Magasinett

Utskrift

I Daudmannalandet

Skrive av Kristina Leganger Iversen .

Terje Sander debuterer med framtidsroman frå Bergen. Foto: Tove K. Breistein/Samlaget

Tenk deg Bergen om 2000 år, innhylla i ein giftig tåke, brutalt styrt av ein eineherskar. Det er utgangspunktet for Daudmannaland, den fem hundre sider lange debutboka til Terje Sander.



– Det er Bergen sett gjennom ei skeiv linse. Det er Dune, dersom han hadde vore skriven av Amalie Skram!
Bokdebutant Terje Sander er overraskande skarp denne morgonen. Vi treffast på kafeen Laundromat i Oslo klokka halv ti, saman med illustratør og kunstnar Håkon Holm-Olsen.

Det er blitt ein mørk og politisk framtidsforteljing.

Terje Sander (t.h.) blei inspirert av teikningane til illustratør og kunstnar Håkon Holm-Olsen (t.v.). Foto: David Aasen– Eg har sett føre meg korleis det kunne bli om to tusen år, dersom Vestlandet reiv seg laus og eg fekk vere eineherskar, seier forfattaren lurt.

Ei brutal framtid
I boka blir vi tatt med til ein mørk by ikkje heilt ulikt Bergen. Byen er styrt av den brutale eineherskaren Vespertino Borgen og fylt av giftig regn som gjer det nær på umogleg for folk å opphalde seg ute.  I løpet av dei tre døgna boka fortel om vert heile det vesle samfunnet kasta om, og gjennom møte med 19 ulike karakterar får vi sjå desse omveltingane.

Boka startar med ei rekke sitat av kjente vitskapsmenn og forskarar, mellom dei filosofen og økonomen Friedrich Engels, biologen Charles Darwin og litteraturhistorikaren Sven Lindqvist, i tillegg til eit sitat frå første mosebok. Til saman peiker dei mot eit svært politisk prosjekt, som omhandlar korleis menneska undertrykker og utryddar kvarandre.

Men om den teoretiske bakgrunnen er akademisk, så er stemninga som boka er tufta på veldig gjenkjenneleg for alle som har satt sine bein i våte sko på Vestlandet.

– Eit av utgangspunkta for boka er den følelsen. Du er student og freistar å overleve på studielån og stipend, det er vinter og du er søkk våt, på veg heim frå byn. Du veit at det er iskaldt heime fordi du har slått av straumen for å spare pengar, og nattmaten består anten av knekkebrød eller havregraut, fortel forfattaren.

Alt starta med eit maleri
Vestlandsmørket har utvilsamt sette sitt preg på boka, som både har forfattar og illustratør frå Bergen. Terje er frå Fana og Håkon er frå Sotra, og begge er fødd i 1982. Dei to kjenner kvarandre frå 2002 då dei gjekk på Nansenskole – Terje på skrivelinja og Håkon på kunstlinja.

Etter det har dei hatt fleire småprosjekt saman som aldri har blitt heilt ferdig, mellom anna ein postapokalyptisk teikneserie som berre fekk eit kapitel. Men no er boka her som Terje har skrive og Håkon illustrert. Og Terje kan fortelje at det kanskje ikkje hadde blitt noko Daudmannaland om ikkje det var for Håkon. For det var faktisk ei av hans utstillingar som sparka det heile i gang.

– Eg har alltid skrive, men det var lenge sidan eg hadde synt noko fram til nokon. Men så i 2010 skulle Håkon ha ei utstilling som han spurde om eg kunne skrive ei pressemelding til. Eg fekk frie taumar, fekk skrive korleis eg ville og Håkon ville bruke det uansett, fortel Terje.

Dermed blei det slik at Terje skreiv nokre frie tekster. Og til eit av maleria til Håkon kom det ei tekst som på sett og vis blei kimen til heile det store verket som no snart vert lansert.

– Eigentleg hadde eg arbeidd mykje med teikningar, men eg ville ikkje syne dei fram, så det blei to store maleri i staden. Eit av dei var av ein skog, og bak skogen såg ein himmelen, og det var avskalla tapet, fortel Håkon.

Dermed var noko satt i gang og for Terje.

– Eg fekk god respons og tenkte at no, no skal eg gjere dette skikkeleg. Så eg lagde eit forsett om å skrive noko til det blei ferdig, fortel han.

Å teikne utan oversikt
Fire år seinare har han klart det han sette ut for å gjere. Over fem hundre sider med fabelprosa kjem til bokhandlarane i oktober. Med seg på vegen har han hatt Håkon, som har laga fleire bilete som kjem med i boka.

– Først arbeidde vi vekselvis, men så skaut skrivinga til Terje sånn fart at eg ikkje kunne henge med. Så mykje har eg først lese i seinare tid, etter at han hadde skrive ferdig, fortel kunstnaren.

Terje Sander blei inspirert av teikningane til illustratør og kunstnar Håkon Holm-Olsen (bildet). Foto: David AasenDei to har diskutert saman korleis miljøet i boka skulle sjå ut, men bileta som kjem er først og fremst Håkon sine tolkingar av det litterære universet Terje har skapt. Utgangspunktet for det heile har likevel vore svært lokalt, skal vi tru dei to.

– Eg kan seie så mykje som om at heile skildringa av utsikta Vespertino Borgen skildrar i første kapitel er bygd på Bergen.

Der vert det òg avslørt kva bygg i Bergen fortet i boka er modellert etter. Det er ikkje så mange stadar ein kan stå på toppen av ei bakke og sjå i rett linje ned på eit vatn, seier forfattaren med eit mystisk smil.

Samstundes er det ikkje berre lett å kjenne igjen Bergen i teksta, for byen i boka er både mørk, skiten og tåkefylt grunna den giftige forureininga som pregar han. Det har òg påverka måten Håkon har arbeidd med kart og illustrasjonar.

– Eg har vore veldig inspirert av gamle kart når eg har arbeidd. Før i tida, før ein kunne ta flyfoto, så teikna ein kart på bakgrunn at det ein såg frå bakken. Det har eg freista å gjere her, å lage eit kart teikna av ein som manglar oversikt, forklarer han.

Framtid og samtid
Om framtida vår liknar noko som helst på Daudmannaland så ser det ikkje så lyst ut. Men er det verkeleg så ille fatt?

– Dei fleste som freistar å spå framtida tar feil, og ekspertar har stort sett ikkje noko meir rett enn andre, seier Terje.
Likevel er det fleire ting i boka som kan bli aktuelle dersom vi ikkje passar oss.

– Som i boka er det i verda ei lita gruppe menneske som nyttar veldig store delar av ressursane. Vi brukar ein masse verdifulle mineral til å pøse ut Iphones over ein låg sko, utan å eigentleg vite kor mykje vi har av dei. I framtida kan vi risikere at MRI-maskinane på sjukehuset ikkje fungerer fordi vi ikkje har det som trengs lenger, meiner han.

Om den meir nære framtida er dei to begge sikrare. I desse dagar kjem boka ut.

Dei to er veldig spente. Og om det er noko som kunne ha vore gjort annleis?

– Eg seier som Tolkien sa om Ringenes Herre. Det finst berre ein feil med denne boka, og det er at ho er for kort, avsluttar Terje.