Magasinett

Utskrift

«Ei krise om gongen, takk!»

Skrive av Atle Berge .

 Foto: J. Fowler/USHMM

Når skal norske utanriksredaksjonar klare å ha meir enn ein ting i hovudet om gongen?

 

Det hender igjen og igjen: Ei humanitær krise eller ein krig får all merksemda, medan andre katastrofar vert gløymde. Nokre veker eller månader seinare, rettar journalistane merksemda mot ein ny del av verda. Brått er dei krise- eller krigsramma menneska vi fokuserte på «i går» ute av mediebilete og tankane våre.

Fenomenet var sist synleg etter den russiske intervensjonen av ukrainsk territorium denne veka. Sidan 2011, men spesielt det siste året, har media presenterert sak etter sak om borgarkrigen i Syria: Om opprørarane, om FN sine våpeninspektørar, om svolt, nød, om skandinaviske ungdommar som reiser til landet for å kjempe mot styresmaktene, og i det siste: Om det vanskelege arbeidet med å evakuere sivile frå byen Homs. Med overskrifter som «Er Ukraina-konflikten starten på 3. verdskrig?» forsvann Syria frå framsidene til nettavisene denne veka, utan at dei som er igjen i Homs har det betre no enn dei hadde det for fjorten dagar sidan.

På same måte har det store fokuset på Syria gjort andre kriser usynlege. 28. februar skreiv Erlend Skjetne om ei av desse «gløymde krisene» på Magasinett då han minna oss om sahrawiane i Vest-Sahara sin kamp for ein eigen stat. Det er dessverre også nok av andre døme. Kvart år presenterer Leger Uten Grenser ei liste med humanitære kriser utanfor søkelyset. I 2013 peika dei blant anna på Tsjad, eit land med politisk uro, matmangel og berre er 500 legar fordelt på 12 millionar innbyggarar. Hos oss høyrer vi stort sett berre om Tsjad når leigesoldatar frå landet krigar i nabolanda Libya og Den sentralafrikanske republikk.

Kva er det så som gjer at enkelte krigar, katastrofar og kriser får meir merksemd enn andre? I 1965 undersøkte Johan Galtung og Mari Holmboe Ruge nettopp dette. Undersøkinga viste blant anna at redaksjonane heller skriv om enkeltsaker enn tendensar og prosessar, og at dei prioriterer hendingar som er eintydige og lette å tolke. Skal ei sak få merksemd bør ho dessutan vere i utvikling, slik til dømes konflikten i Ukraina stadig byr på nye vendingar. Ukraina-krisa har også eit anna kjenneteikn som passar godt med funna til Galtung og Ruge: Elitenasjonar og elitepersonar spelar hovudrollene. Det er Russland mot EU- og USA-støtta Ukraina, mektige Putin mot like mektige Merkel og Obama. Dei 500.000 barna som kvart år døyr av omgangssjuke fordi dei ikkje har tilgang på reint drikkevatn, er derimot anonyme og makteslause.

Heldigvis bryr norske myndigheiter seg om situasjonen i fleire land enn media dekker, men vi som skal stemme inn politikarane må også ha eit grunnlag for å vurdere utanrikspolitikken deira. Det er dessutan lettare for norske selskap å opptre uetisk i delar av verda der journalistane våre ikkje er tilstade og rapporterer om tilhøva til lokalbefolkninga. I dette perspektivet er det livsviktig å kunne ha meir enn ei krise i hovudet om gongen, og at redaksjonane ikkje berre prioriterer konfliktar som passar med den tabloide dramaturgien.