Magasinett

Utskrift

– Det er dei små augneblinka ein hugsar

Skrive av Ragnhild Vikestrand .

Aslaug Holm er både mor og regissør i dokumentaren Brødre, som hadde førpremiere under Kosmorama filmfestival i Trondheim.

 

Filmen handlar om dei to brørne Markus og Lukas som bur i Oslo. I åtte år har Holm filma sønene sine for å fange barndommen deira og for å vise livet. Tore Buvarp er far, produsent og fotballtrenar. Vi får vere med på deira kvardagsliv med både motgang og medgang.

Då prosjektet starta vart det einigheit om at filmen skulle gå over ei periode på fire år.

– Eg følte at Markus forandra seg så mykje på slutten av filmen at eg ville filme vidare. I dei tre første åra ser han nesten sameleis ut, og eg sakna det å kunne sjå at dei vart eldre. Ein trong kjensla av at dei veks opp og blir sjølvstendige. Så eg synest det var viktig å fortsette til Markus skulle gå ut av ungdomsskulen, slik at det vart ei avslutting på epoken.

Filmen har i fleire samanhengar vorte kalla for Noregs Boyhood, ein film med mykje av det same konseptet. Boyhood er ein fiksjonsfilm som bruker dei same skodespelarane i 12 år og fortel om livet og oppveksten til Mason. Ein kan finne mange likskapar mellom desse to filmane, men samstundes er dei forskjellige med tanke på bruk av voice-over og kronologisk rekkefølgje.

– Eg høyrde ikkje om Boyhood før i fjor sommar og eg tenkte at denne må eg berre sjå. Eg meinte det var greitt for meg å sjå han, for eg var ferdig med alle opptak til min eigen film og var i klippefasen. Dermed ville eg ikkje bli påverka av å sjå Boyhood. Eg såg spesielt to likskapar mellom filmane. Det eine var likskapen mellom meg og mora i Boyhood, der begge kom til ein fase der barna er sjølvstendige og ein føler at grava er neste steg i livet. Det andre eg synest var svært likt var at Mason i Boyhood ville satse alt på fotografi. Det følte eg var veldig likt med Markus som ville satse alt på fotball.

Når ein skal vere både mor og regissør kan det oppstå vanskelige situasjonar. Holm trekk fram eit døme der den yngste sonen, Lukas, ikkje ville delta i timen på skulen. Lukas sprang dermed ut av klasserommet og nekta å gå inn att.

– Balansen mellom å vere mor og regissør var litt vanskelig. Eg hadde tenkt at eg skulle få filme dei fine augneblinka og tenkte ikkje på at slike situasjonar kunne oppstå medan eg filma. For filmen sin del var det viktig å filme for å få motgang inn i biletet, men samstundes var eg mor og kunne ikkje lenger vere ei flue på veggen. Du kan sjå det i denne scena at eg legg ofte frå meg kameraet ei stund.

Brødre er ein fin film som får deg til å tenkje og reflektere. Som sjåar får ein både innblikk i sønene sitt liv, men også til ei mors tankar om livet og generasjonar.

– Røtene var viktig for meg å få fram i filmen. Slik som å vise heimstaden min der eg kjem frå og fiskescena frå Smøla. Det handlar om kven ein er og kven ein blir.