Magasinett

Utskrift

– Nynorsk er ikkje så vanskeleg

.

Sunniva Olaussen og Julius Mikael Eriksen Lindi går andreklasse studiespesialisering på Samisk vgs og har fritak frå nynorsk sidan dei lærer samisk, likevel meiner dei ungdom bør lese meir på målforma.

Fordommar vert gjort til skamme når bokmålselevar får lese gode nynorske bøker. Læraren trur mengdetrening og meir samtidslitteratur er nøkkelen.

 

– Det var ei bra bok, så då gløymde me at det var nynorsk, seier Sunniva Olaussen, som får støtte av klassekamerat Julius Mikael Eriksen Lindi.

Saman med resten av andreklasse studiespesialisering på Samisk videregående skole i Karasjok har dei to 17-åringane vore blant dei 180 elevane som utgjorde juryen under Ungdommens kritikarpris, som vart delt ut torsdag førre veke.

Tre av dei åtte nominerte bøkene var nynorske, eit språk ungdommane møter i liten grad til dagleg. 17-åringane har nemleg fritak frå nynorsk, ein situasjon dei er klar over at ein del elevar misunner dei. 

LES OGSÅ: Ungdommens kritikarpris til Emanuelsen

Nynorsk (u)vane
At dei “gløymde at det var det var på nynorsk” er ei vanleg tilbakemelding når elevar får lese god nynorsk litteratur, ifølgje dagleg leiar i Foreningen !les Wanda Voldner.

I år var tiande året dei delte ut Ungdommens kritikarpris i samarbeid med Utdanningsforbundet, Norsk kritikerlag, Lesesenteret og Den norske Forleggerforening.

Tilbodet aukar leselyst og bryt ned nynorskfordommar.

Dei to elevane forklarar at fleire i klassen trudde nynorsken ville verte eit problem då dei skulle setje i gang med «Kveldsvævd» av Jon Fosse. Nynorskhøvdingen fall i smak, og då dei sette i gang med «Guds barn» av Lars Petter Sveen, gjekk det så raskt og knirkefritt at romanen vart blant favorittane til klassen.

– Nynorsk er ikkje så vanskeleg, ein må berre verte van med det, meiner vidaregåandeelevane, som tykkjer bokmålselevar burde lese meir nynorsk.

Mykje av problemet ser ut til å vere at dei ikkje møter desse bøkene, då dei ofte ikkje er blant dei største bestseljarane. Sunniva Olaussen trur at meir reklame for nynorske bøker kan vera ei løysing.

LES OGSÅ: – For få barnebøker på nynorsk

Tidspress og fastlåst kanon
Dette er andre gong kontaktlæraren deira, Inger Johanne Revheim, har ein klasse med i Ungdommens kritikarpris. Det er mykje jobb, men ifølgje norsklæraren svarar det seg absolutt til slutt.  

Elevane viser genuin interesse for ny norsk samtidslitteratur, som dei mest sannsynleg ikkje hadde funne fram i bibliotekhylla sjølv, og sit igjen med eit meir positivt inntrykk av nynorsk etterpå.

– Det synte seg i år, akkurat som sist me var med, at når boka er god spelar det ingen rolle om den er skriven på nynorsk. Elevane meiner på førehand at dei ikkje kan lese nynorsk, men gløymer det fort. Mitt inntrykk er at dei må igjennom ein frustrasjon når dei begynner med første boka. Dei må lese litt mengder nynorsk for å oppdaga at dette ikkje er noko problem, forklarar Revheim.

Norsklæraren erfarer at tid og ein fastlåst kanon er noko av det som kan stå i vegen for at ungdommane får møta moderne nynorsk.

– Alle kan ikkje vere med på ungdommens kritikarpris, men ein kan verte meir medviten på kva ein les på nynorsk. Eg ser at mine elevar slit med til dømes Vesaas. Det er ein tung inngang, sjølv om det er god litteratur. Om dei berre les konservativ gamal nynorsk får dei ikkje det same positive forholdet til nynorsk. Språket vert ei sperre, meiner Revheim, som vil ha meir nynorsk samtidslitteratur av unge forfattarar i skulen.

Ungdommens kritikarpris er eitt av fleire lesetiltak frå Foreningen !les, som står i fare for å forsvinne frå hausten av ettersom dei ikkje er inkludert i Kunnskapsdepartementet sin Lesestrategi for 2015-2019.

Det meiner Revheim vil verte eit tap både for forfattarane og norsk skule.

LES OGSÅ: Redd kutt vil føra til færre nynorskbøker

Nynorskutfordring
I fjor vann «Fugletribunalet» av Agnes Ravatn Ungdommens kritikarpris. Fleire gonger har nynorske bøker vunne Uprisen, der det er ungdommar som både nominerer og stemmer fram vinnarane.

Dagleg leiar i Foreningen !les Wanda Voldner ser ofte at ny nynorsk litteratur fengjer ungdom.

Ho er ikkje i tvil om at norske elevar les for lite nynorsk og ser at bokmålselevar har ein del tillærte fordommar, som forsvinn når dei får lese god nynorsk litteratur.

Desse fordommane kjem både frå foreldre som ikkje vil gje nynorske bøker til borna sine, men òg lærarar som ikkje forventar at elevane skal lika nynorsk. Slike fordommar forplantar seg fort hjå dei unge.

– Ein må ikkje vere redd for å utfordra dei. Forventning motiverer, så om syner at ein har tillit til dei med haldningar som at: «sjølvsagt kan du lese nynorsk», vil det verke motiverande, forklarar Voldner, som meiner norske elevar må få lese meir god nynorsk litteratur som kjennest relevant for dei.

LES OGSÅ: Vil ha formidling uavhengig av målform

Forbi språket
Både nynorsk- og bokmålsungdommar les for lite nynorsk. For dei som har nynorsk hovudmål er dette viktig for å verte tryggare språkbrukarar, medan dei som har bokmål som hovudmål ofte opplever stor meistringskjensle når dei får til å lese nynorsk.

– Me ser at om dei les ei god bok på nynorsk er ikkje språket eit tema, men om dei les ei dårleg bok på nynorsk er ho dårleg fordi ho er på nynorsk. Difor er det ekstra viktig at dei får lese noko som tilpassa dei, seier Volder, som vil at ein skal omtale bøkene som god litteratur, ikkje berre nynorske bøker