Magasinett

Utskrift

Den alpine draumen

Skrive av Tora Hope .

Oskar Eikeseth (16) drøymer om å delta i Dei paralympiske leikar.

Oskar Eikeseth (16) drøymer om å bli verdas beste alpinist. Han vil gjere det lettare for funksjonshemma å drive med idrett.

 

Denne veka går Ridderveka av stabelen på Beitostølen. Ridderveka er verdas største årlege internasjonale vintersportveke for syns- og rørslehemma, der ski, natur og sosialt fellesskap står i sentrum.  Kvart år deltek nærare 500 skiløparar frå ulike nasjonar.

Ein av desse er 16-åringen Oskar Eikeseth frå Slemmestad i Buskerud. Han drøymer om å bli verdas beste alpinist.

– Har kjent meg mislukka
Skisport har alltid vore viktig for Oskar. Sidan han var fire-fem år har han vore med foreldra på ski, og dei siste to åra har han stått alpint i Aron skiklubb i Drammen.

Ungdomsskuleeleven har starta Facebook-sida «Oskar Eikeseth – Drømmen om Paralympics» for at folk skal kunne følgje han på veg mot draumen. Til hausten skal han byrje på vidaregåande. Han har freista å finne ei alpinlinje på vidaregåande, slik at han kan trene målretta og seinare satse på sporten. Det gjekk ikkje.

LES OGSÅ: Elevar med ekstra behov fell utanfor

Nokre av skulane Oskar kontakta hadde ikkje ressursar eller kapasitet til å leggje til rette for 16-åringen, som har hatt cerebral parese (CP) frå fødselen. Hans type CP gjer mellom anna at han slit med gange og med finmotorikk. Når han skal køyre alpint treng han ein følgjeperson som kan bere utstyret og hjelpe han med å få det på. Ein annan skule kunne ta imot, men hadde ikkje det tilbodet Oskar ønskjer seg.

– Eg tør å påstå at ordningane er for dårleg i Noreg, seier Oskar Eikeseth (16).– Det var som venta at eg ikkje kom inn, men eg følte meg faktisk veldig mislukka og lei meg. Men, eg må drive med idrett. Når eg ikkje kan gå på alpinlinje, kjem eg til å satse ved sidan av vanleg skulegang, seier Oskar.

Meiner idretten har eit problem
Aron skiklubb i Drammen, der Oskar trener, er den einaste klubben på Austlandet som integrerer funksjonshemma utøvarar i alpint. Oskar meiner idretten har eit problem.

– Det er mange som sluttar om lag før dei har byrja. Ordningane er ikkje gode nok, og då blir det for dyrt. I tillegg meiner eg vi treng sterkare krav om at idrettsmiljøa må inkludere folk med nedsett funksjonsevne. Slik det er no må ein ha svært høg motivasjon og eit sterkt hovud for å halde seg i gang, seier han.

Oskar meiner hindringane for å drive med idrett både handlar om politikk og haldningar.

– Eg tør å påstå at ordningane er for dårleg i Noreg. I tillegg kjem vi ikkje unna at det framleis er ein del haldningar vi burde komme til livs. Ein møter ikkje alltid så mykje velvilje når ein har ei funksjonshemming og vil drive med idrett. Det er veldig vanskeleg å få til endring, meiner han.

Følgjepersonar og gode økonomiske ordningar
Oskar syner til Dei paralympiske leikar i Sotsji, der Noreg kom på delt ellevte plass på medaljetabellen, saman med Sverige. Russland trona øvst, med 30 gull, 28 sølv og 22 bronse. På andreplass kom Tyskland, etterfølgd av Canada, Ukraina og Frankrike. Også USA og Storbritannia var blant topp ti. Alpinisten meiner Noreg ligg bak i høve til andre land.

– Under Dei paralympiske leikar i Sotsji såg vi godt at Noreg har ein lang veg å gå.  Land som USA og Storbritannia har betre løysingar enn oss. Til og med Russland har utruleg nok grep vi kan lære av. Vi kan sjå til desse landa, plukke det positive og luke ut det negative, meiner han.

– I Russland får til dømes deltakarar i toppidretten dekka følgjepersonar. Dei russiske følgjepersonane får også løn, seier han.

Oskar meiner at å skaffe nok følgjepersonar og lage gode økonomiske ordningar er nokre av dei viktigaste grepa norske politikarar må ta.

– Alle bør få dei følgjepersonane dei treng, og då treng vi gode økonomiske løysingar. Økonomien er eit problem for veldig mange, difor sluttar folk før dei i det heile teke har byrja.

I mai legg regjeringa fram eit forslag om å rettsfeste og utvide ordninga med brukarstyrt personleg assistanse. Det er knytt høge forventingar til forslaget, mellom anna i organisasjonen Uloba. Oskar er aktiv i Unge Høgre, og har tru på det venta lovforslaget frå regjeringa.

– Eg trur regjeringa kjem til å halde løfta sine, fordi dei ser at det er eit fokus blant veljarane, seier Oskar.

Bygd på frivillig innsats
– Vi ser at det er utfordringar knytt til å rekruttere fleire funksjonshemma til idretten. I dag er kring 11.000 personar med nedsett funksjonsevne med i idrettslag i Noreg, men vi ønskjer eit endå høgare tal, seier Per Einar Johannessen, som er fagkonsulent for idrett for funksjonshemma i Noregs Idrettsforbund (NIF).

Han peikar på at idretten i Noreg er bygd på frivillig innsats.

– Der finst ein del offentlege ordningar ein kan få tilgang til gjennom kommunen. Dersom ein er avhengig av følgjeperson går det til dømes gjennom kommunen, men ofte er det slik at dei timane ein får løyvd ikkje er nok. Då er ein anten avhengig av at frivillige stiller opp, gjennom idrettslaget eller andre organisasjonar som ønskjer å hjelpe, eller at idrettslaget har midlar til å støtte med følgjeperson. Det er sjelden tilfelle.

Sjølv om Johannessen gir Oskar rett i at ordningane ikkje er optimale, meiner han det er vanskeleg å samanlikne ulike land.

– Russland har definitivt lagt ned valdsame menneskelege og økonomiske ressursar før Sotsji, og er også eit stort land med stor breidde. Noreg ligg likevel langt framme på ein del område for funksjonshemma. At vi ikkje dominerer i Dei paralympiske leikar kjem av fleire faktorar. Det eine er folkegrunnlaget. Noreg er eit lite land. Det er eit avgrensa tal personar med nedsett funksjonsevne i Noreg, vi har få trafikkskadde, og få krigsskadde. Vi må likevel ta vare på og følgje opp dei idrettsutøvarane vi har.

Oppmodar til dialog
Johannessen seier NIF er oppteken av å leggje til rette for personar med nedsett funksjonsevne si deltaking i idretten.

– Vi har over tid hatt fokus på styrking av følgjepersonordninga, slik at fleire kan drive med idrett. Vi ønskjer at rammevilkåra skal vere best mogleg for personar innan idrett og jobbar kontinuerleg mot departement og regjering for at dei ulike ordningane skal bli best mogleg.

Johannessen oppmodar til dialog dersom ein møter utfordringar i idretten.

– I NIF  har vi fokus på at vidaregåande skular som satsar på idrett også skal finne løysingar for funksjonshemma. Vi har både døme på skular som klarar det, og skular som ikkje finn det mogleg. Vi bør jobbe så langt som mogleg for å finne ei god løysing. Det er viktig for norsk idrett at funksjonshemma får lik sjanse til å satse på idretten.

På eit overordna nivå vil han oppmode personar som møter utfordringar, anten med idrett på fritida eller som ønskjer seg inn på skular som ikkje kan ta imot, å ta kontakt med Skiforbundet, NIF, kommunen eller fylkeskommunen som har ansvar for skulane, for å prøve å finne ei løysing.

– Eg tør å påstå at ordningane er for dårleg i Noreg, seier Oskar Eikeseth (16).