Magasinett

Utskrift

Fear and loathing i flytande Las Vegas

Skrive av Mette Karlsvik .

Stortingets Spørjetime, primo mai 2015: Erna Solberg lovar tiltak om flyktningekrisa i Middelhavet: «Noreg skal sende skip.» Norwegian Cruise Line går frå Barcelona kvar veke.

Middelhavet søkk og stig. Det søkk og søkk. Skipet sug sjøen inn. Sjøen skyller gjennom båten. Når det kjem ut igjen, er det menneskeleg. Uroleg, møkkete. Eg tviheld på synet av horisonten. Han er rein, og rett. Men så kjem Sicilia. Horisonten blir høgder. Øyer blir okerfarga mursteinshus. Håpet er gult. Kunne vi berre legge til land snart. Vi ventar på klarering frå myndigheitene. Vi ventar. Vi spis, sovnar, blir urolege. Uroa til den eine blir den andres uro. Vi bur tett på kvarandre, men er langt heimefrå. Langt frå det vi vanlegvis driv med, det som gir oss identitet. «Verdi» blir redusert til «vi». Vi hadde aldri vore her var det ikkje for familie. Var det ikkje for at dette var noko vi skulle gjere ilag. Var det ikkje for at vi er norske og kan gjere dette. Vi er nordmenn på cruise. Vi er ikkje flyktningar frå Eritrea. Eritreiske flyktningar var i fleirtal på Middelhavet føråret. Året etter var dei fleste frå Libya. Sidan syriske. Stundom heilt frå vestkysten av Afrika. «Det er ein samansett situasjon», seier Erna Solberg: Det er også migrantar. «Det er dei som leiter etter betre kår for seg og sine. Og dei som er på flukt frå krig og kriser.»

Ho seier det som om det er ein motsetnad mellom å leite etter betre kår for seg og sine, og å vere på flukt frå krig og kriser. Eg får kjensla av at dei er opportunistar, dei som turar seg ut på ope havet. Dei som forlét det kjente, forlét vennar og slekt, for det ukjente.

Opportunistar, dei sitt ved einarma bandittar midtskips i Norwegian Epic. Dei røyker Prince Mild i bingoen i botnen av båten, eller flasjar setlar, sjetongar, paljettar og hud i casinoet på øvre dekk. Norwegian Epic er gift for dei speleavhengige. Å spele på avhengige sin ulykke held baljen flytande. Og på det meste anna. Norwegian Cruice Line er i beste fall eit flytande Las Vegas. Eit flytande Fear and loathing in Las Vegas. På sitt verste er det totalt uinteressant. Spekulativt og groteskt, kommersielt, og manande fram forbrukarane i oss. Eg manar fram den positive i meg. Den som er takksam for å vere på denne båten på Middelhavet. Når vi kjem til ei hamn, er eg ein av få som ikkje flyktar av.

Folk pressar på for å komme seg av «Epic», og blir med til byen. Eg har bassenget for meg sjølv. Nesten. Eit barn står og pissar i vatnet. Han hoppar i bassenget han pissa i. Samstundes pissar cruiseskipet i Middelhavet. Nordlege forureinar for heile kloden. Klimakrisa er samansett. Og enkel: Det er på veg til å gå veldig galt.

På stranda i Cannes, med cruisebåtane i bakgrunnen. Lenger sør: Afrika.

Som i Fear and loathing in Las Vegas. Filmen animerer Ralph Steadmans DIY-trashblekk-kladdemetode. Men filmutgåva av Gonzo blei «Gonzo» og Steadman «Steadman». Gonzo blei ein stil og Steadman kjøpt av ein vingard på kontinentet. Kunstnaren blei illustratør. Frå å fylle libertinerbohemmyta, blei han ein borgarleg mat - og vinelskar som teikna grafiske rapportar frå ei epikyriske høgborgen. Ein stad for mat, vin, estetisk nyting, frå franske vingardar og chateaus.

Kva treng eg for å vere lykkeleg? Kva er meininga med livet mitt? Dekke primærbehova til meg og mine nærmaste. Og så vere snille med kvarandre. Det er vanskeleg å vere snill viss ikkje primærbehova er dekte. Vi blir smålege. Vi vil ikkje dele av det vi har. Dette er noko av det som skjer oss når vi ikkje er trygge. Vi må gjere kvarandre trygge. Vi er ikkje tryggare enn det utrygge leddet. Vi er ikkje sterkare enn det svakaste leddet. Når nordbuarar forbruker og forureinar, då tar vi frå sørbuarane. Når sørbuarane ikkje har råd til berekraftig og miljøvennleg livsstil, blir klimaproblema globale.

«Jorda»? Nei. «Havet». «Den blå planeten» seier vi no. Eit ekstra namn. Fordi vi ikkje visste då vi namna jorda - at den er blå. Apollo sendte dei første bilda av kloden frå verdsrommet. Det blei tydeleg for alle kor vakker han var, men også kor sårbar han er. Mellom Mars og Jupiter. Tredje nærmast sola. Ulikt dei andre steinplanetane, er vår stein dekt av vatn. Berre 3% av vatnet er ferskvatn. Berre 1% av ferskvatnet er tilgjengeleg som drikkevatn. Det meste av ferskvatnet er bunde opp som is i Antarktis. Viss vi kanaliserte det tilgjengelege ferskvatnet og brukte det smart, ville ingen tørste.

Midt i alt er Middelhavet. Cruise skulle vere ein fantastisk måte å sjå det - før det er for seint. Vouageur på solseng. Mellom måltid og utflukter: nærande, føreseieleg, vuggande til søvn.

Cruise skulle vere ein fantastisk erfaringsmodell. Å bli tatt frå hamn til hamn. Men. Trip Advisors kundar deler erfaringar frå skipet «Epic»: «Ikkje så episk», skriv ein, og klagar på køar for å komme om bord og køar for dei beste borda til middag. Dei klagar på at lunsjen liknar middag. At bassenga er for små og SPA-avdelinga dyr. Korridorane er for lange, og båten for stor. Det er for mange folk der, og dei tilsette for travle. Dei har ikkje tid til å vere skikkeleg høflige, klagar ein gjest, som avsluttar med eit smil: «Det er heldigvis lett å komme seg av båten. Lite kø for å sjekke ut, og grei skuring frå båt til hamn.»

Båten gir meg ei stemning av Titanic. Det har ikkje å gjere med interiør, båtform, klientellets klede eller musikken som blir spelt i salongar og til dans. Det er noko desperat «siste reis» over alt. Alt, frå sjauinga inn på båten, til sjauinga gjennom matsalane er stressande og manisk. Det er alltid omf omf omf - musikk på fullt volum over anlegget, og alltid noko ein kan kjøpe ekstra.

Ein middelaldrande kar og den unge thaidama hans går forbi, og til marknadsplassen. Han kjøper seg ei t-skjorte. På bringa: Norwegian Cruise Line. På baksida: We dunked them. We robbed them. We qonquered them. Kva driv de med, Norwegian Cruise Line? Det er smaklaust. Og NCL burde vakte seg frå å minne oss om at dei norwegians robbar. NCL utnyttar alle former for spelegalskap og - avhengigheit. Sjølv trimapparata i gymmen har spel. Alternativet: TV-shop. Over anlegget går Madonnas Material girl. På denne båten er alt til sals, og det som ein treng mest, som internett, kostar mest. Som ein klagar sa: «Hald pusten! Her reknar dei oksygen per liter. Og sender rekning!» Det er ikkje sant. Diverre. Vi kunne gitt pengane til dei som treng det meir enn oss. Det er også å gi til det store «vi». Vi er i same båt.

Flybilletten heim kostar eit par sokkar. Flyet har eit gratismagasin. I mai er hovudreportasjen frå Las Vegas. Neon city. Det handlar om neonskilt. Ikkje ironisk, men entusiastisk patosfulle om knallfargane. Skilt blir legendar: Vegas Vic 1951 (Pioneer Club casino), Moulin Rouge 1955 (for det første hotellcasinoet i USA der også afroamerikanarar fekk inngang), Boulder Club 1945 (vissnok verdas første «spektakulære neon». Blenkande lysstoffrøyr var rocket science: Skiltet til Stardust Hotel Casino var inspirert av satellitten Sputnik, og drog veksel på teknologi frå atomprøvesprengingar i Nevadaørkenen. Det gav skilt med blitz som var synlege ti mil på kross av ørkenen. Den gongen var det sett på som futuristisk, fantasifullt - og anna som er sett på som motsett av kitsj og klisjé. Las Vegas bruker milliardbeløp for å ta vare på ikoniserte skilt. Eit flytande Las Vegas: «Norwegian Epic». Neonskilta fargar ein båt der kundane er kritkvite ved avgang. Lysande raude og solbrente då dei var framme. Sure onklar: Eit neonhelvete. For ei jente som manar fram takknemlegheit for å vere på båten, er han ein stad der lamper aldri blir slukte. Der ein alltid vandrar i opplyste korridorar, på lysande dekk.

På stranda i Cannes, med cruisebåt i bakgrunnen.