Magasinett

Utskrift

Kunst + teikneseriar = Kunstteikneseriar?

Skrive av Inger Zivana M. Torvund .

Frå

Det finst fleire typar teikneseriar som ennå ikkje har klart å bli heilt definert innanfor teikneseriemiljøet.

 

Eg har lenge vore interessert i teikneseriar som er litt annleis. Mange knytar teikneseriar opp mot humor og underhaldning. Dette treng sjølvsagt ikkje vere negativt, det finst mange spennande og svært morosame teikneseriar der ute som er verd å lese. Men det finst også andre typar teikneseriar som ennå ikkje har klart å bli heilt definert innanfor teikneseriemiljøet. I ein amerikansk artikkel kallar kritikaren Rob Clough desse teikneseriane for "Artcomics", altså kunstteikneseriar. Denne måten å lage teikneseriar på er relativt ny, og nett no dukkar det opp fleire og fleire kunstnarar som jobbar på denne måten. "Artcomics" er eit veldig passande begrep ettersom denne måten å lage teikneseriar på førte med seg ei endring og det vart opna opp for nye, kunstnarlege tilnærmingar til mediet. Ein av dei viktigaste faktorane i utviklinga av denne nye typen sekvensiell kunst og visuell historieforteljing var framkomsten av ein ny, ung generasjon av kunstnarar, mange av dei utdanna som bildekunstnarar. Ulikt frå tidlegare generasjonar som såg teikneseriar som rein litterær kunst og isolert frå det visuelle kunstmiljøet, nærma desse kunstnarane seg teikneseriemediet med heilt andre tekniske og konseptuelle intensjonar.

Men kva definerer Artcomics?

Då teikneseriar byrja dukke opp for fullt i aviser og blad på byrjinga av det 20. århundret vart måten å teikne stripene på definert av tekniske avgrensingar, som kvaliteten på papiret og trykket når ein skulle trykke opp veldig store opplag. Endring i teknologien gjorde at bøker trykka i høg kvalitet vart tilgjengeleg for kva kunstnar som helst. Dette resulterte i ei ny grafisk tilnærming til teikneseriar. Men Artcomics går ennå eit skritt lenger: det grafiske og konseptuelle innhaldet deira gjer det mogleg for dei å verte utstilt i galleri eller lagt ut på internett. Som kunstverk treng dei ikkje eingong å bli skrivne ut, difor kan dei vere laga i kva teikneteknikk som helst. Det betyr at Artcomics er ein form for kunst som er uavhengig av format. Som ein følgje av dette, oppstod eit nytt aspekt ved Artcomics. Amy Peltz seier: "Artcomics needs to be bot read and viewed, or more accurately, to be read through viewing". Artcomics har difor vorte til ein "plass i mellom" kor kunstnarar ikkje berre treng arbeide på ein reint "visuell " måte, og heller ikkje ein reint "litterært". Det kan vere utfordrande å lese teikneseriar som dette då dei krev noko anna av lesaren enn ein er van med. Det viktigaste i det som skjer, men det er stemninga og dei kjenslene det visuelle skapar i lesaren som står i fokus.

Aidan Koch

Ein av kunstnarane som lagar Artcomics er den amerikanske kunstnaren Aidan Koch. Ho jobbar på ulike måtar og med ulike material, men vender stadig tilbake til blyant og teikneseriemediet. Ho bruker også farge og måling i arbeida sine og nokre gonger jobbar ho med andre material som tekstil eller keramikk. Tematikken i kunsten hennar er poetisk og open, med naturelement og menneskelege relasjonar. Ho bruker tekst i teikneseriane, men den er kort, svevande og ein del av det visuelle. To gode eksempel på hennar eksperimentelle måte å lage teikneseriar på er den grafiske romanen hennar "The Blonde Woman" og eit prosjekt kalla "The Hylaeus Project" som er eit samarbeid med musikar og entomologen Lisa Schonberg.

 The Blonde Woman er ei stille draumeaktig forteljing der hovudfokuset er som tittelen hintar til, på ei blond kvinne. Teksten er sparsam og svevande, og sjølve handlinga rører seg framover gjennom det visuelle, med ein forsiktig og mjuk strek er det ei poetisk verd ein vert kjend med. Forteljinga er mørk og isolerande på den måten at hovudfokuset er den indre verda til den blonde kvinna, og korleis to karakterar som verkar vere venane hennar ikkje klarer forstå ho eller nå fram til ho sjølv om dei prøver. Noko verkar vere galt, ei uro som veks fram frå sidene. Gjennom heile boka er draumar og natt i fokus, og den blonde kvinnas ønskje om å berre vere i dette draumelandet dominerer. Forteljinga kan gje ein tankar om psykiske plager, som depresjon.

Frå The Blonde Woman av Aidan Koch.

Ho deler opp teikneseriesidene med berre ein tynn blyantstrek. På sidene eg har lagt ved som eksempel her viser det korleis ho utnytter seg av målerteknikkar og subtile endringar i papiret for å føre forteljinga sakte vidare. Heile boka er prega av graderingar, frå mørkt til lyst, frå halvmåne til fullmåne, frå natt til dag, vaken tilstand til draumetilstand. Det verkar som Koch er inspirert av naturens syklusar og taler gjennom dei for å vise korleis eit menneske kan endre seg. Graderingane er også reint fysiske, i målinga ho bruker. På same arket kan ho bruke uliker måtar å inkorporere teksten for å understreke noko eller berre vise ulike stemningar. Teksten verkar ikkje vere veldig viktig fordi den understrekar bileta meir enn å skape eit nytt element, men visuelt speler den ein stor rolle. Dialogane er også ein kontrast til den indre verda til den blonde kvinna, og skaper slik ei større kjensle av to ulike verder.

Prosjektet "The Hylaeus Project" der ho samarbeider med Lisa Schonberg er eit prosjekt der fleire medium er i bruk. Prosjektet starta då Schonberg, utdanna som entomolog, ønskja bruke lyden tatt opp i arbeidet hennar med nokre sjeldne hawaiiske Hylaeus i hennar eige musikkprosjekt. Ho fekk med seg kunstnaren Aidan Koch og dei drog saman til Hawaii for å utføre prosjektet. Koch laga ei heil rekkje teikningar basert på stadene dei var på, mange av dei landskapsmåleri, men inkludert i samlinga er også fleire teikneseriar, altså "artcomics". Saman med desse teikningane og notat laga dei ei bok av prosjektet. Schonberg hadde også ei musikalsk framvising basert på lyden tatt opp i arbeidet med biene. Dette resulterte også i ein utstilling, der dei viste deira samla arbeid, Koch sin kunst og Schonberg sin musikk.

Dette prosjektet er interessant fordi det fungerer på fleire plan. Opphavleg er arbeidet Schonberg gjer ikkje knytt opp til noko kunstform, det er svært vitskapeleg. Men gjennom ulike medium klarer Koch og Schonberg å fange opp og reflektere arbeidet med biene på ein spennande, innovativ og vakker måte. Dei verkar begge vere komfortable med å jobbe innanfor fleire medium og felt, men likevel halde på deira særeigne stil og stemme. Prosjektet viser ein audmjukheit ovanfor naturen, og dei små, men viktige endringane i naturen. For meg er dette heilt klart eit teikn på korleis teikneseriemediet ikkje har nokre avgrensingar og at ein kan gjere veldig mykje om ein tenkjer ope og nyskapande.

Ein anna som har laga to teikneserieromanar i denne sjangeren, er kunstnaren Jaakko Pallasvou. Han er ein finsk kunstnar som har jobba mykje med teikning. Uttrykket hans er forsiktig og minner om Aidan Koch sin strek. Dersom ein kjenner til den svenske teikneserieskaparen Joanna Hellgren, så kan dei også få ein til å tenkje på hennar teikneserieromanar om Frances. Pallasvous uttrykk er litt meir flatt, meir todimensjonalt og teiknemessig eksperimentelt enn Hallgrens. Den siste boka hans er risograftrykka, som er ein digital måte å trykke på der ein vanlegvis bruker fleire fargar. Denne måten å trykke på og blåfargen han valde gjev boka ei spesiell stemning som både minner om meir tradisjonelle måtar å trykke teikneseriar på, samstundes som det også opnar opp for nye moglegheiter innanfor dette mediet.

 Forteljinga i den siste boka (som er den einaste som er utgjeven på engelsk) følgjer to unge vaksne som drivne av romantiske ideal er på leit etter noko som kan gjere dei mindre forvirra. Deira møte med overnaturlege krefter gjer ting kompliserte og fører dei vidare på ferda. Det er ein vakker og vill forteljing, som rører ved både det overflatiske og det djupe. Det er lett å følgje forteljinga, som med sin stabile flyt passer godt saman med dei meir krevjande teikningane. Ein kan lett la blikket dvele ved teikningane. Sjølv om forteljinga er ganske alvorsfull er det likevel eit element av leikenheit i alt det surrealistiske.

Diverre er boka hans utseld og det same gjeld fleire av Aidan Koch sine prosjekt. Heldigvis kan ein finne mykje av det dei gjer på Internett, og heile "The Blonde Woman" ligg ute på denne nettsida: http://studygroupcomics.com/main/category/title/the-blonde-woman

Aidan Koch og Jaakko Pallasvou hadde også eit felles prosjekt tre år sidan, der dei laga teikneseriar som fungerte som små brev mellom kvarandre. Dei la dei ut på bloggen Pages, linken er denne: http://pagescomic.tumblr.com/

Frå The Blonde Woman av Aidan Koch.