Magasinett

Utskrift

Skrekkeleg kjærleik

Skrive av Anders Veberg .

Kjærleikssorg og eit godt auge til vampyrar inspirerte debutanten Anders Brenno, som får elevar på vidaregåande til å lesa dikt.

 

– Folk seier dei ikkje har lese boka mi, men dei høyrer at folk på vidaregåande har gjort det. Når folk på vidaregåande leser dikt og kjenner igjen namnet mitt, då er det artig, seier Anders Brenno.

I januar debuterte han på Aschehoug med diktsamlinga «Vampire Yeah». Eit knippe dikt om kjærleik og angst, sett i eit horror-univers med blodsugande vampyrar, varulvar og mørke kyrkjegardar som viktige brikker.

Anders Brenne er månadens debutant.

– Du kjem ikkje utanom at det er litt retta mot unge, både i språket og den ungdommelege vitaliteten, seier 26-åringen frå Bagn i Valdres.

I diktsamlinga er det ei kjærleikshistorie i botnen, som blir forsterka i kontrasten mellom den søte kjærleiken og den morbide vampyren og døden.

– Om eg skulle ha med alvoret, måtte eg også ha med humoren. Det ungdommelege vart ein naturleg kontrast til alvoret og døden. Det er mange tunge tema – død og angst – som ein kjenner på når ein veks opp. Det er ikkje noko kult å vera ungdom, seier Brenno.

Test deg sjølv: Kva veit du om skrekkfilm?

Blodsugarfan
– Eg har alltid vore inspirert av vampyrar, og har likt dei sidan eg var liten, seier Brenno om kvifor vampyrar har fått ei så sentral rolle i diktsamlinga, og livet generelt.

– Eg har alltid likt søte og morbide ting om kvarandre. Det eg teikna då eg var liten var anten teddybjørnar og påskekaninar eller kannibalar med avkappa hovud. Vampyrar er overmenneskelege på ein måte. Eg var kanskje eit ekstra sensitivt barn, og det å vera heva over livet og døden virka veldig forlokkande.

Vampyrane til Brenno er ikkje som andre vampyrar. Han vart ekstra inspirert då han las Anne Rice-boka «Interview with the Vampire», som også vart til ein film med Brad Pitt.

– Vampyrar har hatt utruleg mange skikkelsar gjennom historia. Eg vart inspirert til å laga min eigen – vampyren kunne vera eit mytisk vesen, men også ein attitude. Å vera vampire, vampire yeah.

Brutal kjærleik
– Det  eg las då eg var liten strakk seg frå Edgar Allan Poe, via Jonas Lie til Elvis – eg har alltid lese høgt, lågt og djupt, fortel Brenno.

Bak «Vampire Yeah» ligg kjærleikssorg. Eit brot med den første kjærasten sin gjorde at livet til Anders Brenno vart ganske kjipt ei stund.

– Det førte med seg ein del angst. Eg prøvde å skriva meg ut av det. Det var også litt for å visa ho, og setta ord på kjenslene mine.

Men i skrivinga møtte han eit lite problem.

– Når ein skriv korleis ein føler seg og kor kjipt ein har det, er det naturleg at det blir naivt mot si vilje. Kjenslene er der, men det blir ikkje poetisk. Ein grev seg berre lenger ned.

Derfor bestemte Brenno seg for å setta kjenslene inn i eit anna univers – eit brutalt horror-univers han kunne kjenna igjen.

– Det å setta sine eigne kjensler inn i eit anna univers gjer at det blir lettare å skriva om. Kjærleiken kan også vera ganske dystert og tærande – sjølv om dei to er motsetnader høyrer dei også saman, seier Brenno, som meiner enkelte aspekt ved kjærleikshistoria blir tydelegare av å bli plassert i eit mørkt univers.

– Korleis har eks-kjærasten din reagert på diktsamlinga?

– Ho tykte det var kult at eg gav ut ei bok, men eg trur ikkje ho veit at den handlar så mykje om ho. Eg veit ikkje om ho hadde likt det heller, svarar Brenno.

Spontane dikt
Vegen frå å skriva seg ut frå kjærleikssorgen til å få diktsamlinga utgitt på eit av dei største forlaga i Noreg, var lang. Det byrja noko tilfeldig med ei diktopplesing.

– Eg fekk høyra om ei diktopplesing, som eg reiste på og spurde om det var her ein kunne lesa opp dikt.

Dialogen mellom Brenno og mannen han spurde gjekk omtrent slik:

Mann: Skriv du dikt?

Brenno: Ja, det gjer eg.

Mann: Flott. Då les du etter pausen.

Då måtte Brenno legga på sprang heim og henta dikta sine. Etter å ha lese, fekk han god respons.

– Folk tykte vel det var annleis, for dei reagerte veldig lett på dikta mine. Det var mykje latter, og det skildra vel humoren og alvoret. Eg vart oppmuntra etter det, og etter kvart turte eg å senda inn dikta til forlaget.

Aschehoug beit på, og etter lang tid med ordning, pirk og omskriving, kom diktsamlinga ut i januar i år.

No er han i gang med nye prosjekt, men dei er berre på teiknebordet. Mellom anna vil han skriva meir på Valdres-dialekten, fortel Brenno.

Saknar ømheit
Anders Brenno omfamnar det som er cheesy, utan ironisk distanse. Han fortel mellom anna om regissøren Ed Wood, kjend som tidenes verste filmregissør. Han laga mellom anna sci-fi-filmar der flygande tallerknar kjem mot jorda, med tydelege trådar som held dei oppe. Sjølv om det er dårleg, er det laga med ein inderleg iver som engasjerer Brenno – og dei flygande tallerkenane til Ed Wood får også sin plass i boka.

At Brenno er sjarmert av det inderlege kjem også fram i diktet «Ømhet», der han mellom anna skriv om «en verden som ikkje savna noe så cheesy som ømhet».

– Det skal vera lov å vera kynisk, men det er litt for lite ømheit. Folk set opp masker for kvarandre. Det er så viktig med ømheit, sidan alle er forgjengelege og alle skal døy.

Brenno snakka også om dette med ein kompis – om at det var synd at me viste så lite ømheit for kvarandre.

– Han stussa på ordet "ømheit", og meinte det var cheesy. Og han har jo rett i det, ømheit er cheesy. Men det er synd at det skal vera slik.