Magasinett

Utskrift

"Ein ven strek, skrekkelege ungar og vill kjærleik"

Skrive av Inger Zivana M. Torvund .

Jean Cocteau fotografert av Man Ray i 1925.

Jean Cocteau: Ein tynn, mjuk strek som inneheld mykje kjensler.

 

Jean Cocteau var ein multikunstnar og forfattar som laga hans mest kjende verk frå 1929-50. Han har ei heil rekke diktsamlingar bak seg, og minst like mange teaterstykke og filmatiseringar. Han var kritikar og designar, samt illustratør, og det er illustrasjonane hans som fanga mi merksemd og gjorde at eg vart meir og meir interessert i arbeida hans. Men det går nesten ikkje an å snakke om kunsten og livet hans som to separate ting – personlegdomen hans skein gjennom det han laga og som person var han like tydeleg, teatralsk og vill som kunsten gav uttrykk for.

Då Jean Cocteau var ung levde han eit liv som var prega av kjærleik, opium og poesi. Han vart forelska i den unge poeten Raymond Radiguet og var for han ein ven, elskar og ein slags mentor òg. Dei samarbeida og reiste saman, heilt til Radiguet døydde berre 20 år gammal av tyfoidfeber. Cocteau var knust etter hans død, og ikkje lenge etterpå byrja han ei lengre avhengigheit av opium. Sjølv om han sa seinare at desse ikkje hadde meir enn ein tilfeldig samanheng, var det klart at livet hadde gått inn i ei endring, ei utfordrande tid.

"Ein leik som vert alvor"

Jean Cocteau skreiv den kjende boka "Dei skrekkelege barna" under denne perioden. Boka er ei tragisk historie som snakkar nett om det valdsame og intense ved å elske og å døy. Historia er skrive med eit enkelt og direkte språk, innhylla i ein dyster atmosfære med nokre lystigare glimt innimellom. Handlinga føregår i Paris, og sirkulerer rundt nokre sprelske ungar som er i ferd med å vekse opp. Paul er forelska i den vakre og utilgjengelege Dargelos, medan Gerard er forelska i venen Paul. I forteljinga finst og systera til Paul, og forholdet deira står sentralt i boka.

Det er noko veldig leikande og trist over desse ungane, som mister mora og byggjer seg ei isolert lita verd kor berre dei finst. Dei held fram med å leike, og å halde fast i kvarandre som haldepunkt, dei skapar eit rom der både livet står stille og døden nærmast opphøyrer å eksistere. Heilt til dei vert eldre, vaksne, og kjærleiken vert meir og meir verkeleg, til og med praktisk. Sjølv om kjærleikane vert byta ut og Paul og Gerard begge faller for to kvinner er dei framleis forelska i nokon anna enn dei burde. Då syskenforholdet og vert truga av alle desse intense kreftene, skjer det som ikkje skal skje; døden trør inn i deira konstruerte boble. Det er til tider ei tung bok, men forholdet mellom karakterane er levande og historia så vill og romantisk at det vert ein god blanding av sorg og glede. Teikningane er også med på gje det heile eit mjukt og barnleg preg, og ei fin djupne.

"Skriving er berre teikning, vevd på ei anna måte"

Teikningane til Cocteau er prega av spontane rørsler og ei letthendt linje. Han var ven og samarbeida med Picasso, og ein kan sjå påverknaden av den mjuke teiknestreken til Picasso i det han gjorde. Men han gjorde den heilt klart til sin, og brukte den mest av alt som ei fortsetting av teksten, ei utbrodering og verkeleggjering av orda.

Kropp og seksualitet, samd ømheit og venleik er tema som skin gjennom teikningane. Som ein som jobba mykje med teater fungerer teikningane nesten som kulisser, dei forsterkar og fargelegg forteljingane. Dei er organiske og så enkle at dei berre viser det høgst nødvendige, sparsame i streker, men ikkje i kjensler. Sjølv sa Cocteau i eit intervju at "skriving er berre teikning, vevd på ei anna måte", og det er den kjensla ein får når ein let augo kvile på dei vakre illustrasjonane.

"Tragedie og erotikk"

Jean Cocteau skreiv også ei bok kalla "Hvit bok" som med svært erotiske illustrasjonar har vorte ei klassisk kultbok om homoseksualitet. Han gav ho fyrst ut under eit pseudonym, mest sannsynleg fordi boka er personleg og handlar om hans eigen veg til oppdaginga av sin legning, men og for å skåne seg sjølv frå dåtidas dømmande syn på homoseksualitet. Forteljinga er nett det, ei skildring av ein manns oppleving av å oppdage og utforske sin eigen legning og kva omgjevnadane har å bety for denne oppdaginga. Cocteau ønska nok heller ikkje å identifiserast med boka fordi han ikkje ville at fokuset skulle vere på ein enkeltperson, men at boka skulle vere ein refleksjon over korleis det var å vere homofil i samfunnet og korleis homofobien som råda påverka enkeltpersonar.

Ein kan seie at me no er ganske langt frå det samfunnet som er skildra i "Hvit bok" og på mange måtar er dette sjølvsagt då den er skriven åttifem år sidan, men desse bøkene er likevel verk som framleis er aktuelle og som vil røre folk igjen og igjen, ikkje minst fordi dei er forteljingar om kjærleik og lengt, skyldkjensler og sorg. Men og fordi dei seier noko viktig om det å vere annleis, om når kjærleik vert meir av ei utfordring enn ei styrke, om det å ikkje kunne vere seg sjølv fullt og heilt utan å kjenna at det er feil. Querelle er ei anna bok Cocteau har illustrert, men den er skriven av forfattaren Jean Genet. Boka føregår i eit sjømannsmiljø der også homoseksualitet står i fokus. Det er ei intens, mørk og vakker bok som også tek for seg djupe moralistiske tema som det å myrde. Teikningane til Cocteau går hand i hand med boka og forsterkar det poetiske og biletleg vakre med forteljinga.

Cocteau bruker illustrasjonane til å rame inn forteljingane og gje dei ein levande og leikande dimensjon. Dei veldig vakre gutane teikna med ein lett strek veks fram i forteljingane og bileta og gjev eit direkte og visuelt vent inntrykk av kjærleik og dramatikk. Tragedie og erotikk går hand i hand, men teikningane er likevel så forsiktige og enkle at dei er lette for auga å ta innover seg. Ein tynn, mjuk strek som inneheld mykje kjensler.

Alle bøkene nemnde ovanfor finst omsett til norsk.