Magasinett

Utskrift

100 år gamal stille

Skrive av Marit Lajord .

Bilde: The Illustrated London News/Wikipedia

Nokre få dagar med stille og lyden av Stille natt på den elles grufulle Vestfronten. Det var Julevåpenkvila. Eit lite lyspunkt i den krigen vi ikkje må gløyme.

 

Medan vi har nytta heile året på å feire Grunnlova vår, har ein elles i Europa markert at det er 100 år sidan starten av Den fyrste verdskrigen. Den krigen kjennest kanskje fjern for dei fleste av oss. Den er noko av det eg lærte for lite om på skulen. Berre glimt av skyttargravar fulle av gjørme, skota i Sarajevo og alliansane. Svakt og overflatisk. Det var ikkje før eg stod i ein skulegard i Australia og sa «Lest we forget» i lag med alle medelevane mine, at eg fekk ei kjensle av djupna i The Great War.

Noreg var nøytralt. Sjølv om vi mista om lag 2000 sjøfolk og det var fleire tusen med norske røter i skyttargravene, så opplevde vi ikkje slik som å miste ein tredjedel av alle menn mellom 19 og 22 år. Det var langt til skyttargravne på Vestfronten, folkemordet på Armenarane i dagens Tyrkia og tvangsflyttinga av menneske på Austfronten. Krigen var ein annan stad. Kanskje var det nett det nei tenkte i Berlin og Paris jola 1913? Ein trudde på framtida og på demokratiet, styreforma som breia om seg i stadig fleire område. Men bak valsen og optimismen, truga nasjonalismen. Nett den sterke nasjonalismen er årsaken til krigen historikarane peikar på. Saman med militarisme og utarbeiding av mange krigsplanar. 

Så kom skota i Sarajevo, krigserklæringar, og hausten 1914 var skyttargravkrigen eit faktum.

Men så kom julevåpenkvila – The Christmas truce. Den kom i det stille på Vestfronten. I skyttargravane prega av sjukdom og død. Den kom med røystene som song Stille natt på tysk og engelsk. Tyske og britiske soldatar våga seg ut på den frosne marka i Ingenmannsland, og så mirakelet: dei andre skaut ikkje. Det var ikkje noko offisiell våpenkvile, berre ei lang rekke med spontane møte langs den fleire hundre mil lange fronten. Der soldatane ynskte kvarandre god jul. Der dei fekk høve til å gravlegge døde medsoldatar. Der dei utveksla mat, øl og tobakk med fienden. Og det vart arrangert spontane fotballkampar. 

«Eg hugsar stilla, den uhyggelege lyden av stille» uttala den siste overlevande, Alfred Anderson, til The Observer i 2004. Han skildra det heile som «ein kort fred i ein frykteleg krig».

For på det lengste varte julevåpenkvila berre til nyttår. Krigen heldt fram, heilt til hausten 1918. Til om lag 16 millionar menneske hadde mista livet og endå fleire hadde fått alvorlege krigsskadar. 

Krigen helt fram som ein verdskrig, med soldatar og ressursar frå koloniane. Den helt fram som den fyrste totale krigen, der alle statens ressursar vart nytta i krigføringa.

Krigen og resultata av den, vart det mange historikarar omtalar som Europas urkatastrofe i førre hundreår. Som mange historikarar har peika på, konsekvensane av krigen vart grufulle for langt fleire enn dei døde og såra i sjølve krigen. Øystein Sørensen er av dei som har peika på kva som kunne skjedd utan fyrste verdskrigen eller ved ein krig med rask tysk siger. Hitler kunne ikkje kome til makta i Tyskland. Det ville ikkje vorte nokon andre verdskrig og ikkje noko Holocaust. Det ville heller ikkje vorte noko Bolsjevikregime og Sovjetunion. Nye og fleire millionar tapte menneskeliv.
Sjølv om det var demokrati som sigra, kom det nye totalitære regime ut av krigen. Nye folkemord og ny krig. Ein lagnad som har prega store delar av vår nære historie, som gjer at fyrste verdskrigen bør vera viktig også for oss.

I historia hjelper det ikkje ynskje. At våpenkvila kunne vorte offisiell og vorte til ein fred. At 1. verdskrigen aldri hadde brote ut eller i det minste ikkje vorte ein verdskrig.

Det einaste vi kan gjere er å lære. Av fredsvilja og motet til soldatane på vestfronten jola 1914. Vi kan lære kor farleg nasjonalismen kan vera. Kor viktig det er med eit Europa der statane vil kvarandre vel. Og ikkje minst, at demokratiet ikkje er noko å ta for gitt, men noko ein må jobbe for kvar einaste dag.