Magasinett

Utskrift

Gutar som les om jenter

Skrive av Mette Karlsvik .

Yrsa Sigurdardsdottir var ein av gjestane på Norsk Litteraturfestival i Lillehammer tidlegare i sommar. Her tar ho seg ein kaffi utanfor Mølla Hotell, framfor Petra Helgesen frå Mangschou Forlag og Språkfolk (i bakgrunnen).

Yrsa Sigurdardsdottir formidlar lesarglede til gutar.

 

Ingen folk kjøper og les ein så mange bøker som islendingane. Men sjølv der, som det er her i landet, slit ein på Island med å få gutar til å lese. Yrsa Sigurdardsdottir har lenge vore ein populær barnebokforfattar på Island. Etter ei handfull bøker med jenter som hovudpersonar, bad forlaget henne om å skrive inn fleire gutar. Ho svara med å skrive om fleire jenter, og kvinner. Og vart meir lesen enn nokon gong. Av kvinner, og av menn, gutar og jenter. Var det difor at ho, for den siste boka si, for første gong skreiv fram fleire gutar enn jenter?

Var det difor? Det spørsmålet skal vi svare etterkvart. Men først nokre ord om forfattaren sjølv. Yrsa er fødd i Reykjavik i 1969, og har ein son som jobbar i Noreg. Dette er ein av fleire grunnar til at krimforfattaren har eit varmt forhold til Noreg, og no har vitja byar frå Trondheim i nord, via Bergen, Lillehammer, Oslo. Ho har no gått forbi Arnaldur Indridason som den mest leste forfattaren på Island. Men trass i den store kommersielle suksessen, jobbar ho framleis 40 prosent som sivilingeniør. Fordi ho synest arbeidet er kjekt, og fordi ho aldri tar for gitt at ho har fleire historier å fortelje. Den siste romanen av henne som er omsett til norsk heiter De uønskede, oger om barna som vaksne glømte. Om utilstrekkelege vaksne og dårleg fungerande familiar i eit samfunn som stoler på familien som det bærande velferdssystemet. Barneheimen Krok er ein av desse dårlege institusjonane som ein kan finne på Island.

– Kunne dette ha vore ei rein historiebok, ei fagbok?

– Nei, eg liker å konkludere ei historie, og skrive ein slutt, seier Yrsa, som fortel historier som var fortia lenge.

– Ein kan ikkje snakke om alt på Island. Vi er eit lite samfunn. Vegen er kort til å bli frosen ut. Og kor skal ein då flytte?

– Gjer du deg sjølv kontroversiell, med å skrive om desse vanskelege sakene?

– Veit du kva, eg er for gamal no til å bry meg om slikt. Eg synest berre dei er viktige historier å fortelje.

– Korleis har di bok spreidd denne viktige historia til fleire folk?

– Krimromanen har den fordelen at han får mange lesarar, seier ho. Så - kva var det som fekk henne til å gå frå barneromanar til krimromanen:

 

Cliffhangers er Yrsa Sigurdardsdottirs spesialitet. Det å stoppe handlinga når det toppar seg, og la det usvarte spørsmålet henge, mens handlinga går til eit anna rom i romanen. Yrsa er dronninga av islandsk kriminallitteratur. Men ho har ikkje alltid skrive krim. I det tidlege forfattarskapet sitt skreiv ho for barn og ungdom. Når Yrsa blir spurd om korleis ho vart krimforfattar, svarar ho med denne anekdota:

– Eg var sjuk, og hadde tatt medisin. Eg var likevel i smerte. I smerta, og i ein slags pillerus, svarte eg telefonen, frå ein forleggar, som ville ha meg til å skrive krim for seg. Omtåka kom eg tii å svare ja.

Også den siste boka hennar blir seld som krim. Men ho er historieforteljing forkledd som krim. Ein serie faktiske og urovekkande avsløringar på Island var fagstoffet og historiene som Yrsa ville handsame. Det handla om overgrep og dårlege kår for barn og ungdom på barneheimar på Island. Korleis kunne ho formidle det historiske stoffet best? Jau, med romanen, tenkjer Yrsa:

– Eg brukte faktastoffet om overgrepa, og på konsekvensar som dei har hatt på barna. Det kom mellom anna fram at ungar frå desse barneheimane hadde i snitt 20 år lågare gjennomsnittsalder enn den jamne islendingen. Men eg valde å dikte opp ein barneheim. Det gav meg det rommet som eg trong for å formidle stoffet mest muleg sterkt.

Det har blitt ein spennande og ikkje reint lite litterær bok. Har boka blitt det fordi ho, for første gong, har fleire gutar enn jenter, som karakterar?

Nei. Det berre var slik. At det var gutar på barneheimen, og at det var dei som vart mishandla. Slik fråvikte Yrsa eit prinsipp som har vore med henne i tiår.

– Som barn, les du stort sett om gutar. I filmar er hovudpersonane menn. Menn les for det meste om menn. Det er kvifor eg har nesten konsekvent brukt kvinner. Historiene mine er jo dei same, uansett kva kjønn eg skriv frå. Men eg fortel dei frå ei kvinnes perspektiv. Det har eg ikkje mista mannlege lesarar og gutelesarar på, avsluttar Yrsa Sigurdardsdottir.