Magasinett

Utskrift

så eg trur det sjølv

Skrive av Jostein Avdem Fretland .

foto: mariell øyre

med tidi har forholdet mitt til røyndomen vorte meir og meir problematisk. eg har no kome dit at eg generelt sett prøver åignorere hans såofte som mogleg. det trur eg er til beste for alle.

 

ofte går eg til dømes forbi king street i covent garden, gata der mesteparten av boki eg nett har skrive går føre seg. og utan unntak prøver eg å la vera å sjå bort på nummer tjueni, for eg fryktar at eg berre skal sjå ein kjipt dressutsal der, i staden for den fabelaktige sjokoladebutikken eg inst inne veit ligg der. skal liggje der.

som den generalnerden eg er, har eg i det siste brukt timesvis på å liggje på magen i sengi og sjå på ekstramateriale frå lord of the rings-filmane. det finst eit intervju der med sjefen for weta-verkstaden, dei som laga alt av masker, kostymar, proteser, miniatyrar, våpen, rustningar – alt som måtte spesiallagast til det kanskje mest ambisiøse prosjektet i filmhistoria. og han snakka om at kor viktig han meinte det var at kvar og ein som var involvert i verkstaden hans verkeleg trudde at det dei skildra hadde funne stad, at alle desse skapnadene hadde funnest og at dei såg slik ut. spurde du han var det ikkje fantasy dei laga, men historisk film.

tolkien sjølv hadde sjølvsagt kjent seg att i dette. da han vaks opp, mangla det engelske imperiet, for all si storheit, ein eigen mytologi, slik me har våre norrøne æser og vaner og finnane, til dømes, har si kalevala. tolkien såg på det som si oppgave å fylle dette tomromet, og han dedikerte livet sitt til det. dei skjønnlitterære bøkene hans var eit biprodukt av dette, eit verktøy til å spreie nasjonalmytologien til større lag av folket. men livsverket hans var verdi han skildra, sogene, språki - den tapte historia til det engelske folket.

og skulle ein fyrst tala om bøkene hans, var han heilt klar på at den viktigaste av dei var the silmarillion, ei bok han starta på så tidleg som i skyttargravene under fyrste verdskrigen, og som han stadig skreiv på da han døydde i 1973. der skildrar han historisk hendingane frå verdi vart skapt og fram til og med historia om ringen. den kanskje viktigaste karakteren i the silmarillion er eärendil. kvifor? jo, fordi det er han som knyter historiene saman.

hail earendel, brightest of angels,/ over middle-earth to men sent lyder starten på eit dikt. men det er ikkje tolkien som har skrive det, det er eit gamalengelsk dikt, crist 1. den unge språknerden las dette på originalspråket, og vart meir og meir oppteken av å finne ut kven denne earendel var. men kor mykje han leitte fann han inkje, anna enn ei lita, kuriøs historie frå snorre-edda der aurvandil, som han heiter på norsk, frys sund ei tå ute i kulden og åsaguden tor bryt ho av og kastar ho til himmels, så ho blir ei stjerne.

ute av stand til å finne meir informasjon om earendel, bestemte tolkien seg for å laga historia sjølv. allereie i 1914 skreiv han det episke diktet, the voyage of eärendel the evening star, og med det var det i gang. eit namn frå her, ein detalj frå her, og litt etter litt tek den historia form, som til slutt blir samla i the silmarillion og dannar bakgrunnen for hobbiten og lord of the rings.

det sentrale poenget mitt her er dette: skal me som skaparar (eller subcreators, som katolikken tolkien kalla det) forvente at dei som les bøkene og ser filmane våre trur på dei verdene me skapar, må me verkeleg tru det sjølve. det nyttar ikkje å koma dragande med fornufti og seia at «rasjonelt sett veit eg at det er oppfunne, men eg latar som når eg skriv». kven trur du at du lurer?

i månadsvis har eg, i eit omdiktingsarbeid, levd i trui om at i ein eller annan dimensjon finst det ein stad der det norrøne ragnarok fann stad som ei historisk hending. der dei personifiserte, norrøne gudane vart drepne, og jordi gjekk under, for så å oppstå i ny form. og eg finn at det er annleis å lesa voluspå no, fordi eg les ho annleis, som ei historiebok, og ikkje minst fordi eg veit kva som skjer etterpå, der linene stoggar. 

for meg liknar det den religiøse trui til ein prest eller misjonær. ein kan rasjonalisere ei kvar tru, gjennomanalysere ein kvar tekst til han er berre allegoriar og metaforar, men når du skal formidle han til ein utanforståande, står berre eitt spørsmål att: trur du? 

eg veit at jesus ikkje vekte lasarus frå dauden. eg veit det like sikkert som noko menneske kan veta noko som helst, for er det ein ting me alle prøver å overvinne, er det dauden. men om presten min trudde det same som eg? eg trur ikkje eg ville kjøpt boki hennar.