Magasinett

Utskrift

Berre stas i STAUT

Skrive av Marit Lajord .

Gitarist Dag Arve Sandnes, vokalist Gaute Lein Ausrød og trommis Frode Flatland, slik dei har nytta mange timar - i bilen.

Rock møtte folkemusikk, så kom øving og innspelingar, så åtgaum, autografjegerar og tusenvis av publikummarar.

 

Før allsong, gauling, swing og nachspiel, kjem timane. Timane i bil, med øving, lydprøver og internhumor. Me fekk vera med ein av desse timane. Tidleg i sumar i Hallingdal – før ferda gjekk vidare til nye festivalar, scene og swingdansande publikummarar, på ein tettpakka sumarturné.

– Vi har det morosamt kvar gong vi går på scena. I grunnen har vi det berre stas, seier vokalist Gaute Lein Ausrød. Saman med Ørnulf Juvkam Dyve, Asle Tronrud, Dag Arve Sandnes og Frode Flatland utgjer han Staut.

Ei eventyrreise
Det heile starta i brytninga mellom eit pastellfarga 80-tal og 90-talet som var meir prega av bondeblått. Slik startar bandet si eige soge på nettsidene sine. Våren 2009 vart dei samla – folkemusikarar og rockefolk. Så gjekk det fort med management og plateselskap, til fyrsteplata STAUT kom i byrjinga av 2010.

Gaute Lein Ausrød sjekkar mobilen - obligatorisk på lydprøve.– Vi hadde jobba med masse forskjellig musikk i mange år. Då vi samla heile gjengen berre funka det. Det var veldig kult, vi vart nesten overraska over kor bra det vart då vi spelte inn, forklarar Gaute.

Om nokre veker kjem den fjerde plata. I mellomtida har dei opna Spelemannsprisen, samla 7000 publikummarar på ein gong og gått rett inn på VG-lista topp 40 med tredjealbummet Stugureint.

– Vi berre dukka opp som eit norsk band, heilt utan hjelp av Idol og Tv 2. Og så har vi klart å fylle Rockefeller og selje masse plate. Det har vore ei eventyrreise, seier gitarist Dag Arve. Han meiner det handlar om at bandet treff på tvers av generasjonar og sjangrar. Dei har spelt på både folkemusikkfestivalar, countryfestivalar, bluesfestivalar, så vel som på mange rockefestivalar.

Dialekt
– Eg trur mykje av suksessen handlar om innhald og tekstar. Vi har setningar folk høyrer på, held Dag Arve fram. Som Sjå sole – E må nyse/Tenk så gøtt mø ska ha det i lag/Ligge mjukt i ei seng/Som gjer nytta si som seng/Berre gå hånd i hånd ein sommardag, frå Sjå sole på fyrsteplata.

Setningane er på Valdresdialekt, og nett dialektbruken er noko av det Staut har hausta størst åtgaum for. Som Øyvind Rønning skreiv i si melding av plata Stugureint i Dagbladet, «Band som synger på dialekt er vi for».

Men vokalist Gaute er bokmålsbrukar på privaten – han tykkjer vekslinga er uproblematisk.

– Eg har vakse opp på bygda, så det å synge på valdris fell naturleg for meg. Dialekten er jo fantastisk. Men det ville ikkje vore meg å nytte den på heiltid, sjølv om eg kanskje hadde drage fleire damer på det, ler han.

Sjølv med mykje fokus på det med dialekten, understrekar karane at det å treffe ikkje handlar om geografi. Dei peikar på kombinasjonen – refreng, melodiar og tekstar, slik det gjerne er med låtar. Kombinasjonen som gjer at publikum gaular: slepp me’ inn, slepp me’ inn/du å’ e’ på saueskinn/slepp me’ inn du jenta mi, når dei spelar låta Slepp me inn, som er ein av publikumsfavorittane.

– Folk kan forferdeleg mykje, gjerne alle låtane på konserten. Og det uansett om vi spelar i Valdres eller Finnmark, seier karaFelene i Staut vert traktert av Asle Tronrudne.

I bilen
Utanom møta med publikum, lydprøvene, innspelingane og timane i Staut-bilen, har karane framleis andre jobbar. For dei er det nett passe mykje musikk.

– Vi er 10 stykk i ein bil, i veldig mange mil. Då er det fint med andre ting også. For det å drive med musikk må vera lystbetong, elles vert det heilt feil, seier dei.

Men timane dei har i lag, har dei det triveleg. Dei peikar på eit ganske vidt aldersspenn, med ein snittalder på 33 som noko av grunnen – det jamnar ut mentaliteten.

– Det hender sjølvsagt at det går ei kule varmt. Men vi har jo veldig moro, litt barnleg og mykje sa brura-humor, seier Gaute.

Med høgdepunkt som det å spele 7000 publikummarar eller det å få ein ny låt på radioen, er konklusjonen hans klår.

– Vi får skape noko heilt unikt og vi får oppleve vannvittig mykje. Dette er verdt å nytte år av livet på, avsluttar han.

Guro Berge og Sofie Vinjerui Berge har sikra seg autografar.