar – eit paradis for ein klatreglad fyr på utkikk etter eit arbeids- og turistvisum ein eller annan stad.

Andreja reiste til Noreg. Sidan har han reist omkring med kameraet sitt. Undervegs har han møtt på folk som har ei hytte, eit hus, ein fest eller ein jobb. Han har klatra, isfiska, budd i grotter, buldra, vore i låvebryllaup, måka ”episke mengder snø”, køyrt snøscooter, terrengsykla på frosne elver og ete sauehovud.

Nærmast på slump har han hamna ulike stader i Noreg, som Fitjar i Sunnhordland, Tromsø og Lofoten. Han har vore i Voss, på Os, i Trøndelag, Bergen og Oslo. Ein gong freista han å gå frå Fitjar til Dale i Vaksdal.

– Første dagen stoppa eg i Os kommune. Eg hadde gått for langt, var trøytt og klokka var kring eitt på natta. Tilfeldigvis var dette helga då festivalen Rock N` Lol gjekk av stabelen. Då eg sette meg for å kvile, kom nokre folk byrt og byrja å snakke. Dei inviterte meg heim for å feste, og eg enda opp med å vere der i tre dagar og få mange nye vener. Etter festivalen trong eg nokre dagar på å kome meg, før eg byrja å gå mot Dale igjen, fortel han.

– I den eine augneblinken tenkte eg på mine trøytte føter, og i det neste på raudvin. Nordmenn er fantastiske.

Slik har Andreja haldt fram med å vandre gjennom landet, ved å følgje ein sti av nye og gamle kjennskapar. Ikkje minst har han teke bilete. Nyleg vart eit av bileta hans lagt merke til av redaktøren i National Geographic. Her kan du sjå nokre glimt frå australiaren si reise i Noreg.

Låvebryllaup og norsk allsong
Vegar Hansen og Line Harbak dansar under eit bryllaup i Harbak.

– Dei var fantastiske å sjå på. Ho var full av energi og svinga omkring, og han var velkledd og stødig nok til å halde fast, seier Andreja.

Australiaren hadde budd i ei grotte og buldra i Harbak i Trøndelag ei vekes tid, då han spurde ein bonde i nærleiken om å få lade mobilen. Han fekk både ein plass å sove, mat, arbeid og nye vener i Elvar Harbak og kona Rita. Året etter vart Andreja invitert i bryllaupet til paret sin son.

– I norske bryllaup er det hundre prosent meir allsong og nitti prosent fleire talar enn i australske bryllaup, fortel Andreja.

Han sendte biletet inn til National Geographic sin fotokonkurranse, Your Shot, der det vart løfta fram som redaktørens favoritt og kommentert av National Geographic-fotograf Jay Dickman. Sjølv meiner Andreja at biletet fangar stemninga frå låvebryllaupet i Harbak.

Vart som eit lite barn

I byte mot ved og fisk, tok Andreja dette biletet i Lofoten.

– Eg hugsar ei natt då nokon banka på døra mi i Harbak og bad meg kome ut og sjå. Eg var ikkje førebudd i det heile teke. Eg gapa, lo, sprang omkring som eit barn og kunne ikkje tru mine eigne augo. Det var som noko frå ei anna verd, seier Andreja om første gong han såg nordlyset.

5000 generasjonar med fuglar

Noko av det første Andreja gjorde då han kom til Noreg, var å jobbe for kunstprosjektet «Five Thousand Generations of Birds».

I prosjektet fekk ulike kunstnarar tildelt ei øy i skjergarden utanfor Fitjar, der dei skulle setje opp eit arbeide. Biletet ovanfor er av eit prosjekt der ein operasongar song heile dagen frå ei øy. Andreja vart hyra for kunstprosjektet gjennom faren til ein av klatrarane han hadde møtt i Australia.

– Den tida var blant dei beste i mitt liv. Eg kan ikkje takke folka eg har møtt nok for den gjestfridommen dei har synt meg, seier Andreja.

På garden i Harbak rir sonen i familien, Emil Harbak, på fjordhestane. Andreja har tilbrakt mykje tid på Harbak i Trøndelag.

Biletet er teke i Bergen og er ein av Andreja sine favorittar.

Tørrfisk i Lofoten, der Andreja har brukt ein del tid.

– På Hurtigruta frå Tromsø til Lofoten møtte eg på eit band som var på veg til ein konsert mot alkohol og narkotika. Dei var veldig fulle og nakenbada i badestampane på dekk. Eg, som ikkje er særleg sjenert når eg er edru, hoppa inn. Det var så kaldt at håret mitt fraus, men ei stor oppleving, fortel Andreja.

Andreja vitja ein ven på eit oppdrettsanlegg i Stokksund i Trøndelag. Då han øvde seg til å fotografere ørnar, fanga han denne måken.