Magasinett

Utskrift

Ordmora på Westerdals

Skrive av Mette Karlsvik .

Skal du eller nokon du kjenner byrje skrivekurs? Edy Poppy fjernar det som måtte finnast av prestasjonsangst.

Då Edy Poppy nesten strauk i norsk, bestemte ho seg for å bli forfattar. No er ho fødselshjelpar for andre unge sine litterære prosjekt.

 

Helten er noko av det første som kjem på plass i ei bok. Det gjeld til dømes i bøkene til Edy Poppy. Ho kunne sjølv ha vore ein helt i ei bok. Før ho vart hovudperson i eige eventyr, før ho gjekk ut i verda, heit ho Ragnhild Moe, og budde med lærarforeldre på ein storgard på Bø. Bondejenta var berre 17 då ho flytta frå Telemark, frå Noreg, frå namnet sitt, og frå forventningane i Noreg om kva ho skulle vere, som ung kvinne. Ragnhild Moe skulle vel gjere akademisk karriere, og ho skulle gjere det på vanleg studentvis, i ein av dei norske studiebyane. Men Moe tok eigendom over verda, over livet sitt, og som Edy Poppy budde ho i Montpellier, forelska seg etter berre to månadar, og vart fridd til av Tam. Edy sa ja, og vart kone, kunstnar, student ved lycée:

– Ja, slik byrja det, seier forfattar og skrivelærar ved Westerdals - Oslo School of Arts, Communication and Technology:

– På dette stadiet visste eg allereie at eg ville bli forfattar. Men eg tenkte at det var for tidleg å forlate det norske språket. Difor drog eg attende til Noreg. I Bø fullførte eg siste året på gymnaset. Eg hadde alltid fått gode karakterar på skulen. Eg fekk seks i norsk av læraren min. Men til eksamen strauk eg nesten. Då tenkte eg på den franske forfattaren Albert Camus som hadde fått 0 i fransk. Dette at eg nesten strauk i norsk gjorde noko med meg.

Siden då har Edy forma sin eigen karriere, som kunstnar og forfattar. Ho vann Gyldendals konkurranse om "beste kjærleiksroman", og debuterte med Anatomi Monotoni i 2005. Sidan då har ho skrive boka Sammen. Brudd, og blitt ein inspirator for andre unge skrivelystne:

– Eg er ikkje redd for at studenten stiller spørsmål. Eg liker openheit og blir ikkje flau om det er noko eg ikkje kan svare studenten. Eg er eit menneske med mine styrker og svakleiker. Eg sitt ikkje med ein fasit. Det er uansett ikkje interessant med fasit når det kjem til kreative fag. Det eg verkeleg kan hjelpe studentane mine med, er å leite etter det særeigne i seg sjølv, å få det opp til overflata. Eg oppmodar dei til å tørre ting, ta fleire og større sjansar. – Å feile er ikkje ein svakheit, seier eg. Men å ikkje tørre å feile derimot, det har aldri endra noko i verda.

Dramatikar, forfattar, performancekunstnar

Ta ein måndag i Oslo. Ein av dei grå dagane, eller blågrå, du veit - etter jule - eller nyttårsfeiring. Stemninga i klasserommet på Westerdals Oslo ACT er farga av byen. Det er ei dunkel stemning. Den står i kontrast til vanlege dagar, midt i semesteret, då kraft og skaparvilje får veggane til å vibrere. Edy er godt førebudd og psyka opp. Men skrivehendene til studentane er likevel litt tyngre i dag. – Gå ut, seier Edy då: Sett dykk i ein situasjon som skremmer dykk litt! Sett noko på spel! Utfordre dykk sjølv!

– Vent ikkje på at historiene skal komme til dykk, men skap dei sjølv, seier Edy. Studentane går ut. Nokre går på trikken, andre ut i gata. Ein student set seg ved datamaskina, og gjer det vanskelegaste han kan tenkje seg til: Han oppsøker nettroll. «Hatarar», som dei blir kalla: anonyme kommentararar som mobbar. Denne studenten tar kontakt med hatarar, og pratar med dei: Direkte, og ikkje via kommentarfelta. Han skriv om dette, på enden av dagen, og leverer til Edy. Stolt av teksten, men også stolt av seg sjølv, som menneske i verda.

– Eg kjenner meg som ei ordmord for studentane mine. Alle har vi kroppane våre fulle av ord, setningar, rytme og punktum. Eg hjelper dei med å få dei ut, sleppe seg laus.

Edy er ein slags fadder. Ho har blitt viktig for mange førsteåringar ved Westerdals Oslo ACT.

– Eg viser meg både sterk, svak og menneskeleg. Då er det lettare for studentane mine å følgje etter. Dei opnar seg for meg, og viktigare: For kunsten. Eg seier som Leonard Cohen: There’s a crack, there’s a crack in everything, and that’s where the light comes in. Eg leiter alltid etter sprekkane - i skrift, i folk. Ein sprekk kan bli til ei revne. Under revna ligg som regel det interessante. Bruk din eigen utryggleik som kompass, seier Edy.

Ho følgjer opp denne læra i eige liv, Edy, som også er dramatikar, og var ein av tekstforfattarane til operaen Desiring Machines. Hennar eige stykke Konteiner blir sett opp i år.

– Nesten alt eg har skapt har skjedd via noko eg først trudde var ein feil, men som viste seg å vere sjølve det som eg leitar etter. Det tok berre litt tid før eg klarte å gjenkjenne noko eg aldri hadde sett før.

Frå «livets skule» til Westerdals

Tenkjer du sjølv på å søkje til skrivelinja ved Westerdals Oslo ACT? Edy Poppy skildrar ein nesten typisk time, når ho er lærar. Det byrjar med at Edy og studentar gjer oppgåver ilag for å komme forbi sjølvsensur, og varme opp. Ho prøver å setje studentar i kontakt med undermedvitet.

– Timen er eit startsskot. Men han må også vere eit trygt rom. Det må vere trygt på den måten at ein tør å gå inn i det utrygge. Eg er der og tar imot om nokon ramlar. Det skjer både metaforisk, og også bokstaveleg. Ein kan falle i skrift!

Edy hentar metodane sine frå surrealistane. Ho håpar at studentane kan tenkje fritt og originalt, og ikkje vere redde.

– Skriving handlar ikkje så mykje om å vere flink, men om å tørre å kaste seg ut i noko utan å vite om ein kjem heilskinna ut på den andre sida.

Det var vel heime igjen, i Bø, at Edy nesten strauk i norsk. Berre veker seinare fekk ho antatt ei novelle i Samtiden. Det å sjå at ho «ikkje var heilt på jordet» var likevel viktig for henne.

– Ein treng slike små oppmodningar undervegs for å tørre å kjempe vidare. Eksmannen min og eg reiste vidare til London for å halde fram i livets skole.

Edy og mannen, Tam, budde der i sju år. Ho jobba som modell for fotografar og kunstnarar, seldte iskrem på Prince of Wales Theatre, var barista, laga events, jobba på galleriar, og mykje meir.

– Eg ville marinere meg i livserfaring og kunst. Mottoet var «happily frustrated». Eg trong input. Men eg trong også å vere frustrert nok til å gå heim for å jobbe med det som var verkeleg viktig for meg, som var debutboka mi.

I 2005 debuterte Edy med Anatomi. Monotoni. Sidan har ho jobba som forfattar og dramatikar, og har vore på mange forfattarturnéar. Det var då ho oppdaga at ho trivdes i klasserommet. Ho vart spurd om å halde skrivekurs. Tre år seinare har ho jobb på Westerdals Oslo ACT.

– Eg trur at løyndommen bak Westerdals er at alle vi som underviser der prøver å lage ein skule vi sjølv ønsker vi hadde gått på.