Magasinett

Utskrift

Det meste er nord

Skrive av Erlend Skjetne .

Frå badestranda ved Lakselv. Foto: Thor Thorsson/CC BY-SA 2.0-lisens

Tidene skifter snøgt, i Noreg som i heile verda, men med geografien går det seinare. Det er framleis sant som Rolf Jacobsen skreiv om fedrelandet sitt: «Det er langt dette landet.» Difor er det òg rom for store skilnader i Noreg. Men trass alt skreiv Jacobsen òg: «Det meste er nord.»

 

Noreg er rett nok ikkje i ei serstilling i så måte. Ser ein på dei andre landa som Polarsirkelen skjer igjennom – Sverike, Finland, Russland, den amerikanske delstaten Alaska, Canada, Grønland og Island – så har dei alle ein konsentrasjon av innbyggjarar i dei sørlege områda sine, og store nordområde som er nokså folketomme. Desse aude områda har gjennomgåande eit lugubert rykte: I Sibir hamnar berre straffangar, til Alaska dreg sinnsforvirra gullgravarar og andre desperados, og kva skal ein tru om distriktet på Nordvest-Grønland som går under namnet Qaasuitsup, i uttyding ganske enkelt «Mørker»?

Når vi i denne samanhengen tenkjer på vårt eige heimland, kan det vera vel verd å minnast at store delar av Troms fylke strekkjer seg lengre nord enn store delar av Finnmark fylke. Finnmark er meir aust–vest enn nord–sør. Ikkje di mindre er det Finnmark ein alltid har sett på som det norske Sibir, ei fjerntliggjande øydemark der berre dei villaste og mest forherda urmenneske kan trivast. Unekteleg er Finnmark det einaste norske fylket som ber namnet til ei ikkje-norsk gruppe, finnane – kven no dei er … Omgrepsforvirringa har til dels vore stor, med finnar og kvenar, lappar og samar, og romaren Tacitus skriv i verket Germania endåtil om «hellusiar og oxionar», skapningar som lever «bortom kvenane», med andlet som menneske og kroppar og lemer som ville dyr. Men i dag er det, som alle bør vita, såleis at kvenane er ein nasjonal minoritet i Noreg, samane eit urfolk. Finnar og lappar snakkar ein tilsynelatande ikkje om lenger her i Noreg.

Går ein eit hundreår eller to attende i historia, var det enno ikkje det store samrådet mellom menneska i Finnmark og dei nasjonale styremaktene i Noreg. Dei var rett og slett for langt unna kvarandre. Men dei fåe rapportane som utskremte nordmenn sende heim frå Finnmark, var så visst ikkje lystig lesing. Ein lækjar påstod at «fællesgammerne, og det liv, som der leves, antagelig danner lavmaalet av menneskelig tilværelse i Europa». Ein misjonær oppsummerte leveviset i kverven med orda «fylderi, hykleri og i største grad ladhed». Ein engelskmann fokuserte meir spesifikt på alkoholismen: «Lapperne er hengivne i en usedvanlig grad til drukkenskab; en ikke ringe del av en lapplenders liv bliver bokstavelig talt tilbragt i omtåget tilstand». Noko måtte gjerast, meinte nordmennene, og ein hard fornorskingsprosess tiltok. Han skulle vare skammeleg lenge. Om han i dag offisielt er over, finst det enno mange fiendtlege haldningar att mellom nordmenn flest. Samisk og kvensk kultur har lide store tap, og kampen mot undertrykkinga er så visst ikkje over enno.

Berre naturen, landskapet ligg tilnærma uforandra attende. Det meste er jo nord. Her kunne ein nøyd seg med ein gamal professors ord: «Finnmarken har så få innbyggere i forhold til sin utstrækning, og yder disse så lidet underhold av sin jordbund, at det i almindelig geografisk forstand må regnes som en ørken.» Sanninga er nok meir differensiert. Finnmark fylke har ein lang forriven kyst prega av store øyar som Sørøya, Seiland og Magerøya, dei store halvøyane Porsangerhalvøya, Sværholthalvøya, Nordkinnhalvøya og Varangerhalvøya, som er definerte av dei fem store fjordane alle i det minste bør kunne namnet på, frå Altafjorden i vest via Porsangerfjorden, Laksefjorden og Tanafjorden til Varangerfjorden i aust. Innlandet er dominert av Finnmarksvidda, men det finst mange meir fruktbare område inne i fjordbotnane og i elvedalane. Av elvar må ein nemne Tanaelva, som delvis definerer grensa vår mot Finland, Pasvikelva som utgjer grensa vår mot Russland, for ikkje å gløyme den mykje omtalte Altaelva. Men det med utstrekninga hadde professoren rett i: Det er langt i Finnmark; fylket er større enn landet Danmark. Når det samstundes har færre innbyggjarar enn ein relativt fillete småby som Fredrikstad, seier det seg sjølv at det blir ein del tomrom. Men om ein bur på ein av dei litt større stadene i fylket, har ein med ein gong alt ein treng av helseteneste, skule, butikk tilgjengeleg, til og med internett. Kaldt kan det vera, men gjerne eit tørrare og meir stabilt vêr enn mange stader sørpå. Dette med mørketida er òg sterkt overdrive: Riktig nok er det svært i mørkt i ein kort periode før og etter jul, men så akselerer sola på ferda oppover himmelkvelven, og allereie no, i februar, byrjar det bli riktig så lyst.

Diverre skremmer mytane mange frå å busetja seg i Finnmark. Skorten på folk er øydeleggjande for mange av småstadene, der ein manglar dei mest kompetente menneska til å gjera viktige arbeidsoppgåver og skapa progresjon. Det blir eit sjølvforsterkande vonde når unge menneske som er oppvaksne i Finnmark, flytter ut og aldri attende. For å prøve å rette på dette distriktspolitiske problemet har ein innførd lægre skatt i Finnmark, avskriving på studielån for folk som bur og arbeider der, og ymse andre frynsegode som kjem i tillegg til ganske naturlege fordelar, av typen låge buutgifter, minimale utgifter til konsertar, kinoførestillingar og annan moderne kultur, null utgifter til hippe kaffidrikkar og flamboyant high fashion, slike ting… Dei økonomiske fordelane ved å busetja seg i Finnmark er likevel av mindre tyding, samanlikna med gleda det er å møte usedvanlege menneske ein aldri ville møtt andre stader, og å oppleva i rikt monn den ville naturen praktfullt fargelagt av nordlyset om vinteren, midnattssola om sumaren. Men la meg heller seia det med biskopen i kverven, slik han ordla seg for snart eit hundreår sidan: «Finnmark er motsetningenes land: Selvhjulpenhet og hjelpesløshet, overflod og nød, vakker kristendom og heslig synd veksler som midnattssolens overflod av lys med vintertidens seige mørke. […] Et land så rikt på skjønnhet og velstand, snart så vemodig grått og fattigslig. Et land for overdreven optimisme, et land for håpløs selvoppgivelse.» Kor kult er det ikkje å kunne seia at ein bur på ein slik stad? Eg vil difor oppmode akkurat deg til å gjera som eg nyleg har gjort, flytte til Finnmark, iallfall for ein periode i livet. Du har mangt å vinne, sannsynlegvis lite å tapa. Personleg vil eg forresten òg setja pris på selskapet ditt her oppe.