Magasinett

Utskrift

Ynskjer fleire filmkroner til Vestlandet

Skrive av Kristine Askvik .

KJEM SNART: «Til månen med bestefar» er ein av filmane som er undervegs på Vestlandet no. David Alræk i produksjonsverksemda Sjau lagar film om sin bestefar.

Til våren skal stortinget handsama den nye nasjonale filmmeldinga. Filmnæringa på Vestlandet ynskjer ei meir rettferdig fordeling av filmpengane.

 

I dag går kring 12 prosent av filmkroner til regionane utanfor Oslo, medan resten går til Oslo-området.

– Vi ynskjer oss ei fordeling der 20 prosent går til regionane, seier dagleg leiar Stine Tveten i Vestnorsk filmsenter.

Senteret fordeler statlige filmkroner på Vestlandet. Her er det mogleg å søke om utviklingsstøtte og produksjonsmidlar til film, men senteret fullfinansierer sjeldan filmar.

Dronar og sysken

Tveten trekk eit par filmar som har gjort suksess den siste tida. «Søsken til evig tid», dokumentaren om dei to syskena frå Sogn og Fjordane gjer no internasjonal suksess og har nettopp vunne ein pris i USA. I Noreg var den svært godt besøkt på kino. Filmen Drone er òg produsert på Vestlandet, ein film som i desse dagar kjem på kino.

– Det er masse spennande som produserast i regionen. Flimmer Film sin serie «Døden» gikk på NRK i haust, fortel Tveten. 

Sjå nettsidene deira kva for andre filmar som har fått støtte. Det er for det meste kortfilmar og dokumentarfilmar som får støtte, men spelefilmar kan òg få noko støtte til utvikling.

Ei eiga filmmelding frå Vestlandet er no under handsaming hjå dei ulike fylkeskommunane. Håpet er at denne meldinga vil verte lagt merke til før den nye nasjonale filmmeldinga skal handsamast i Oslo. 

Tapar mot Island og Irland

– Kva er viktig for å skape gode kår for filmnæringa på Vestlandet?

– Viss regionane får ein større del av midlane enn i dag, vil det vere lettare å hindre flukt av flinke folk frå regionene og til Oslo-området. Vi ynskjer difor at fordelinga skal verte betre enn i dag. I tillegg er det viktig å gjere noko med insentivordninga. Det bør verte attraktivt for utanlandske filmskaparar å bruke Noreg og Vestlandet som innspelingsstad. I andre land finst refusjonsordningar for filmprodusentar, slik bør det òg verte her, seier Tveten.

Ho syner til døme på at filmskaparar gjerne ynskjer å spele inn filmen deira langs Sognefjorden, men dreg til New Zealand, Island eller Irland  i staden fordi det der er meir økonomisk attraktivt.

Nye prosjekter i gang

David Alræk i produksjonsselskapet Sjau er blant dei som er i gang med nye store prosjekt. Sjau har nettopp fått fullfinansiert sin nye film som handlar om Alræk sin bestefar, «Til månen med bestefar».

– Filmen er ei portrett av ein gamal mann som er i ferd med å verte dement og miste livet sine bærebjelkar. Men trass i dette har hovudpersonen glimt i auget og ein lun humor, og har ikkje på nokon måte gjeve opp livet. Bestefar har i denne ganske lange sjukdomsperioden stilt nokre spørsmål til meg om korleis eg ynskjer å leve mitt liv, og det håpar eg at filmen kan gjere til dei som ser på den òg. Arkivbilete frå eit levd liv står veldig sentral i denne filmen. Form og filmspråket er veldig viktig for meg, og i denne filmen skal bilete i ulike format og frå ulike tider verte brukt på ein ukonvensjonell og leiken måte, seier Alræk.

Han synast det er spennande å arbeide med film på Vestlandet.

– Det er ein region med gode dokumentarfilmtradisjonar, og som har mange spennande prosjekt i ulike fasar for tida. Vi er veldig heldige som har Vestnorsk filmsenter som ein fantastisk god og habil støttespelar i arbeidet. Eg kunne ynskje meg at det var litt meir aktivitet rundt fiksjonsfilmen her i vest, både kortfilm og langfilm. Men det er fleire spennande prosjekt på gang òg her, så eg trur og håpar det verte meir aktivitet rundt den delen av filmmiljøet òg.

Vil lære av musikkbransjen

For å skape gode kår for filmproduksjon på Vestlandet meiner Alræk det er viktig å bruke filmarbeidarar busett i Bergen når det kjem store filmprosjekt til Vestlandet.

– Det er viktig at vi får opp store prosjekt, både innanfor dokumentar og fiksjon slik at filmarbeidarar får kontinuitet i arbeidet sitt. Eg trur òg filmbransjen kan lære litt av musikkbransjen i Bergen i korleis ein samarbeider og snakkar med kvarandre. Filmarbeidarkulturen kan verte enda sterkare, vi kan saman skape eit sterkare og fagleg spennande kreativt miljø. Der kan ein utveksle idear og erfaringar, og alle dei flinke folka kan hjelpe kvarandre til å nå sitt potensial, seier Alræk.

Filmen om hans bestefar kjem på TV2 i 2016.