Magasinett

Utskrift

Ein av hjernane bak

Skrive av Solveig-Marie Oma .

Simen Daniel Børven er ein av dei musikarane som trivst bakom frontfigurane. (Pressefoto)

Alle veit vi kven som syng, men veit vi kven som har skrive låten?

 

Og kven var det som sat i timar foran macen og keyboardet og programmerte trommer, bass og synth før det i det heile var aktuelt å gå i studio? Det ligg utruleg mykje jobb bak låtane før dei flyt ut av radioen og Spotify og inn i hjartet vårt. Simen Daniel Børven er éin av dei musikarane som trivst bakom frontfigurane.

Lærte å spele bass i bedehus

Han vaks opp på Grenland og begynte å spele bass då han var tolv.

–  Vi flytta til ein ny plass med mykje korps, men band var betre for meg. Dei hadde eit veldig godt bandtilbod i bedehuset. Eg starta med å synge, men så slutta bassisten...

Børven er no 28 og speler bass samstundes med at han er låtskrivar og produsent. Han meiner det er bra med menigheter som har musikalsk aktivitet og gir folk tillit. Allereie som 17-åring hadde han mykje ansvar og arrangerte ut låtane for lovsangsbandet, men først måtte han bestemme seg for at det var musikken han ville satse på.

– Eg spelte mykje fotball og hadde identiteten min der. Då eg skulle starte på vidaregåande måtte eg velje mellom idrett og musikk. Valde musikk, men kom ikkje inn førsteåret.

Så vart det eitt år på Viken Folkehøgskule i Gjøvik. Han var 16, medan dei andre var ferdige med vidaregåande. Børven fortel at han ikkje hadde vore van med så mykje eigenøving før dette, men no vart læringskurva bratt.

– Romkameraten min hata all øvinga, og dei skreiv til og med dikt om det i årboka. Då eg kom på opptaksprøva til musikklinja att, hadde eg fått hjelp frå dei beste på Viken til å lage playback til låtane. Det er ikkje akkurat vanleg med eigeninnspelte ting der, men eg skulle klare det.

Det gjorde han sjølvsagt med den innsatsen.

Litt usynleg

Alle som speler i band veit kor viktig bassen er, men vi legg ofte ikkje merke til han med mindre han manglar. Det å vere låtskrivar er også ei rolle som ikkje får så mykje merksemd.

– Synest du det er kjipt å vere så mykje i bakgrunnen?

– Nei. Kjensla når eg sit i salen og veit at det er min låt artisten speler er herleg. Eg elskar fridomen i å vere anonym. Har vore på Sørlands-senteret med Alejandro Fuentes...og det der vil eg ikkje ha. Synest ros frå likemenn er betre enn fame frå eit publikum.

Meir enn bass

I tillegg til å ha ansvar i menigheten starta dei band på vidaregåande, Aaron. Det var eit non-profit-prosjekt, og dei spelte mykje i menigheter. Det gjekk mest i coverlåtar.

– Eg prøvde å skrive eigne låtar og traff ein vegg. Det var vanskeleg å «finne opp kruttet», lettare med arrangering av andre sine låtar.

Sommaren etter vidaregåande vart det mykje låtskriving. Han tok opp att å synge som jo var det han hadde starta med. Sat med gitaren og jobba med å få alt saman. Å lage musikk frå botn er som kjent ikkje berre berre. Så flytta han til Kristiansand for å studere musikk på Universitetet i Agder (UIA).

– Kva skjer frå idé til ferdig låt? lurer eg.

– Viss du har ein idé så ikkje ver redd for å dele han med folk. Det er best å vere fleire. Lær deg eit musikkprogram, med ei datamaskin kan du gjere mykje. Men ikkje vent med å vise det fram. Øve saman, spele det saman live og få spelt det inn. Sånn jobbar dei proffe og.

Han forklarer vidare korleis ei ferdig låt eigentleg består av mange spor oppå kvarandre. I starten er det litt som å teikne, ein må lage ei skisse. Etter kvart går ein i studio og «fargelegg» med å bytte ut noko av det programmerte med ekte instrument. Det er mogeleg å gjere alt sjølv. Kygo, til dømes, gjer det, men oftare er det eit samarbeidsprosjekt.

– Eg er best på preproduksjonsfasen, med heimestudio. Det eg lagar er bra nok til at dei som tar det vidare forstår kva eg vil, og ofte kan eg behalde noko av det og.

 

Samarbeid

Ein av dei første artistane Børven spelte ut ideane saman med var Pål Rake.

– Eg møtte opp litt for tidleg til ei øving. Han satt og spelte på ein idé, eg spelte med og vi begynte å diskutere. Bestemte oss for å lage eit band og spele våre ting. Vi skrapa saman eit band, og mange av dei er med enno. Ikkje eg, for plutseleg måtte vi gå kvar vår veg. Sånn er det med kreative prosessar.

Dette at ein jobbar saman ei stund og så skil lag er heilt normalt. Ein annan artist han har jobba mykje med i det siste er Alejandro Fuentes. Det har ikkje fungert heilt, mellom anna fordi Alejandro Fuentes no vil synge på norsk, medan låtane Børven har skrive er på engelsk. Han ville ikkje omsetje dei. No veit han ikkje heilt kor mykje av hans idear og inspirasjon som blir med på det nye albumet.

Det at ideane krasjar litt betyr ikkje at folk blir uvener. Han fortel at Pål Rake framleis er ein god ven, og at tonen med Alejandro Fuentes også er god. Åra med Pål Rake var veldig viktige, seier han. Det er tryggleik i å vere to om ting, særleg i starten.

Lærar også

– Eg elskar å undervise. Å sjå utviklinga til folk og kva dei kan skape.

Børven fortel at han starta som basslærar med ein gong han var ferdigutdanna. Faktisk trudde han først det var lærar han skulle bli, ikkje musikar. Han likar best å undervise vaksne, og har vore lærar på folkehøgskule og bibelskule i tillegg til UIA der han studerte. Han seier elevane gir mykje inspirasjon og at han har skrive låtar inspirert av situasjonar elevar har vore i. Noko av grunnen til at han kunne bli lærar så fort er alt arbeidet han har lagt ned. Han er opptatt av å ha eit reflektert forhold til det ein gjer.

– Om du så er søppeltømmar skal du vite kvifor. Du skal vite kvifor og ha lyst til å bli best. Eg trur mange vel feil fordi foreldra deira meiner noko. Det er viktig å vere seg sjølv heilt kompromislaust. Det er ikkje farleg å gjere noko eige.

– Er det ikkje litt stress å få ting til å gå opp med så mange jobbar?

– Det kan vere litt vanskeleg, men viss ein skal leve av det kan ein ikkje berre spele live. No startar eg firma saman med Nikolai Tangen Svennes, eit produsent- og låtskrivarteam. Då blir det litt meir stasjonært, meir på ein stad. Eg synest det er variert og forfriskande, ting balanserer kvarandre.

Kjærasten er også musikar. Ho er ein dyktig klassisk fiolinist. Eg spør korleis det er, om musikken deira krasjar.

– Nei, det er utelukkande store fordelar. Vi speler ikkje så mykje saman, men ho opnar klassiskverda for meg og eg lærer mykje av ho. Har stor fagleg respekt for ho. Vi reiser jo mykje då, men no bur vi i alle fall i same by. Det einaste vi krasjar på er musikksmaken i lystig lag. Vart omtrent konkurranse om musikken her ein kveld.

Reising blir det nok meir av frammover. Sjølv om Børven ikkje er nokon typisk frontfigur betyr ikkje det at han ikkje likar å spele live. Leprous heiter bandet som tar mykje tid no om dagen. Dei gjer det bra, gav ut sitt fjerde studioalbum i mai og turnerer over heile Verda. Dei er no eit av Noregs mest etablerte progmetall-band og får svært god omtale. Neste turné avsluttar dei i Oslo i slutten av oktober.

– Kjensla etter å ha spelt for fleire tusen er det ingenting som kan matche. Å spele live er det aller kulaste, dopet i det heile.

Høyr Leprous - The Price på Youtube!