Magasinett

Utskrift

Debuterer med gnu på nynorsk

Skrive av Thea Idsøe .

For tre år sidan kom gnuen galopperande inn i livet hennar. I desse dagar debuterer Solveig Mette Tjeltveit med lyrikksamlinga der nettopp gnuen spelar hovudrolla. 

 

– Å skriva på nynorsk har alltid vore naturleg for meg, det er jo hjartespråket mitt, seier Solveig Mette Tjeltveit. I desse dagar debuterer ho med lyrikksamlinga «Noo gode gnu».

– Eg har jo alltid bore på forfattardraumen, og eg har skrive så lenge eg kan hugsa. Men det var ikkje før eg byrja skrivekunstakademiet i Bergen at eg fekk trua på at eg hadde noko å bidra med, seier Solveig Mette Tjeltveit.

Denne veka debuterer Tjeltveit med lyrikksamlinga «Noo gode gnu», og no kan ho endeleg offisielt kalla seg forfattar.  

LES OGSÅ: – Ikkje ver redd for diktet

Mangfaldig utdanna
Tjeltveit er fødd og oppvaksen på Jelsa i Suldal, men flytta frå heimstaden allereie då ho byrja på gymnaset. Skogen like bak barndomsheimen hennar har ho nytta mykje tid i som barn.

Han har vore ei viktig inspirasjonskjelde til den fiktive skogen som handlinga i diktsyklusen føregår i. Også utdanninga hennar har vore til stor inspirasjon. Tjeltveit er opphavleg utdanna gartnar ved Hjeltnes gartnarskule – i diktar- og fruktbygda Ulvik.

– Slik fall det seg naturleg å skriva om skogen, seier debutanten, som også har utdanning innan psykologi, litteraturvitskap og kunsthistorie i kofferten.

Uelegant antilope
I den fiktive skogen der handlinga i diktsyklusen utspelar seg er det afrikanske flokkdyret gnuen gjennomgangsfigur. Trass i at ho aldri har sett han med eigne auge, har Tjeltveit lenge hatt ein fascinasjon for denne dyrearten.

– For tre år sidan såg eg eit fjernsynsprogram der ein nordmann skulle springa om kapp med ein masai i Afrika. Men kappløpet gjekk ikkje heilt som venta, for inn frå sidelina kom det med eitt ein gnu og saboterte løpet deira. Frå den dagen har gnuen fascinert meg, seier

Tjeltveit og fortel om korleis gnuen i norske fagbøker på 50-talet gjekk under nemninga «den uelegante antilopa».

– Gnuen er ikkje like storarta som mange av dei andre dyra i Afrika. Det tek litt tid å sjå kor vakker han er. Men eg har verkeleg fått sympati for gnuen, seier debutanten.

Ifølgje forfattaren sjølv avspeglar tittelen på boka hensikta med skriveprosjektet.

– Noo betyr gnu på swahili, og er samtidig den lyden gnuen sjølv utstøyter. Tittelen seier mykje om hensikta med denne diktsyklusen, eg ønskjer at orda skal vera mest mogeleg konkrete og verkelege, og at kropp og lyd skal bli til eitt, seier Tjeltveit.

LES OGSÅ: – Håpar diktarånda får leva i Hauge-senteret

Poesi som kjelde til opplevingar
– Eg har alltid hatt stor respekt for poesien, og eg har lenge hatt ei formeining om at denne forma for skrivekunst var reservert til store namn som Olav H. Hauge, seier ho.

Den første tida på påbyggingskurset ved skrivekunstakademiet jobba debutanten med eit romanprosjekt,  men sat lenge fast og kom ikkje vidare.

– Det vart ei stor lette å kasta romanprosjektet og gå inn i poesien si verd. På mange måtar er poesien eit heilt anna språk, og ein lyt difor gå inn i ein annan karakter. Å skriva poesi var litt som å gå inn i ein gnu, seier Tjeltveit.

Ho er ikkje i tvil om at lyrikk er noko for alle lesarar der ute.

– Mange hevder dei ikkje forstår poesi, og det er klart at ein fort vert frustrert om ein tekk fatt på eit dikt med den innstillinga. Eg trur skulen har drepe poesigneisten hjå mange elevar med dei tradisjonelle diktanalysane. Ein skal ikkje løysa ei gåte, ein treng ikkje forstå alt, men dikta kan vera kjelda til rike opplevingar, meiner debutanten som allereie har byrja å tenka mot neste skriveprosjekt.