Magasinett

Utskrift

Frå São Paulo til Festspillene

Skrive av Kristine Askvik .

REISER TIL NOREG: Hiphop-gruppa Afrobreak med medlemmene Aline Constantino (frå venstre) Davi Bizerra, Lucilene Santos, Gerson Cardoso, Jessica Pereira og Isabelli Gonçalves reiser frå São Paulo til Bergen for å arrangere Rival vs Rival.

Seks ungdommar frå São Paulo har starta Brasil sin største breake-festival. No tek dei festivalen Rival vs Rival til Bergen og Festspillene. 

 

Allereie i 2007 arrangerte hiphop-gruppa Afrobreak den fyrste hiphop-festivalen sin i utkanten av millionbyen São Paulo i Brasil. Dei kalla han for Rival vs Rival. No har festivalen verte den største i sitt slag i Brasil, og samlar årleg kring tusen deltakarar frå heile Brasil og andre land i Sør-Amerika.

Nabolaget der arrangørane kjem frå, er fattig og vert ofte omtalt som favela. Her er det mykje kriminalitet og mange unge vert rekruttert til narkotikamafia i staden for å halde fram på skule eller i jobb.

 

Formar samfunnet

Gerson Cardoso og Isabelli Gonçalves har vore med frå byrjinga i Afrobreak. Dei forklarar kvifor nettopp hiphop-en har vorte så populært og er så viktig.

– Vi ser på hiphop og break som ein sosial tranformasjon. No har denne forma for dans og kultur bredt om seg til fleire småsamfunn i områda her rundt São Paulo og òg til andre stedar i Brasil. Festivalen og det fellesskapet hiphop-miljøet fører med seg, kan endre liva til folk og får folk til å føle seg betre, seier Cardoso.

Afrobreak er knytt  den norske bistandsstiftelsen Kolibi CARF. Stiftelsen har jobba for vanskelegstilte barn og unge i favelaen i São Paulo i meir enn tjue år.

Målet til Afrobreak er å skape felles vennskapsband og interesser på tvers av sosiale skilnadar. 

– Vi har deltakarar som bur i slummen og vi har deltakarar som bur inne i sentrum av byane. Gjennom hiphop-en møtest dei og vi skjønar at vi alle har mykje til felles. Det gjer at barn og unge frå ulike nabolag vert samla, sjølv om dei har ulik bakgrunn, seier Cardoso.

 

Store forventningar

Dei gler seg no til å ta festivalen til Noreg og Festspillene i Bergen. Festivalen vil dei arrangere i samarbeid med lokale dansegruppa Absence Crew i Bergen, Kolibri CARF og Festspillene. Det vil òg vere ulike workshops knytt til break-dansing og graffiti under festivalen den siste sundagen i mai. Alle artistar stiller gratis og Bergen kommune har bidrege med eit tilskot. Eit eventuelt overskot av arrangementet vil gå til prosjekter for vanskelegstilte i favelaen i São Paulo.

– Vi har store forventningar til arrangementet. Det er fyrste gong vi skal arrangere dette i samarbeid med arrangørar i utlandet. Til no har vi berre gjort dette i Brasil. Vårt mål er at vi skal ta med oss masse positiv energi frå arbeidet vårt i Brasil og overføre det til festivalen i Noreg, seier Gonçalves.

For arrangørgruppa frå Brasil vert det òg eit avbrekk frå ei spent tid i heimlandet. Fotball-VM byrjar om berre få veker og det skapar ikkje berre positiv forventningar. Det har vore harde samanstøyt mellom politi og grupperingar i favelaområde den siste tida.

– Det er ein høg temperatur når det gjeld VM. Mange tenker at dei pengane som er brukt til å investere i VM i staden skulle vore brukt til å investere meir i utdanning. Viss ein tek ein tur til ein offentleg skule, så vil ein sjå at det står dårleg til der. Dei manglar til dømes skulemateriell, seier Cardoso.

Han fortel at det òg finst veldig mange i Brasil som ikkje bur i skikkelege hus og manglar til dømes gode sanitæranlegg.

 

46 prosent av alle brasilianske barn lever under fattigdomsgrensa. Det utgjer 27 millionar barn, syner tal frå FN.

I Bergen håper Afrobreak på mange deltakarar og stor interesse hjå publikum. Og dei aller flinkaste deltakarane får ein litt annleis premie.

– Dei som vinn får delta på Rival vs Rival i São Paulo til hausten, fortel Cardoso.

Cardoso legg òg vekt på at det vil verte interessant å møte og lære hiphop-arar frå andre kulturar å kjenne. Forutan norske dansarar, vil òg andre europeiske dansarar delta.

Kan verte tradisjon

Kolibri CARF håper festivalen kan verte ein årleg tradisjon.

– Vi håper det kan verte ein tradisjon der vinnarane frå den norske Rival-festivalen deltek i Brasil og omvendt. I år er fyrste gong vi gjer dette i Noreg, så vi skal evaluere det og legge ein plan i etterkant, seier Vanja Hoff i Kolibri CARF.

Søndag 31.mai håper dei mange kjem for å sjå på kva deltakarane kan syne fram av kunstnar både på veggen og på dansegolvet.

– Vi håpar at Rival vs Rival verte ein dag der folk i alle aldrar har glede av både å delta aktivt og å la seg inspirere og underhalde av kvarandre. Òg vi har sjølvsagt bestilt fint vêr, seier Hoff.