Magasinett

Utskrift

Skule med eige oppdrettsanlegg

Skrive av Kristine Askvik .

Markus Sjøstrand og Andreas Matre er svært etterspurte i arbeidslivet.

 

– Eg har alltid vore interessert i sjø og marine ting, seier Sjøstrand. Han og Andreas Matre er to av elevane ved akvakulturlina ved Fusa vidaregåande skule som får testa kunnskapen sin i det nye oppdrettsanlegget på skulen.

Akvakulturlinja ved skulen har nyleg fått eige mini-oppdrettsanlegg. Her er alt slik det er på eit vanleg anlegg. Elevane kan lære kva dei skal, og ikkje skal, gjere, og det utan at det er fare for livet til eit tusental fiskar. På den måten er det enklare å øve på noko fleire gongar, og det er ikkje så farleg å feile.

– Det er veldig bra at vi nå kan øve på praktiske ting her på skulen, i staden for å dra til ein annan stad. Og det mykje betre å gjere det i praksis, enn å berre sjå på eit lerret, seier Sjøstrand.

12.000 liter vatn

Mini-anlegget kjem frå Bolstad bruk som ligg ved Eikelandsosen og er gitt som ein gåve frå verksemda Alsaker. Anlegget brukar kring 12.000 liter vatn i timen og er som eit stort akvarium. Fordi anlegget vert skrudd av og på, og brukast til læring, er det ikkje fisk her.

Lærar Ole-Jørgen Michelsen har bygd opp og tilpassa det nye oppdrettsanlegget ved Fusa vidaregåande skule. Vatnet vert bearbeidd og sendt gjennom settefiskanlegget, før det kjem ut på den andre sida. På anlegget på skulen resirkulerast vatnet, ute i dei verkelege anlegga brukast nytt vatten kvar gong. Vatnet vert gjennomlyst for å drepe bakteriar, det vert varma opp og lufta for å hindre Farris-tendensar i vatnet.  

Dei store kara svarar til elva der laksen veks opp. I kara er det straum som i elvar, og om det hadde vore fisk her ville den stått mot straumen.

– Poenget er å få elevene til å skjønne mekanismane.  Det er vesentleg lettare å syne noko når ein har utstyret enn å teikne og forklare. Hovudpoenget er å gjere undervisninga meir praktisk, seier lærar Ole-Jørgen Michelsen ved Fusa vidaregåande skule. 

Få 16-åringar

Tidlegare har elevane alltid måtte reise ut til verksemder for å sjå korleis oppdrettsanlegga fungerer. No kan dei øve seg på det praktiske på skulen.

Denne kunnskapen er svært viktig før elevane skal ut i praksis i til saman ni veker i løpet av tida på akvakulturlina.

– Førebels er det ikkje så mange 16-17-åringer som vel dette faget enno, men vi har mange vaksne som søkjer seg til akvakultur for å omskolere seg, seier Michelsen.

Han fortel at alle elevane som går på teknisk allmennfag (TAF) vert tilsett i ei verksemd samstundes som dei byrjar på studiet og har dermed jobb når dei er ferdig. Dei som vel å gå på akvakulturlina, går ut i lære etter to år.

– Og alle får jobb også her, seier Michelsen.

Satsar høgt

Fram til 2050 er det eit ynskje frå næringa om å mangedoble oppdrettsindustrien.

– 550 milliardar kroner i omsetning er målet, no ligg det på kring 15 milliardar kroner. Det er allereie stor etterspurnad etter kvalifisert arbeidskraft. Dei som utdannar seg innan akva vil vere populære framover, fortel Michelsen.

– Kva tenkjer de om de er så populær arbeidskraft?

– Det er kjekt for da veit vi at det er lett å få jobb. Eg har lyst til å jobbe med matfiskanlegg ute på sjøen, seier Sjøstrand.

– Eg likar dette yrket fordi det er mykje fysisk arbeid og eg likar å vere ute på sjøen og jobbe. Draumejobben er å jobbe med oppdrett ute på sjøen, seier Matre.

ØVER: Markus Sjøstrand og Andreas Matre gjer reint i ein av kummane i oppdrettsanlegget ved Fusa vidaregåande skule.