Magasinett

Utskrift

Poesi er lyd

Skrive av Mette Karlsvik .

Han satt på bakarste pult og bråka. Så kom Taro Vestøl Cooper til skulen, og såg at fjortenåringen hadde noko på hjartet. Det blei det ein rappar av.

 

Pøbelen på bakerste pult framstår sur for beskjeden frå læraren: Dagen i dag er dedikert dikt. Den kulturelle Skulesekken har sendt Taro Vestøl Cooper til klassen. Jau, då. Om læraren kjenner fjortenåringen på bakarste benk rett, så blir det bråk. Læraren får rett i at det blir bråk. Men det viser seg at læraren ikkje kjenner «bråkmakaren» så godt som han trur.

Frå kjærleik til dikt

– Kan vi lage så mykje lyd at rektor kjem på døra?

Taro Vestøl Cooper byrjar diktdagen med ein desibelmålar. Han viftar den framfor klassen, mens han seier at poesi er lyd, at lyd er poesi, og at det er der dei skal byrje: Dei skal lage så mykje lyd dei berre klarar. Helst så mykje at rektor kjem stormande og lurer på kva som skjer. Og klassen lagar lyd. Slik varmar dei opp til det som skal bli rap av høgare klasse enn dei går i.

– Dikt er kjærleik, og at kjærleiken er i å lage lyd.

– Kva lyd?

– Lyden av dykk sjølve!

Fortel om dykk sjølv, oppmodar diktkurshaldar Taro:

– Kven er de, kva vil de, kor vil de reise, flytte? Kva har de på dykk, kva vil de bli når de blir store? Og kva får dykk til å grine, le, hytte med neven, hyle, bli forelska?

Før dagen er omme, har han eg fortalte om, han som satt bakarst og hadde capsen att fram, skrive dikt. Han har vunne klassens opplesingskonkurranse, og kjem vidare til skulemeisterskapet i poesislam. Der les han opp. Det handlar om ein homofil gut, ein som blei mobba, og som bytta skule. Lærarar og elevar blir stumme. Dei kan høyre ei knappenål ramle. Og då, når dei trur det ikkje kan bli meir sterkt, snur rapparen på det heile. Fjortenåringen sluttar å skildre den mobba guten. Han skildrar publikum, seier: Kva om det var deg som vart mobba, som vart fryst ut!

– Han sette heile skulen til veggs. Særleg overraska vart læraren hans. Læraren ante ikkje at guten kunne skrive.

Engasjert og engasjerande

Eg møter Taro ein heit og lummer sommardag i Oslo. Taro er forkjøla. Han har gitt nesten alt til ungdommar og unge vaksne på sommarleir i Arendal. Likevel byr han på seg sjølv. Først til ei vilt framand jente som kjem til han utanfor Majorstuhuset. Om Taro vil bli medlem av Elixia? Sjølv bak mørke solbriller er det lett å sjå at den sterke klatrekroppen ikkje treng vidare stramming og trimming. Men Taro tar seg god tid til å snakke med jenta, snakkar om dette og hint, som om vêret. Så tar han ho i handa, seier Taro, og så går vi, til ein brun kafé, og drikk svart te. Når han ikkje er leiar på rusfri sommarcamp, har han nemleg eit kunstnarskap å leve av. Taro jobbar fulltid som slampoet, slam-arrangør, som poesikurshaldar. Han er ofte engasjert. Grunnen: Han klarar sjølv å få ungdommar engasjert.

– Alle der har lært noko om skriveteknikk. Men den vanskelege biten er å få dei i gong. Å få dei til å skjønne at dei har noko dei vil seie. Og at dei vil seie det. Med ein gong ein har fått aktivert dette, så går skrivinga av seg sjølv, som pleier å minne elevane om at dei skal lese høgt, at det ikkje gjer noko korleis det ser ut på papiret.

Attende til skulen, der Taro hadde skrivekurs. Godt ute i diktdagen sitt dei fleste elevane sitt over arka og skriv dikt for opplesing. Men ikkje alle. Nokre har for mykje ir i kroppen. Andre veit berre ikkje kor dei skal byrje. I dag er det ikkje så mange som står fast. Vitjaren sett seg ned ved einskilde elevar. Ei jente spør: Kva skal eg skrive om?

– Skriv om deg sjølv!

– Kva skal eg skrive om?

– Kva liker du?

– Fotball!

– Skriv om fotball.

– Kva då om fotball?

– Kva liker du med fotball?

– Publikum, kanskje.

– Skriv om publikum!

Jenta er i gong. Cooper seier dei andre: De må ikkje skrive om Syria eller valdtekt. De skal få gjere som dei vil med tekst. Dei kan skrive stygt, kan skrive som dei snakkar, det er ingen som skal lese det de skriv.

Å få karakter på eit dikt

«Kan eg verkeleg skrive det?» er eit vanleg spørsmål som Cooper får, når han er i klasseromma. Der ute i verda spør ein, om poesislam: «Kan ein verkeleg konkurrere i poesi?»

– Kan ein setje karakter på eit dikt, ein toar, ein seksar? Det er eit tveegga sverd, dette med konkurranseaspektet. Det gjer det meir publikumsvennleg.

– Slammaren må møte publikum på halvvegen. Han kan ikkje berre gøyme seg bak ei bok eller eit ark. Han må strekkje seg etter dei, og skape dette rommet som er så fint.

Slammiljøet i Noreg er lite, sett i forhold til store slamland som Frankrike, Storbritannia, og store deler av Nord- og Sør-Amerika. Paris har hatt VM i fleire år. Når slammarar frå heile verda blir samla i dei same romma, er ulikskapane mellom miljøa meir tydelege. I Paris er det kampar i poesi nesten kvar kveld. Det blir drive av alle slags poetar, i alle aldrar. I det afrikanske landet Gabon, derimot, har det blitt ein sport for dei yngre. Vaksne poetar held seg unna fordi dei forbind slam med rap. Eg var sjølv med på ein delfinale i Bergen i 2006, og las meir tradisjonell poesi. Med det kom eg til ein landsdelsfinale i Stavanger. Men berre år seinare stod eg igjen på scena, med stillferdige og opne dikt, og vart knapt høyrt i krafta av purunge, slagkraftige rapparar. Korleis vil Taro definere norsk poesislam no: Er det poesi i vidare forstand, eller mest for rapparar og rappefans? Han svarar med å skildre den skandinaviske meisteren frå i fjor, Tobias Erehed:

– Han høyrtest ut som at han skulle sovne på scena. Men han kommenterer, undervegs, på sin eigen introverte måte. Det finst ingen fasit.

Taro las ein gong under VM i Paris. Han vart særleg inspirert av ein brasiliansk og ein kanadisk utøvar, og fekk ikkje med seg alt innhaldet i det portugisiske til brasilianaren. Men:

– Lidenskapen blir viktigare enn det andre. Han slapp berre mikrofonen og alt det andre, og tok det ut av alle proporsjonar.

Meld deg på Poesislam!

Har du eit dikt som egnar seg for å lese høgt? Eit som er toppen tre minutt langt, og som du trur kan få eit publikum til å tenkje, grine, flire, rase, bli forelska? Meld deg på ein delfinale i NM i Poesislam, då vel! Det er ikkje aldersgrense, og det er mulegheiter over heile landet i haust: Frå Antikvariatet i Trondheim 24/9, via Tromsø under litteraturfestivalen Ordkalotten, og i Oslo, på Nordic Black Theatre 5/11. Til teatret på Grønland, kjem Cooper, frå heimen på Tøyen, for å vere programleiar – og inspirator. Inspirasjon i videoform finn de på Youtube.