Magasinett

Utskrift

Eit sceneliv

Skrive av Judith Sørhus Litlehamar .

Andromake av Jean Racine i ein versjon av Jon Fosse på Det Norske Teatret. Regi: Eirik Stubø. Foto: Erik Berg

Skodespelar Ellen Dorrit Pedersen (38) drøymer om å vere ei kvinne som ikkje går ut på dato trass i år og rynker.

 

– Eg ynskjer meg gode, vaksne kvinneroller, seier Pedersen som opphavleg kjem frå Strand kommune i Ryfylke. Eigentleg er ho lærar, men etter eit par år med jobb i ungdomsskulen byrja ho å studere ved skodespelarutdanninga på NISS. Det som var meint som eit påbyggingsår førte henne vidare inn på Teaterhøgskolen. Sidan har ho levd for og av scenekunsten.

Mange hugsar henne sikkert som diplomatdottera Margrete Broch Wergeland i NRK-serien Erobreren (2012) etter Jan Kjærstad sin trilogi. I tillegg er ho blant anna kjent for rollene sine i filmen DeUSYNLIGE frå 2008, Kongen av Batsøy frå 2010 og den ferske og prisbelønte filmen Blind.

– Kvifor skodespelar ?

– Tja, ikkje lett å definere, eigentleg, det er sikkert mange grunnar til det. Eg har alltid hatt ei genuin dragning mot å stå på scena. Eg er interessert i dramatikk og gode tekstar. Eg likar å setje meg inn i andre menneskesinn, skodespelar vart eit yrke som appellerte til det beste i meg.

– Kva inspirerer deg?

– Gode tekstar er inspirerande i seg sjølv. Gode skodespelarar og regissørar med auge for menneske,  og ikkje bare form og visualitet. Og så blir eg svært lett inspirert av musikk, slår rogalendingen fast.

Foto: Siren Høyland SæterHo arbeidde ved Rogaland Teater eit års tid før ho i 2006 vart knytt opp til Det Norske Teatret, der har ho toårskontraktar.

– Det er fint. Teaterliv og familie er ei utfordring, det er eit evig kapittel, men Det Norske Teateret er ein god og spanande arbeidsplass som gjer like mykje glede som han slukar tid, meiner ho bestemt.

– Kva er høgdepunktet i karrieren?

– Målet er at det siste eg gjorde er høgdepunktet, eg strevar etter å bli betre for kvar gong. Denne gongen gjeld det kanskje, det siste eg gjorde på teateret var Stort og Stygt av Olaug Nilsen, og på film var det rolla som blinde Ingrid i Blind. Begge deler sterkt rost av publikum og kritikarar.

– Korleis er det eigentleg, at alle skal ha meiningar om kva du gjer på scena?

– Nokre gonger vondt, nokre gonger godt, nokre gonger er det berre irriterande. Usakleg kritikk på trykk er irriterande, nivået på norske kritikarar er minst like variabelt som nivået på skodespelarane dei klagar over. Gode kritikkar er ikkje nødvendigvis dei som skriv fint om oss, men dei som har fagleg nivå til å uttale seg med interessante perspektiv. Vi har heldigvis reine fagtidskrift både for teater og film, det var der folk flest burde lese om det dei vil sjå, ikkje i tabloidane, seier Pedersen.

Ho meiner ikkje yrket krev at ein må selje eigne prestasjonar.

– Eg har hatt ein låg medieprofil mellom alle prosjekta eg gjer, og lar prestasjonane stå for seg. Nokre gonger slakt, andre gonger applaus. Det er ein del av jobben og ikkje noko eg tenkjer vidare på.

Kva er det med scena som fasinerer slik?

– Scena er eit lukka, konsentrert rom, der ein kan setje lys på dei bittesmå eller dei kjempestore ting i livet, utan uro utanfrå. Viktigare enn nokon gong eigentleg, i vår multitaskande verd.

Ho er ikkje i tvil om at eit liv som skodespelar krev arbeidslyst, speleglede og ein viss sans for timing. Ho likar ny dramatikk, og kva med drøymerolla? Ja, den er det slett ikkje sikkert nokon har skrive ennå.

– Kor er du om 10 år?

– Framleis i logistikkland, der eg både prøver å få mest mogleg tid til familien, samstundes som eg forsøker å vere med på alle spanande prosjekt som dukkar opp.

Kva er det som påverkar dei vala me gjer?

– Eg blei lærar fordi foreldra mine ville at eg skulle ha ei "skikkeleg" utdanning, draumen om teateret verka nok urealistisk for dei då eg var atten. Så eg blei jo påverka av dei. Men draumen var sterk nok til at den levde i meg i alle dei åra, og til slutt var det den som vann.

– Eg rår alle unge til å høyre på si eiga stemme, og om den er utydeleg oppfordrar eg til å studere mens ein ventar på klårsynet. Å verta klokare er noko ein aldri kan tape på. Kunnskap er i mine auge meir verd enn arbeidserfaring.

– Og kva med alle forventningane som er der ute?

– I mitt liv har dei betydd mykje. Forventningane til meg har vel først og fremst vore at eg ikkje skulle sløse vekk livet mitt. Det er positive forventningar, som har ført meg inn i utviklande prosessar gjennom heile livet. På vegen har eg gradvis lært å kjenne meg sjølv, og mine eigne forventningar. Negative forventningar derimot, at nokon forventar at du ikkje vil klare det, dei skal ein berre blåse i.