Magasinett

Utskrift

Eit semester ebbar ut

Skrive av Erlend Skjetne .

Illustrasjonsfoto: Colourbox

Fredag 19. juni! Ein merkedag både for lærarar og elevar, for endeleg var det slutt på nok eit skuleår.  Men det var eit eller anna som ikkje kjendest rett: Hadde vi ikkje eigentleg hatt ferie i lang tid allereie?

 

Frå eg sjølv gjekk på skulen for nokre hundreår sidan, hugsar eg kor godt eg likte dei aller siste dagane før skuleåret var over og sumarferien byrja. Alt skleid liksom langsamt ut, ein gjorde mindre og mindre av fornuftige aktivitetar, var for det meste ute i solskinet og spela slåball. Så kom den aller siste dagen, då det var lov å ha med godteri og brus på skulen, og då ein fekk gå så tidleg som klokka tolv. Aldri var verda så forunderleg vakker som når den dagen endeleg var over, og ein tilsynelatande uendeleg lang sumarferie kunne byrja.

Langt om lenge har eg vorte ein slags lærar på ein vidaregåande skule, og eg rekna med at avslutninga på skuleåret ville bli ein meir stressande affære her, på eit såpass høgt nivå i skulesystemet. Eg vart då også åtvara av kollegaer lang tid i forvegen: Ein må jage elevane dag og natt for å få dei til å stille opp på prøver og gjera innleveringane dei skal, så ein har eit tilstrekkeleg stort grunnlag for å setja karakterar, og så må ein altså setja karakterane, og så er det munnlege øvingar til munnlege eksamenar, skriftlege øvingar til skriftlege eksamenar, for ikkje å nemne eksamenane i seg sjølve! Dette sette ein støkk i meg, det skal eg vedgå, og sjølv no har eg ingen vanske med å tru på at realitetane er såpass harde for dei mest dedikerte lærarane på studiespesialisering, eller allmennfag som det heitte i mi tid. Men for ein nybyrjar som underviser nokre skarve yrkesfagsklasser i norsk og engelsk …? Noko mindre stressande enn dei siste tri, fire, fem arbeidsvekene før sumarferien, har eg aldri opplevd. Det er faktisk meir stressande å ha sumarferie, enn det var å vera på jobb i denne perioden.

Forfallet byrjar vel eigentleg allereie med vinterferien, som eg aldri har forstått kvifor ein skal ha. Den er jo knapt over før det plutseleg blir påskeferie, så ein rekk ikkje å koma skikkeleg i gang i mellomtida. Innan ein attervender frå påskefjellet, er det jo allereie vår nede i låglandet, noko ungdommen naturleg nok blir prega av. Det var vanskeleg også før, men når sola skin utandørs, er det tilnærma umogleg å fange merksemda til elevane inne i klasserommet. Så kjem den infamøse russefeiringa på toppen av det heile, og et opp den siste resten av konsentrasjon fram til 17. mai. Men så, så må vel det store alvoret byrja?! Eksamensførebuingar, eksamensangst, eksamen! Nei. Det er sant nok at dette blir kalla eksamenstid, men i praksis inneber det berre at fleire og fleire knapt orkar å møte opp på skulen lenger. For no skal dei jo øve heime, ha såkalla studiedagar – vel å merkje utan å ha fått det godkjent på førehand. Det blir umogleg å planleggje og gjennomføre noko slags opplegg på skulen, for minst halvparten av elevane er til ei kvar tid borte. Så det er lite anna å gjera i timane enn å spela brettspel og kort, og ein kan liksom ikkje tvinge elevane til å sitja der heilt til siste augneblink kvar bidige dag berre for å spela brettspel og kort, så dei får alltid gå lenge før skuledagen eigentleg er over.

Snart har ein heller ingen fornuftige argument å bruke imot dei. For ein må setja karakterane fleire veker før skulen er over, slik at elevane skal ha sjansen til å klage på karakterane. Det inneber i praksis at det dei gjer eller ikkje gjer på skulen desse siste vekene, på ingen måte har konsekvensar for dei vanlege karakterane deira. Det som likevel er verre i dagens system, er eksamensordningane. For det at det er eksamenstid, tyder jo slett ikkje at alle skal ha eksamen. Det tyder at nokre kan bli trekte ut til eksamen. Kven det gjeld får ein forresten ikkje vita på éin og same dag, nei, for å auke spenninga skal ein hale denne uvissa ut gjennom ei lang rekkje såkalla trekkdatoar, der elevane skal sitja og bite naglar idet rektor kjem inn i kantina med lagnaden deira forsegla i ein stor svart koffert. Så bannar dei som blir trekte ut til å ha eksamen, og så jublar dei som slepp å ha eksamen. Men neste veke ventar ein ny trekkdato …

Det er vel ikkje naudsynt å nemne at all denne uvissa ytterlegare forvanskar all planlegging av undervisningsopplegg. Det som likevel er verre, er naturlegvis det fundamentalt urettferdige i ordninga. Ein elev som er flink i alle fag bortsett frå eitt, kan bli uttrekt i det eine faget han ikkje er flink i. Ein elev som er elendig i alle fag bortsett frå eitt, kan bli uttrekt i det eine faget han kan få ein god karakter i. Elevar som er dårlege i absolutt alle fag, kan sleppe å bli trekte ut til eksamen overhovudet. Men så er det også slik at sjansen for å bli uttrekt, iallfall i visse fag på visse liner visse år, kan vera veldig liten. Så det er ikkje heilt usakleg å rett og slett ta sjansen på at ein ikkje blir uttrekt, og heilt gje blaffen i å førebu seg. Går dette bra eitt år, blir ein sjølvsagt inspirert til å prøve same vågestykke neste år. Ganske riktig: I år var det ingen av mine kjære yrkesfagselevar som kom opp i norsk eller engelsk … Ville det ikkje vore meir konstruktivt, meir rettferdig, og også enklare og meir oversynleg, om ein ganske enkelt sa at alle skulle ha ein eksamen i alle fag? Men det blir vel for dyrt. Kva det kostar samfunnet å utdanne unge menneske til ikkje å gidde å gjera noko som helst, er heldigvis for uklårt til å kunne diskuterast.

Ikkje at noko av dette spelar noka rolle, for på fredag var det 19. juni, siste skuledag. Eg er enno berre halvvegs i sumarferien min, som byrja kringom påske ein gong. Men no er det jo til med og varmt i vêret. Eg sit på plena og tek ein øl, og elevane sit vel på sine respektive plener og tek di fleire øl. Undervisning, karakterar, eksamenar, alt vart berre tull, men no er det heldigvis over. Læreplanen ligg i ei eske i kottet, han skal eg fyre med til vinteren. Takk for i år.