Magasinett

Utskrift

Vil bruke livet sitt i kyrkja

Skrive av Marianne Granheim Trøyflat .

Geir Wiknes er tidlegare leiar i for Åpen kirkegruppe, ein kristen fellesskap for lesbiske og homofile. Vi kan ikkje ha ei kyrkje som gjer skilnad på folk, når ikkje Gud gjer det, konstaterer han.

– Vi torer ikkje seia frå preikestolen av dette er ein kul jobb, hevdar Geir Wiknes. I motsetning til dei fleste andre som vel utdanning om dagen, går han for presteyrket.

Det er alt for få som vil utdanne seg til prest i Noreg. Nyaste tala frå samordna opptak viser ein nedgang i søkar-massen til profesjonsstudiet i teologi frå i fjor. Til saman er det 58 stykk som har søkt profesjonsstudiet i teologi som førsteval, mot 62 i fjor. Lærestadane som utdannar teologar i Noreg er Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo, Misjonshøgskolen i Stavanger og Menighetsfakultetet i Oslo.

Positiv utvikling
Informasjonsansvarleg ved Teologisk fakultet, Mathias Eidberg, meiner likevel trenden alt i alt er positiv. Dei hadde tjuefem søkarar med studiet som førsteprioritet i fjor, tjuesju i år.

– For nokre år tilbake var vi nede i femten søkarar, så vi meiner vi er inne i ei positiv utvikling, seier han. Men legg til at han ser utfordringane.

– Vi har vore ein av pådrivarane til eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt for presteutdanning, påpeikar han.

Ein tredel av norske prestar er over seksti år. I følgje rådgjevar Ragna Dahlen i Kyrkjerådet, sluttar det no om lag dobbelt så mange prestar i året som det kjem til.

–Avgangen er synleg, seier Dahlen, som jobbar med eit rekruttering til stillingar i kyrkja.

Ein kul jobb
28 år gamle Geir Wiknes frå Vestre Slidre i Oppland er ein av dei som har vald å gå mot straumen. Han er på femte året på profesjonsstudiet i teologi og budd på ein yrkeskarriere som prest. Han jobbar allereie som prestevikar, og meiner absolutt det er eit yrke fleire burde vurdere.

– Vi treng fleire som kjenner på lysten til å preike i kyrkja. Vi tør ikkje seia frå preikestolen at dette er ein kul jobb. Vi seier heller at det er slitsamt. I Aftenposten og VG utelet dei presteyrket over utdanningar som sikrar deg jobb, det er tåpeleg, meiner Wiknes, og siktar til det store behovet som vil oppstå for prestar framover.

Fekk tidleg ansvar
Fleire har peika på at dei lokale kyrkjelydane spelar ei nøkkelrolle i rekrutteringa av prestar. Wiknes er eit døme på det. Han fekk for alvor auga opp for kyrkja som arbeidsplass da han var sivilarbeidar i Vestre Slidre i 2006, og halve jobben var på kyrkjekontoret.

– Da fekk eg medansvar for konfirmantar. Det skulle eg eigentleg ikkje hatt, svilitenesta skulle vera utan ansvar. Men vi såg forbi det, eg fekk moglegheita, fortel han.

Han framhevar især presten som var i Slidre på den tida, Tordis Ødegaard.

– Ho gjorde at eg trievst godt i kyrkja, understrekar Wiknes. Han hadde også tidlegare vorte tiltrudd oppgåver i konfirmantundervisninga.

– Eg deltok som friviljug på konfirmantleir da eg var 17 år, og gjekk inn i ei leiarrolle utan føresetnader for det, seier Wiknes.

Ekteskapslov avgjorde
Etter plikttenesta i Slidre drog Wiknes til Oslo, der han fekk jobb som kyrkjetenar på Grefsen.

– Eg jobba der eitt år på fulltid, og var mellom anna ungdomsarbeidar og hadde konfirmantar. Det var ein fantastisk jobb, konstaterer Wiknes.

Etter dette byrja han på teologistudia. Enno litt vaklande, han var ikkje sikker på om han ville bli prest. Men han var sikker på at han ville gå på Teologisk fakultet på Universitet i Oslo. Dette var i 2008,og debatten om felles ekteskapslov rasa. Fleire utdanningsinstitutsjonar hadde gjeve frå seg høyringsuttale, og TF viste seg å vera den institusjonen som stod Wiknes nærast.

– TF har alltid vore i front, og var klare på at Den norske kyrkja for all den burde vie alle som ønskte det i kyrkja. Det vart førande for valet mitt, seier han.

For Guds skuld
Wiknes har tidlegare vore leiar for Åpen kirkegruppe, ein kristen fellesskap for lesbiske og homofile. Han er ikkje nådig i omtalen av Kyrkjemøtet si avgjerd i 2007, om at det skal vera lov å ikkje tilsetja folk fordi dei lever i homofilt samliv.

– Vi kan ikkje ha ei kyrkje som gjer skilnad på folk, når ikkje Gud gjer det. Det er skandaløst at Stortinget gav den moglegheita, seier han.

Wiknes er oppteken av at ein kan, og må, påverke utviklinga i kyrkja.

– Det kyrkja meiner, er det folket meiner. Eg har stått på barrikadane og tala Roma midt imot. Den som har noko å seia, må for Guds skuld koma til kyrkja og seia det, understrekar han.

Rett inn i nyhendebiletet
Den snart ferdigutdanna presten meiner faget i teologi i høgste grad er relevant for samfunnet vi lever i.

– Teologi går rett inn i nyhendebiletet, seier han og nemner både IS, Charlie Hebdo, blasfemi og asylbarnproblematikk.

Men forstår han at han nokon kan kvie seg for at kyrkja er ein konservativ og gammaldagas plass å jobbe? Wiknes meiner iallfall gudstru relevant for det moderne mennesket.

– Tru er ganske dynamisk. Det er få som går gjennom livet utan behov for å vende seg til noko anna enn sine næraste. Tru handlar også om å rette sine spontane uttrykk mot noko utanfor seg sjølv, konstaterer han.

Elles frårår han å sjå på kyrkja som ein institutsjon som er hogd i stein.

– Kyrkja er ikkje ein ting. Kyrkja er deg og meg og alle dei liva som samlast omkring sorg og glede, oppsummerer Geir Wiknes.