Magasinett

Utskrift

Olav Nygards ord

Skrive av Erlend Skjetne .

 

Når det ein sjeldan gong er snakk om lyrikaren Olav Nygard, har ei viss setning uttalt av Claes Gill ein tendens til å dukke opp: Om Olav Nygard hadde skrevet på et verdenssprog, ville han hatt rang som en av verdenslitteraturens store lyrikere. Men diverre skreiv han på nynorsk.

 

Dette kan vera noko å ha i minne når ein les fetisjerte diktarar som var så heldige å ha engelsk, fransk eller tysk som morsmål: Skriv ein på eit lite språk, er sjansane minimale for å få ein såkalla sentral plass i litteraturhistoria. Med andre ord kan det finnast ei rekkje forfattarar frå diverse språklege utkantar, som hadde fortent ei høg stjerne i litteraturhistoria vel så mykje som mange av dei vi er vane med å kalle klassikarar. Eg har saktens tenkt tanken, etter lesing av mange slike klassikarar innan lyrikken: Vel og bra, men Olav Nygard skriv finare enn som så. Men det er liksom ikkje noko å gjera med det: Ein kan ikkje forvente at heile verda skal lære seg nynorsk for å lesa Olav Nygard, og eit så sereige språk som hans, eit språk som berre han sjølv til fulle meistrar, vil neppe kunne omsetjast til andre språk utan at mykje går tapt i prosessen. Vi får altså finne oss i at Olav Nygard ikkje blir ei internasjonal stjerne. Men det som er trist, er at så fåe nordmenn les han. Det kan ikkje vera fordi han er gløymt, som visse andre, for det er ingen mangel på andre diktarar som har skryte hemningslaust av geniet Nygard, frå Arne Garborg til Stein Mehren til Tomas Espedal, berre for å nemne nokon. Nei, det som verkeleg er trist, er at nettopp språket ser ut til å vera den store barrieren mot lyrikken hans også for nordmennene, landsmenn av Nygard. Iallfall har ein myte overlevd, om at Nygards nynorsk er tung og vanskeleg, så full av merkelege ord at han nærast blir uforståeleg. Det som er uforståeleg for meg, er at ikkje fleire har lyst til å ta den utfordringa, og prove for seg sjølve at dei har litt språkleg intelligens. Prøver ein seg på Nygards dikt, vil ein ikkje berre få nokre fantastiske lyriske opplevingar, ein vil òg kunne lære litt av kvart om norsk språk.   

For det stemmer at Nygard er ordflink, ein ordsmed av dei sjeldne. Han unnser seg til dømes aldri for å setja saman nye ord etter som det høver seg. Les ein berre eit av dei mest kjende og utvilsamt mest suverene dikta hans, det nesten sensuelle daudsdiktet “Til Ljaamannen”, finn ein som perler på ei snor orda “lauvhengløyne”, “elskhugsgaavunn”, “ekstase-bylgja”, “villsvarm”, “meinklør”, “morgonlidenn”, “dvalemoann”, “roseflod”, “audebol”, “blodrus-vinen” og “kvitkoll-tungur” – og dette er då berre substantiva, med Nygards eigne bøyingar. Riktig nok skulle ikkje nokre av desse orda vera serleg vanskelege å forstå, om ein har eit visst ordtilfang og/eller evna til å fortolke ut frå ein gjeven kontekst. Litt verre er det kanskje med substantiv som “braglebraut”, “atterløype”, “fysnefrode”, “sjaund” og “villto”, adjektiv som “ræsen”, “sangren”, “lyrmen”, “elgje-mett” og “haaken”, og verb som “ymje”, “olle”, “gyrde”, “skjekkje” og “tæpe”, for å nemne nokre friske døme. Til samlinga Dikt i utval frå 1958, høyrer det vel å merkje ei ordliste som forklårar ein heil del. Men jamvel der er det spørjeteikn attom sume ord, og asteriskar ved ord som Norsk ordbok berre kjenner frå Nygards dikt, eller berre derifrå med den tydinga Nygard legg i dei. Denne ordrikdommen hans synst eg personleg er eit veldig morosamt trekk ved diktinga til Nygard, og ein grunn i seg sjølv til å lesa han. Men sjølvsagt må eg respektere at ikkje alle andre er like glade i snodige ord.

Eit stort spørsmål er sjølvsagt kvifor Nygard på daud og liv måtte drive på slik. Kvifor kunne han ikkje berre halde seg til vanlegare ord? Var det for å plage folk? Det trur eg ikkje. Eg trur snarare han var for stor for sitt eige morsmål, eller for alle språk. Så avgrunnsdjupe var tankane hans, så visjonært blikket hans, at det rett og slett ikkje var plass for alt han hadde på hjarta, i det språket han hadde lærd. Men han kunne ikkje difor teia. Han måtte seia akkurat det han ville seia, og han måtte seia det i den heilt perfekte rytmen som dikta hans alltid legg for dagen. At det kravde nokre neologismar og innovative samanstillingar å få den kabalen til å gå opp, fekk heller vera: Det var naudsynt, jamvel om det innebar at han skreiv over hovudet på sume. Men han framstår jo aldri som arrogant. Han er ingen snørrhoven intellektuell som skriv vanskeleg i eit ynske om ikkje å bli forstått, han vil nå ut. Dimed er det som om han seier – fordi han slett ikkje kan forvente at alle skal forstå alle dei underlege orda hans – at det ikkje eigentleg er så nøye. At ein ikkje treng å skjøna kvart einskilde vesle ord. At ein som lesar, i dei orda ein ikkje fullt ut forstår, kan få leggje si heilt eiga tyding. For det er dei store linene som er viktige, det er dei djupe tankane og dei høge synene. Dei når fram til ein vaken og inntrykksøm lesar uansett, jamvel om strofene er så  “vanskelege” som til dømes denne:

 

Mitt hugsyn lyfter sine ulevengjer

og vivrar ut i stillslegt natteflog;

det dirrar endaa gjenom sprengde strengjer

der høgdags-slaatten svall med brand og sog.

I skugge-kjøvde stilla lengsla fengjer

min heile hug; i kvar den hjarte-taag

renn blode saarmod-spakt, med hjarta spanar

sin kvelving liv-vart um den draum som svanar.