Magasinett

Utskrift

Festivaldagboka

Skrive av Mette Karlsvik .

Debutant, og vinnar av Sørlandets Litteraturpris, Agate Øksendal Kaupang.

La meg ta ein Bridget Jones Dagbok, og skrive historia om Norsk Litteraturfestival 2014, i listeform:

 

Finne festivalen som er nær seg (i hjarte, stad, tid):

Nord-Troms: Riddu Riđđu (juli)

Troms: Ordkalotten (vanlegvis i oktober)

Nordland: Sommer i Melbu,

Bergen: Audiatur festival for ny poesi (primo april), Festspeldiktaren (ultimo april)

Hordaland elles: Falturiltufestivalen (berre barne - og ungdomslitteratur), Poesi i Ulvik,

Rogaland: Kapittelfestivalen

Vest-Agder: Sørlandske Litteraturdagar

Telemark: Appelsinia (berre barne - og ungdomslitteratur, i september), Bøker i Bø (mai)

Sunnmøre: Nynorske Festspela, Boknatta (Aasentunet),

Romsdal: Bjørnsonfestivalen

Sunnfjord: Jakob Sande - seminaret (august)

Vestfold: Litteratur i Vestfold

Østfold: Møllebyen litteraturfestival i Moss (august)

Oppland: Norsk Litteraturfestival/ Undsetdagene, som er alle nordiske litteraturfestivalar sin mor

 

Oslo:

Februar: Sakprosafestivalen (i regi NFF)

Mars: Barnas Poesidag (på Poesiens dag, 21. mars)

August: Oslo Bokfestival

Ultimo august: Oslo Internasjonale Poesifestival (OIP)

Reise til Alle nordiske litteraturfestivalar sin mor

– Vil du til stillevogna? Nei, nei, du skal sitje i vogn ni. Sjå her, er panna cotta med ferske bringebær. Litt kaffi? Eit kjærleiksdikt?

Dagbladet Tom Stalsberg vinkar folk til seg, på perrong 11. Litteraturfestivalen byrjar med Poesivogna på Litteraturtoget. Litteraturtoget heiter vanlegvis R10 Larvik - Lillehammer. Men Dagbladet døyper om avgangen halv ti frå Oslo S, ei veke i mai. Som ein av festivalens sponsorar, kan Dagbladet gjere det. Ved ankomst Lillehammer inviterer dei vidare opp bakken, og inn på rom 316 av Breiseth Hotell.

Sjekke inn på hotellet

– Eit draumehotell, seier Ibsen-biograf og forfattar Ivo de Figueiredo. Han står i hallen av Hotell Breiseth, festivalhotellet. I nokre dagar av f Jodlar Bjørn Tomren ser på regnet i Lillehammer, frå Hotell Breiseth (forfattarhotellet). estivalen bur det forfattarar eller bransjefolk på alle romma av hotellet. For nokre ein draum, for andre ein mareritt. Litteraturkritikar Ane Nydal kallar det deja vú, når ho, eg og forleggar i Magikon, Svein Størksen, møtest på Breiseth. Nei, seier eg då: Vi møttest akkurat her, akkurat slik, med Svein ved sida av oss, i fjor, seier eg. Ein forfattarkollega, som av diskresjon får vere anonym, overhøyrer samtalen. Han byr på ei anektdote: Det var ein gong at han og dottera, då tretten år gamal, gjekk under blomstrande kirsebærtre. Dottera dreg den tunge lukta inn, og seier «Pappa, no har eg eit skikkeleg Voulez vous couche avec moi ce soir - augneblink!» Faren snur seg snart rundt, seier «Du meiner vel deja vú - augneblink!»

Ta føre seg av programmet

Berre Kulturrådet gav i 2013 4,1 millionar kroner til norske litteraturfestivalar, til alt frå internasjonale poesifestivalar, via Krimfestivalen i Førde, til Nordens største festival, Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. I tillegg til statsstønaden, kjem store ressursar til festivalane i form av private stiftingar, sponsorar, kommunale og fylkeskommunale stønadar, og uendeleg med menneskeleg innsats til administrasjon, logistikk og kunstnarisk innhald. Produkta blir bra. Her er mykje å hente for alle. Og kanskje særleg for dykk som kan ha glede av mange sider av litteraturfestivalen; av heile programmet for vaksenlitteratur, og for deler av det som er tenkt for barn og ungdom. Pegasusprogrammet er retta mot skuleungdommar i særskil, og har fleire postar på skulene.

Undsetdagene har over femti arrangement for barn og unge. Sjølvaste festsalen i Kulturhuset Banken vart heldt av til «Rød løper», eit arrangement med mellom andre Synne Lea og rapparen Taro. Og årets festivalstilling er med ein som har laga mange gode biletbøker for unge, Per Dyvig. Eit program for ungdom går parallelt med eit vaksenprogram som i seg sjølv er fem - seks rekker av parallellarrangement. Du rekk ikkje over alt som du vil få med deg. Og det beste tipset eg kan gje, er å ta ein Bridget Jones. Med det meiner eg å skrive lister. «Bridget Jones Dagbok» var ein roman skrive av Helen Fielding, og kom ut i 1996. Boka vart film. Og film, ja, det får ein alltid på Undsetdagene. Det pleier å vere ei kjærkomme pause med lukka dører, ei form for ro, i travle festivaldagar.

Reise heim

Søndag er det fortsatt fullt program på Norsk Litteraturfestival på Lillehammer. Mange har likevel komme seg på tog, og er på veg heimover. Det gjeld også DnFs nettsidefolk, som ser seg over skuldra, frå vogn ni på rute R10 mot Larvik, og ser ein tilsynelatande perfekt gjennomførd litteraturfestival: Forfattarar og publikummarar har vore blide, og har sett ut til å kose seg - i godt vêr og torevêr, hengande i samtale på uteserveringa til Stift, Banken, Hvelvet, Søndre Park, eller vore inne i dei ofte fullsette og nesten utselde arrangementa. Marit Borkenhagen, Lina Undrum Mariussen og dei andre kvinnene i administrasjon og leiing har framstått rolege, med oversikt og kontroll. Denne publikummaren har ikkje sett dårleg gjennomførte programpostar. Frå andre har eg berre høyrt ein klage: «Eg går glipp av ting! Det er for mykje her som eg vil sjå!» Det offisielle programmet har lag på lag av program, frå og med tysdag, til og med søndag. Men i tillegg har folk og institusjonar, på eige initiativ, arrangert små og store hendingar, seriar av hendingar, ekstraprogram. Eit døme er Uroens Bokhandel, som eksporterte ein filial til festivalen. Der selde dei ei einaste bok: Uroens Bok av Pessoa, og inviterte til portvin og diktlesing, og Poesibilen til Ted Granlund; ein gamal mercedes målt i politibilfargar. Får du problem med språket, då kjem Poesibilen deg til unnsetning. Treng du ein ven, tar Poesibilen deg med på rånerunde med pappkoppkaffi i handa, rap over anlegget.

– Det er godt å sjå at folk kosar seg. Då vil dei kanskje komme attende til neste år, seier Marit Borkenhagen.

Maria Parr på Lillehammer bibliotek.