Magasinett

Utskrift

– Kjempevanskeleg å få jobb

Skrive av Andrea Rygg Nøttveit .

Anette Moi nytter data til å fargeleggje illustrasjonane sine.

Anette Moi er sin eigen arbeidsgjevar. Det krev mykje disiplin og at ein ikkje er redd for å vise seg fram.

– Eg vil få folk til å smila med teikningane mine, og det føler eg at eg lukkast med, fortel illustratør Anette Moi, som sjølv skildrar stilen sin som naiv, fargerik og positiv.

Det er ikkje tilfeldig at den førre utstillinga hennar på Bryne Mølle hadde tittelen «Happy».

Menneskelege dyr
Bileta hennar prydar store delar av kontoret, som nesten minner om ei stove. Nokre motiv er til og med måla rett på veggen. Det er ho glad for at ho får lov til.

Fargerike dyr er ein gjengangar. Ho elskar dyr og let dei gjerne gjere menneskelege ting. Slik går det til at eit gamalt ektepar kan spørje om ho har spionert på dei, når dei ser eit bilete av to hundar som ligg i senga.

Med ein uperfekt strek teiknar ho konturane, før ho fyller flatene med farge på data.

Det er viktig å ha ein strek som skil seg ut, forklarar illustratøren frå Bryne.

Den harde verkelegheita
Karrierevegen ho har valt seg er ikkje enkel. Sjølv trur ho at mange som vel kreative yrker ikkje er klar over kva verkelegheit og arbeidsmarknad dei er på veg ut i.

– Me starta med 25 stykk i klassen, av dei er det er nesten ingen som arbeider i kreative yrker. Eg trur det faktisk berre er tre-fire som arbeider med noko kreativt i dag, fortel 29-åringen og legg til:

– Eg tenkte at det skulle verte lettare å få jobb enn det var. Det er kjempevanskeleg. Eg var heldig og fekk i Mojo, eit nyoppstarta byrå, fortel Anette og legg til:

– Det vert nesten ikkje lagt ut kreative jobbar. Jobbane som er, er gjerne i Oslo. Det er få jobbar her i Stavanger og til dei er det mange søkjarar.

Digitale hovud med kjennskap til web og appar er dei mest ettertrakta.

Opp og ned
Men hellet hennar heldt ikkje lenge. Etter om lag fem månadar vart ho permittert, fordi det ikkje var oppdrag nok.

Det var tungt.

I tillegg fekk ho ikkje permitteringspengar frå NAV og måtte difor velje: Anten finne seg ny jobb, eller freiste lukka for seg sjølv. Ho valde det siste. Med nokre kundar og kontaktar i sekken fortsette ho på sin karriereveg. Åleine. 

Oppdraga ho får er varierte. Ho har teikna for magasinet Natt&Dag, VG Helg, Pizzabakeren, Wimp, bestillingar på familieportrett, ja til og med for Oljedirektoratet. Seinare denne dagen skal ho til ein bowlinghall for å snakke om utsmykking av bursdagsrom. 

No går forretningane bra, men somme gongar kan ein misse motet.

 – For to veker sidan hadde eg ein skikkeleg nedeperiode, der eg berre tenkte at no må eg få meg ein skikkeleg jobb, fortel Anette.

Ho har funne ut at det løner seg å vere frampå og sende ut epostar til potensielle kundar. Sjølv om ho då får mange avslag, kan det hende at nokon kjem tilbake til ho om eit halvt år.

Saka fortset under biletet.

Fleire folk har kjent seg att i dyremotiva til Anette Moi. Ein mann i 80-åra har kjøpt biletet til venstre.

Arbeider med eiga bok
Den første tida etter at ho starta for seg sjølv var det heimekontor, men no har ho fått seg dette “stove-kontoret” i eit industribygg. Her kan ho jobbe som det sjølv passar ho. Fjorten timar ein dag og tre ein annan. Å styre sin eigen arbeidsdag er ikkje berre enkelt. Det er fridom under ansvar.

Plasseringa er ikkje det store for sal og utstilling, men det meste av promoteringa føregår uansett via nett.

 – Du treng berre ei heimeside og ei mailadresse, fortel illustratøren, som veit kva ho snakkar om.

Mykje av jobben hennar går ut på å selje seg sjølv. Og Anette anbefaler alle som vil gjere kreativitet til ein karriere å ikkje vere redde for å syne seg fram. Det har ho gode erfaringar med.

I 2013 gav ho seg sjølv ei utfordring: Å leggje ut ei teikning på Facebook kvar dag heile året. Prosjektet kalla ho «One drawing per day».

Det var utfordrande, men noko ho absolutt vil anbefale andre. Det er god trening, men òg ein god måte å vise seg sjølv fram på. NRK var på vitjing og laga tv-reportasje, og i desse dagar arbeider ho med ei bok der dei 365 teikningane skal samlast. Boka vert gjeve ut på Jæren forlag, som er starta av far hennar.

Tilbake til teikninga
Både dyremotiva og stilen hennar kan minne litt om barneteikningar.

– Folk som kjente meg som liten, kjenner nok igjen teikningane eg lagar no, trur Anette.

Som dei fleste andre born slutta ho å teikne då ho vart eldre. I ungdomstida hadde ho ti år utan teikning, men ho fann fram blyanten att på reise i Australia. Då var ho allereie ferdig utdanna sosionom, men hadde arbeidd på ein kafé og utestad i Stavanger.

Etter å ha fått positive tilbakemeldingar på strekane sine, vart ho motivert til å søkje seg inn på skule att. Etter to år på Noregs kreative fagskule og eitt år i London hadde ho tittelen grafisk designar.

Kan kreativitet lærast?

– Før sa eg nei, men no seier eg ja. Ein kan lære seg å tenkje kreativt.

Men uansett om ein klarer å vere kreativ saman med andre i eit skapande skulemiljø, så er det noko heilt anna å halde det ved like i kvardagen. Og som sjølvstendig næringsdrivande er ikkje alle oppgåvene like kreative.

– Det krev mykje av ein. Ein må verkeleg vere dedikert og brenne for det ein driv med, fordi det er mange om beinet og lite jobb, fortel Anette med den skeive streken.

Ein kunde har bestilt «The Dance» i eit anna format enn det originale, difor gjer Anette nokre justeringar.