Magasinett

Utskrift

Saman mot toppen

Skrive av Kari Nygard Tvilde .

Når Aurora Aksnes står på scena eller spelar inn musikkvideo, har søstera Viktoria laga kleda. Foto: Kari Nygard Tvilde

Ei syng, ei lagar klede, og ei står for sminke. Når Aurora Aksnes satsar på musikken er storesøstrene med på lasset.

 

– Det er litt flaks òg, ting berre skjer eigentleg, seier Aurora Aksnes, 18-åringen frå Os med artistnamnet AURORA.

Ho sit saman med den 25 år gamle storesøstera Viktoria på kafé i Bergen sentrum. Aurora har eit par dagar att med fri etter påskeferien før det på nytt blir studiotid og plateinnspeling. Etter at Aurora Aksnes spelte på by:Larm i fjor vart ho eit brennheitt namn over natta. Til hausten kjem debutalbumet, og dei tre låtane Aurora har gitt ut det siste året har blitt godt tatt imot. Ho har alt fans i heile verda. 

– Eg synst det er rart, men det er veldig fint òg. Eg treng jo fans, det er jo difor eg kan gjere det eg gjer, seier Aurora som set av ein time kvar dag til å svare dei som skriv til ho.

– Det er litt rart å bli sett så høgt, og at dei ser sånn opp til deg. Eg forstår jo det òg, for eg har sett opp til søstrene mine heile livet, seier ho.

På veg mot toppen har søstrene Aurora, Viktoria og Miranda kvar si rolle. Songen, kleda og sminken blir holdt innan familien.

– Det blir eit spanande år, og eg trur nok alle tre kjem til å få litt merksemd, seier Aurora.

Sjå videointervju med søstrene Aksnes: Samarbeider mot toppen

LES OGSÅ: Er det galskap å satsa på musikk?

Kreative yrker
Hadde alt gått etter planen hadde Aurora blitt molekylærforskar eller fysikar, men etter at Made Management tok ho opp i stallen sin la ho vidaregåande skule på hylla. No er ho spådd ei lovande karriere, og når ho står på scena eller spelar inn musikkvideoar er det storesøster Viktoria som lagar kleda.

– I byrjinga var det litt slik at eg prakka på Aurora kleda som eg hadde laga, men no jobbar me litt meir saman i designprosessen og byrjar til dømes med eit stoff eller ein silhuett eller noko slikt, seier Viktoria som vart ferdig utdanna på moteskulen Esmod i Oslo i fjor.

Dei tre søstrene har planane klare, for etterkvart skal også storesøster Miranda (28) vera med. Ho tok først lærarutdanning, men fann ut ho skulle skifte retning og er no makeup-artist i hovudstaden.

– Eg brukar ikkje så mykje sminke, men me kan gjere ganske mykje kunstnarisk med det òg, og så kan me lage veldig kunstnariske klede. Eg trur eg kjem til å ha veldig godt av god hjelp frå begge to søstrene, seier Aurora om familiebedriften.

LES OGSÅ: Silja Sol er årets Vestlandssatsing

Sjølvlært på musikken
Sjølv om alle tre søstrene får merksemd på sitt felt, er det Aurora som har blitt det mest kjende namnet. Frå Aurora var seks år gamal prøvde ho seg fram på pianoet på loftet, utan notar, og utan at nokon visste noko om det. Først då ho gjekk på ungdomsskulen fekk Viktoria og resten familien høyre Aurora synge.

– Då fekk me ganske sjokk, eigentleg. Ho var 13, eller 14, og eg hugsar godt at ho song ein song i sin eigen konfirmasjon. Då tenkte eg ”oi, ho kan synge jo”, seier Viktoria.

Songen Aurora framførte hadde ho laga sjølv, og det gjekk ikkje lange stunda før Aurora kom fram heile hemmelegheita, og med ei bok med songar i.

– Det er ei skrivebok som eg har skrive alle songane i, gjennom tidene, ei eventyrbok. Den er full no då, så eg må kjøpe meg ny, smiler Aurora og fortel at ho er heilt sjølvlært når det gjeld musikk.  

– Eg trur eg har notedysleksi, viss det er noko ein kan ha. Eg har prøvd å forstå notar, men eg brukar meir gehør og finn fram, seier ho.

At søstrene har eit tett forhold er dei einige om, men dei likar ikkje å snakke i telefon. Då set dei heller pris på å møtast ansikt til ansikt, til kos med te, vin, sjokolade, og Viktoria som lagar mat medan Aurora tar oppvasken.

Tett forhold
Det har ikkje alltid vore enkelt for dei tre søstrene. Då Viktoria kom heim frå studiar følte ho seg tom, og oppretta ein blogg der ho deler tankar og erfaringar. Ho fortel ho fann styrke i å skrive om det.

– Eg har ei fortid med eteforstyrringar og angst, til tider depresjon. Sjølv om eg ikkje har det no, så gjer det noko med deg. Det er ein slik usikkerheit, at ein aldri føler seg god nok. Det er denne ”flink pike”-greia som er så vond. Me er nøydde til å ufarleggjere det, og seie meir at det finst, fortel Viktoria.

Viktoria fortel, og då lyttar Aurora. Den yngste seier ho ser opp til den eldre søstera, at dei har eit tett forhold. 

– Det har alltid vore slik, heilt sidan me var små. Alle tre har på ein måte vore gjennom sine ting, men me har klart oss. No er me veldig tette, og veldig lykkelege, for no går det på ein måte litt oppover for alle, seier Aurora. 

At søstrene har eit tett forhold er dei einige om, men dei likar ikkje å snakke i telefon. Då set dei heller pris på å møtast ansikt til ansikt, til kos med te, vin, sjokolade, og Viktoria som lagar mat medan Aurora tar oppvasken.

– Og så ser me ein koseleg film, i sofaen, med like pysjamasbukser. Det er det beste eg veit, for det er ingenting som er kjekkare enn å kose meg med Viktoria og Miranda, seier Aurora og smiler.