Magasinett

Utskrift

Ung utruskap

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Foto: Tove K. Breistein, Samlaget

– Eg liker å gjere det vanskeleg for meg sjølv,  å skrive om dei komplekse tinga, seier Linn T. Sunne. Den nye boka hennar handlar å slutte å elske ein som er sjuk.


«Tenk kor tungt det hadde vore for han utan deg, sa Katla, orda klistrar seg fast i hovudet mitt, slepp ikkje ut, poppar opp, sprett fram og tilbake. Tenk kor tungt. Utan deg. Tenk.»

Siri er saman med Jens, ein kjekk og populær type. I løyndom har ho starta å lengte etter Andreas, ein annan gut. Like vel klarer ho ikkje å gjere det slutt med Jens, fordi han slit med tvangslidingar. For bør ein ikkje ta vare på dei ein er glad i?


Skrape i den perfekte overflaten
– Både Jens og Siri framstår som veldig vellukka ungdomar, med familiar som på utsida har alt, litt som mange andre ungdomar i dag. Den overflata ville eg skrape i, fortel Linn T. Sunne.
Den prislønna barne- og ungdomsboksforfattaren er snart aktuell med ny bok. I byrjinga av september kjem boka Alt du kan ønske deg, ein roman der vi i vekslande perspektiv følgjer Siri og Jens som er kjærastar.
Dei er begge populære, og kjem frå heimar med engasjerte foreldre og med nok av alt. Likevel har ingen av dei det heilt lett. Tydelegast er det for Jens, som i løyndom slit med tvangslidingar: Han må gjere enkelte ting mange gongar, og sjekke at han har gjort det heilt rett, elles er han redd for at fotballaget hans skal tape eller at huset skal brenne ned.

«Eg sjekka komfyren. At mamma hadde hugsa å skru av plata. Ein gong til, for å vere sikker. Ein gong til fordi eg måtte, og to gonger til fordi det skulle vere fem. Fem er eit bra tal, eit sikkert tal.»

Familien til Jens og Siri kjenner til sjukdom hans. Men ingen andre i klassen veit om det, fordi Jens er redd for at dei ikkje skal forstå, og tenkje at han er heilt sprø.

Oppi det heile har Siri slutta å elske han. Men det tør ho ikkje seie, korkje til han eller nokon andre. For henne blir tanken på å svikte Jens så vond at ho ikkje klarer å gjere det slutt, samstundes som kjensla av ansvar gjer at ho ikkje klarer å vere nær han. Etterkvart får ho ein løyndom til, nemlig at ho forelskar seg i og innleiar eit forhold til Andreas.

Siri klarer ikkje å velje mellom dei to. For Sunne har det vore viktig å lage ein vanskeleg og kompleks hovudkarakter.
– Eg synst det er veldig mange heilstøypte karakterar i litteraturen. Eg hadde lyst til å skrive om ei som var skikkeleg vinglete, som ikkje fekk det til.

Kan ein slå opp med ein som er sjuk?
Og Siri får det verkeleg ikkje til. Ho får ikkje til å velje, finne ut kva ho eigentleg vil. Men kvifor er det så vanskeleg for ho?

– Ho føler nok seg veldig forplikta til Jens, sidan han er sjuk, føler at ho må ta vare på han. Men det er jo veldig dårlig gjort, det ho gjer, fortel forfattaren.

I tillegg til at Siri er redd for å såre Jens som er sjuk, er ho samstundes redd for å miste noko meir enn han.

– Ho er veldig glad i familien hans. Ho oppfattar dei som mindre overflatisk enn sin eigen familie, og har det veldig godt med dei. For Siri blir det òg vanskeleg å slå opp med svigerfamilien, å skulle miste dei.
Sjølv om Siri fleire gongar bestemmer seg for å gjere det slutt, får ho aldri sagt dei orda som skal til, og trekantdramaet med Andreas held fram. Og som alle veit er det veldig vanskeleg å halde ting løynd for evig.

Dei blir oppdaga, og når boka startar er Siri blitt fryst ut av dei andre elevane på skulen dei går på.

Strenge jenter
Det er ikkje første gong forfattaren skriv komplisert kjærleik og attrå, og om jenter som kjem i vanskelege situasjonar der dei vert dradd eigen lyst og kjensla av kva som er rett.

I den førre boka hennar, Lille Ekorn møtte vi Aurora på fjorten år, som opplever å få kome alt for teitt på trenaren sin. Det utviklar seg til ein situasjon der den vaksne trenaren går langt over grensa. Og sjølv om det alltid er den vaksne som har ansvaret, merka ho at mange jenter var strengare mot Aurora enn trenaren Gaute.

– Etter Lille Ekorn  har eg fått respons frå fleire jenter som meiner Aurora slepte for lett unna, fortel ho.
Derfor er ho veldig spent på korleis lesarane kjem til å reagere på denne boka, og på måten Siri oppfører seg på. For ho er sjølv klar på at ho ikkje synest Siri oppfører seg på ein god måte, sjølv om situasjonen er vanskeleg.

– Ho oppfører seg jo litt som ein dust, seier ho.

Mange kjenner seg igjen
Samstundes er ho oppteken av at Siri og Jens sine utfordringar nok er noko mange kan kjenne seg igjen i.

– Boka heiter «Alt du kan ønske deg», og det speler på det mange ungdommar i Noreg opplever – dei ønskjer seg ikkje noko, dei har alt dei treng og vel så det. Materielt er det vel liten tvil om at ungdommane våre har det best i verda. Likevel er det mange som slit med tomheit og psykiske problem, seier ho.

Og sjølv om ikkje alle blir sjuke av tvangslidingar, trur ho folk forstår meir enn Jens i romanen ser ut til å tru.

– Når eg har reist rundt på skular og snakka om Lille Ekorn har eg òg prata om tvangslidingar. Eg trur mange unge kjenner seg igjen, kjenne snev av det. Det er jo ganske vanleg dette med å ikkje trakke på strekar til dømes. Men for nokon veks det seg større og blir meir altomfattande, seier ho.

Både Jens og Siri held på store løyndomar. Jens vil ikkje fortelje at han slit med tvangslidingar, og Siri klarer ikkje å fortelje at ho ikkje lenger er forelska i Jens. Men kvifor vert dei så åleine?

– Kanskje er det det at tabua er så store, undrar Sunne.

Trur du det hadde vore lettare for Jens og Siri om dei hadde vore meir opne?

– Det trur eg, seier ho.