Magasinett

Utskrift

Er ho på veg ut?

Skrive av Tora Hope .

Lara Croft frå Tomb Raider er ung og pen, slik om lag samtlege kvinnelege spelkarakterar er. Mannlege karakterar er langt meir varierte. Skjermdump: JBLivin/Flickr/CC-lisens

Alle dataspelkvinner har ikkje lenger formene til Lara Croft, men kvinnelege spelarar må framleis tole å høyre at dei er både tjukke, stygge og lause.

 

Jenter som speler dataspel er ofte svært overvektige. Dei siklar gjerne over svære hamburgarar medan dei skyt ned fienden og klør seg på magen. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle. Nokre jenter som speler spel er veldig pene, og likar best å spele i trusa.

Den verda spelarane trer inn i med konsollen i handa er ikkje så ulik. Her er dei kvinnelege spelkarakterane oftast veldig pene og unge, og dei føretrekkjer å ikle seg så lite klede som mogleg når dei skal i kamp.

LES OGSÅ: Her kan du game i skuletida

Gutar som speler spel er derimot ganske vanlege. Dei er meg og deg, nokre tjukke, nokre tynne, nokre veldig kjekke, dei fleste heilt normale. Når dei legg ut i den virtuelle verda kan dei velje å gjere det som den styggaste griseliknande karakteren, som muskelbunten med glimt i auga, eller som den heilt ordinære middelklassefyren.

Slik kan speleverda sjå ut om ein googlar gamer og gamer girl. Biletet som vert ikkje så ulikt det rådgjevar i Medietilsynet Khalid Ezat Azam skisserte under Trygg Bruk og Røde Kors sin konferanse om unge og seksualitet på nett. Han fortalde om harde kår for dei som utfordrar kjønnsstereotypiar i speleverda.

Ikkje berre babes
– Speleverda er framleis ei ganske stereotypisk verd. Til dømes har ein såkalla pink games, som «goSupermodel». Dette er spel som rettar seg mot jenter og som handlar om mote og skjønnheit. Spelet «Bioshock Infinite» er eit anna typisk døme, der den sterke mannen passar på den pene dama. I spelet «Bayonetta» er hovudkarakteren kvinne, men ho er hyperseksualisert og formeleg drypp av sex, fortel Azam, som jobbar med dataspel i Medietilsynet.

LES OGSÅ: Zombiespel inn i klasserommet

Skrekkdømet på speleksperten si liste er mobilspel som «Plastic Surgery & Plastic Doctor & Plastic Hospital Office for Barbie». Appen rettar seg mot born frå ni år, og let spelaren hjelpe ei «stakkars jente som er så overvektig at at ingen diett kan hjelpe henne», som det heiter i produktskildringa. Ved hjelp av fettsuging kan spelaren gjere jenta tynn og vakker.

Etter sterke reaksjonar og eigarskapstrøbbel valde Apple og Google å fjerne spelet frå App Store og Google Play, ifølgje Dagbladet.no.

Større mangfald
Dei siste åra har dataspel vorte både meir vanleg og meir akseptert. Både eigne nisjesider som Gamer.no, og dei store massemedia vier plass til innovasjonar, forventingar og farar i speleverda. Spelmarknaden har vakse enormt, både i tal på spelarar og økonomiske verdiar.

Med det som av speleforskarane vert kalla «the casual revolution», har dataspel gått frå å vere noko for dei få, til noko for dei mange. Då er det kanskje ikkje så rart at Azam meiner å sjå ei endring i mangfaldet av spelekarakterar.

LES OGSÅ: Virtuell natur gjer oss godt

– Før måtte spelarar ofte velje mellom karakterar som anten minna om Pamela Anderson eller om Arnold Swartzenegger. I dag kan særleg gutar utforske alternative rollar i større grad enn før. I «Grand Theft Auto» kan ein til dømes vere både ein ekskriminell mann frå øvre middelklasse eller ein ung fyr som har vakse opp i ghettoen. Mangfaldet er stort. Kvinnerollene har også byrja å bevege seg vekk frå den mest stereotypiske puppedama, men så og seie samtlege av dei kvinnelege karakterane er framleis unge og pene, fortel Azam.

Ifølgje speleeksperten er også dei eigendefinerte rollene på veg fram. Til dømes har andre roller enn dei stereotypiske heteronormative rollene blitt meir synlege i «The Sims», eit spel som er populært blant tenåringsjenter. No kan ein til dømes velje å leve som homofil i spelet.

Feit, stygg eller laus
Det er ikkje berre i sjølve spela at kvinner må manøvrere innanfor smale roller. Ifølgje ei mindre amerikansk undersøking med nær 900 respondentar, har over 60 prosent av kvinner som speler på nett opplevd trakassering. 35 prosent oppgav at dei hadde slutta å spele i ein periode, på grunn av trakassering. Omkring ein tredjedel så mange menn hadde opplevd det same.

Nettsida Fatuglyorslutty.com samlar biletleg dokumentasjon av jenter som vert trakassert på nett.

– Namnet refererer til det faktum at kvinner som speler meir «gutete» spel ofte vert stempla som tjukke, stygge eller lause, fortel Azam.

I 2012 sette den Twitter-baserte rørsla #1Reasonwhy fokus på korleis det er å vere kvinne i spelebransjen. Erfaringane kvinnene delte på Twitter syner at trakassering er utbreidd:

 «Jenter fortel alltid at dei er jenter når dei speler for å få merksemd? Nei, dei fleste av oss håpar at du aldri skal finne det ut.» MissMeltdown, #1Reasonwhy

 «Gje meg #1Reasonwhy det er naudsynt at heile gruppa må vite om eg er feit og/eller har store puppar kvar gong vi er i eit WoW-raid.» NaomiBousson, #1Reasonwhy.

 «Eg har vorte utfordra om spelekunnskap fleire gongar enn eg kan telje, men eg har spelt lenger enn dei fleste menn.» Katey, #1Reasonwhy.

Kvinnelege spelarar vert ofte bede om å skildre korleis dei ser ut, dei vert skulda for å vere «falske nørdar» som berre speler for å få merksemd, og kunnskapen deira vert stadig utfordra og testa.

Virtuell juling
Anita Sarkeesian er ein kanadisk-amerikansk feminist, mediekritikar og bloggar, som står bak videobloggen Feminist Frequency. I 2012 starta ho ein kampanje for å samle inn pengar til ein serie som skulle utforske korleis kvinner og menn vert portrettert i videospel. Med det vart ho mål for ein straum av nettbasert trakassering.

LES OGSÅ: – Krigsbrotsverk i dataspel bør straffast

Wikipedia-artikkelen om Sarkeesian vart vandalisert med seksualiserte bilete. Twitter og Google-kontoane hennar vart forsøkt hacka og dei negative kommentarane hagla. Eit av dei verste døma var nettspelet «Beat Up Anita Sarkeesian», som let spelarane banke opp feministen. Ho mottok epostar med bilete av seg sjølv, der ho hadde blitt digitalt valdteken av dataspelekarakterar.

Sarkeesian publiserte noko av trakasseringa på bloggen sin, og samla til sist inn over 150.000 dollar til prosjektet.            

Spire til endring
Ifølgje Sarkeesian er trakassering og trugslar norma for kvinnelege spelarar.

– Speleindustrien er faktisk i ein endringsprosess. Det er veldig positivt, men eg trur det er ei lita gruppe mannlege spelarar som føler at dataspel høyrer dei til, og som er veldig skremt av endringane, sa ho til The New York Times i kjølvatnet av kampanjen.

Azam trur også på endring.

– Det er mykje merksemd kring problemstillingar knytt til representasjonar av kjønn i spel. Samstundes tek stadig fleire jenter del, både som spelarar og som meiningsberarar. Det er difor grunn til å tru at spelmediet kjem til å vert meir inkluderande over tid, meiner han.

I «Bioshock Infinite» passar den sterke mannen på den pene dama. Eit typisk døme frå spelverda, ifølgje Khalid Ezat Azam. Skjermdump: JBLivin/Flickr/CC-lisens.