Magasinett

Utskrift

På sida av boksen

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Kaia Hugin frå innspelinga av Five Parts. Foto: Tor Willy Ingebrigtsen

Kaia Hugin (39 ) likar godt at det rasjonelle ikkje er det viktigaste i kunsten. Ho vil gjerne tenkje utanfor boksen.

 

– I kunsten finst det ikkje eit svar ein kan setje to strekar under og definere som rett eller galt. Det tiltrekkjer meg, eg trur det er sunt. Eg er glad i å riste litt på ting, halde ting opp-ned, og sjå om det fell noko uventa ut av det, seier den kunstnaren.

Vegen fram til kunstnar har ikkje vore snorbein. Hugin har vore innom samtidsdans, kunsthistorie og diverse strøjobbar som blant anna nattarbeidar ved samlebandet i Schibsted Trykk og turistguide på Thomastoget før ho hoppa ut i kunstarbeidet.  I 2006 tok ho steget og søkte Kunsthøgskolen i Bergen. Etter den tid har Kaia Hugin stilt ut på fleire kollektivutstillingar og videofestivalar i Noreg og utlandet.  Ho har hatt kunstutstilling på Høstutstillingen  og i Oslo Kunstforening, i 2011 fekkho Sparebankstiftelsen DNB NOR sitt kunststipend.

Sin eigen kritikar

– Kva inspirerer deg?

– David Attenborough sin entusiasme for naturen inspirerer meg. I programma sine formidlar han naturen på ein nydeleg måte. Kunstopplevingar er veldig inspirerande, eg ser mykje film, og det kan trigge nye idear eller saker eg vil teste ut. Generelt blir eg inspirert av folk som går sine eigne vegar, og tar dei abstrakte tankane heilt ut.

Ho likar godt å stille ut for eit publikum som engasjerer seg.

– Det er naturlegvis mykje kvaler og nerver med i biletet, det er ein del av gamet. Men nervøsiteten i samband med ei ustilling gir meg mykje energi, og eg pleier å få ei litt fandeninvoldsk innstilling til det heile. Etter ei opning av ei utstilling blir eg ofte veldig forkjølt eller sjuk, kroppen fell saman når den endeleg kan slappe av, seier Kaia Hugin.

– Kva betyr kritikarane?

– Som biletkunstnar blir ein først og fremst glad når nokon engasjerer seg i det ein gjer, og kunstkritikk er eit viktig felt for å få i gang ein diskusjon rundt kunsten. Personleg er eg nok min eigen hardaste kritikar, det er enklare å lure andre enn meg sjølv.

Korte glimt av lukke

8. mars kan ein sjå ein av Kaia Hugin sine filmar på Oslo Screenfestival, ein videokunstfestival som blir arrangert på Cinemateket i Oslo annakvart år. Seinare i sommar er ho aktuell på gruppeutstillinga ”Der Tod ist Dei Körper” på Frankfurter Kunstverein, og på sommarutstilling ved Kunstmuseet Kube i Ålesund.

– Elles er planen å produsere nye arbeid, og at eg får ein baby i april. Så no er det spanande ting på gang.

Kva er høgdepunktet i karrieren?

– Det var veldig stas å vinne stipendutstillinga til DNB. Eg vart stolt, sjølv om det kjendes litt rart med ein slik kunstkonkurranse. Elles er dei store høgdepunkta ofte korte glimt av lukke når eg kjenner at eg har fått til noko.

Kva er det med videokunst som fasinerer slik?

– Eg er veldig glad i verkemidlane og moglegheitene når ein jobbar med levande bilete og videokunst. Ein kan realisere dei indre bileta eller historiene ein ynskjer, og skape eit univers med eigen logikk. Viss eg vil lage ei historie der eg graver meg ned i eit hol i bakken berre ved å ligge i fosterstilling og spinne rundt min eigen akse, så kan eg faktisk gjere det på film. Ved hjelp av biletutsnitt, klipp og timing kan eg realisere denne historia slik at eg kan dele den med andre, seier Hugin engasjert.

Kunsten å lytte

Det er ikkje alltid like enkelt å ta dei rette vala. Kaia Hugin trur mange kunne tent på å lytte til seg sjølve og kjenne etter kva det er verdt å bruke tida si på.

– Eg er redd mange i dag agerer ein del på autopilot og gjere “det dei trur dei må gjere”. Med fare for å høyrast gamal ut anbefaler eg alle å skru av TV, stenge verda ute og stirre i veggen ein halvtimes tid kvar dag. Kjenn etter at du er tilstades i deg sjølv, då blir du i stand til å ta vala som er rette for deg.