Magasinett

Utskrift

– Det skjer så mange forunderlege ting

Skrive av Andrea Nøttveit .

 Ferøyske Marjun Syderbø Kjelnæs meiner me bør lese meir frå våre naboland. Foto: Samlaget

Marjun Syderbø Kjelnæs vurderer somme tider å slutte og skrive, men fortsett tross alt. Litt som språket ho skriv på.

 

– Barnebokforlaget her oppe arbeider på høgtrykk med å omsette dei mest populære bøkene, men ofte endar det med at boka vert lesen på originalspråket. Dei fleste ungdomsbøker på engelsk, men òg ein del på dansk, skriv Marjun Syderbø Kjelnæs i ein epost til Framtida.

Ståstaden Norden
Som ferøyingar flest er forfattaren språkmektig. Ho både les og skriv dansk, og forstår godt bokmål og nynorsk. Til Framtida svarar ho på nynorske spørsmål på dansk. Ho forklarar at innbyggjarane på den vesle øygruppa er vane med å omstille seg til ulike nordiske språk.

Nett no er det vampyrseriar, Hunger Games, Percy Jackson, Cirklen av svenske Sara B. Elfgren og Mats Strandberg og Soulfinders-serien av Joss Sterling, som er mest populære på Ferøyane.

I tillegg til at dei meistrar dansk, les ferøysk ungdom både norsk og svensk på gymnaset.

Burde ungdom i dei andre nordiske landa lese meir på sine nabospråk?

– Ja, det tykkjer eg, svarar forfattaren og peikar på at ho kjem frå det minste nordiske landet.

Med rett under 50.000 innbyggjarar er det marknaden betydeleg større utanfor Færøyane. Dansk er naturleg nok stort på Ferøyane, sidan øygruppa er ein sjølvstyrt del av vårt naboland i sør.

Forfattaren meiner at å lese litteratur frå nabolanda våre kan vere lurt for identitetens skuld.

– For å forstå denne ståstaden som heiter Norden, og som me kikkar ut på verda frå. Men er ikkje det ein antikvarisk tanke, sentimentalt nasjonalistisk pjatt? Eg spør meg sjølv desse spørsmåla eingong innimellom, tenkjer på å slutte å skrive på dette vesle språket, på denne vesle staden, men så fortset eg, fordi det skjer så mange forunderlige ting akkurat her, akkurat som det gjer alle moglege andre stader i verda, men der er eg ikkje, eg er her. 

Er ferøysk språk og litteratur under press, fordi folk les mykje på andre språk?

– Akk ja, men det har det alltid vore - så kanskje det overlever, på tross. 

Skjermkommunikasjon og angst
No er forfattaren aktuell med norsk utgjeving på Samlaget. Romanen «Skriv i sanden» vart i fjor nominert til Nordisk råds litteraturpris, og kom nett ut i nynorsk språkdrakt omsett av Lars Moa. Her treff me ti ungdommar i hovudstaden Torshavn. Frå ti ulike synsvinklar vert den same helga skildra. Det er ungdommar som festar og er fortvila. Alle er på ulike vis på jakt etter kjærleik.

Kvar finn du du inspirasjonen til ungdommane du portretterer?

– Eg får inspirasjon alle moglege stader, frå verkelegheita, altså dei menneska som er rundt meg, både i notid, men òg menneske som var unge den gong eg var tenåring, skriv Kjelnæs.

Bøker og film er ei anna inspirasjonskjelde.

Korleis trur du det å vere ung i dag, skil seg frå di eiga ungdomstid?

– Den største forskjellen synest eg er måten dei kommuniserer på. Det er ikkje så mykje face-to-face-tid lenger. Dei unge i dag lever gjennom skjermar. Det er mykje lettare å kome i kontakt med folk som er langt vekke, men det verkar som om det er blitt litt angstprovoserande om folk er for tett på, meiner forfattaren, som undrast på kvifor det er blitt slik.

Men ikkje alt var betre før i tida. Kjelnæs tykkjer at unge i dag verkar mykje meir tolerante enn tidlegare. Heldigvis.

– Det er ikkje mange tabuemne, seier forfattaren.   

FAKTA:

Marjun Syderbø Kjelnæs (fødd 1974)
• Ferøysk forfattar som mellom anna skriv noveller og dikt.
• Debuterte i 2001 med novella «Kópakona» i novellesamlinga «Mjørki í heilum»
• Har bidrege i den nordiske novellesamlinga «Elskar, elskar ikkje», utgiven på Samlaget
• I 2010 kom «Skriva í sandin», ei novellesamling for ungdom.
• Samlinga er no omsett til nynorsk, utgjeven på Samlaget.
• Boka er allereie omsett til dansk og fransk.
• For «Skriva í sandin» fekk Kjelnæs Nordisk Skolebibliotekarforenings Børnebogspris i 2011
• I tillegg til at ho vart nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris i fjor.