Magasinett

Utskrift

Bi yourself

Skrive av Tora Hope .

Hovudkarakteren i boka ZWEET, Lill-Miriam, dukka først opp i novella «Alle vi», som Marit Kaldhol gav ut i 1993. Der vert ho halden under vatn av jentegjengen ho så gjerne vil vere ein del av. Både lesarar og forfattaren sjølv har sidan lurt på korleis det gjekk med jenta. No får dei endeleg svar.

To nye romanar tek føre seg biedøden. Ungdomsromanen ZWEET knyter bier til toleranse for å vere annleis.

 

Biene har si eiga form for kommunikasjon:

dei dansar.

Ein gong skal eg lære å danse som ei honningbie.

Kven vil forstå?

Karl von Frisch, entomolog.

Men han er død.

(frå ZWEET).

 

Medan Maja Lunde utforskar kor viktige biene er for menneska i boka Bienes historie, gir Samlaget ut Marit Kaldhols ZWEET – ein ungdomsroman om bier, det å vere annleis og om det personlege dilemmaet: kor langt strekkjer vårt ansvar for naturen og kvarandre seg?

Lærer om livet av dyr

I romanen ZWEET møter vi dei tre forteljarstemmene Lill-Miriam, Susan og Ruben ein dramatisk skuledag, då skulen dei tre går på vert evakuert på grunn av ein gasslekkasje. Alle forlét skulen, unnateke Lill-Miriam.

Ho har eit syndrom, trur det er ein terroraksjon som føregår og gøymer seg på loftet i staden. Gjennom tankane hennar vert lesaren teken med inn i bienes verd, som Lill-Miriam er ekstremt oppteken av.

– Kvifor er ho så interessert i bier?

– Eg som skriv tenkjer ofte at vi kan sjå våre eigne liv i dyra sine liv. Vi klarer lettare å få oversikt over eit dyreliv og over kva dei fundamentale fasane og endringane er. Kva ein skal leve for, seier forfattar Marit Kaldhol.

Ho meiner dyra hjelper oss til å få eit overordna perspektiv på livet:

– Vi kavar for å få oss mat, vi får avkom, vi har omsorg for dei, vi dør. Og så er det neste generasjon. Dyra snakkar ikkje med ord, og vi får oversynet servert ukommentert. Det vert eit tydeleg og reint bilete.

 

Dei fascinerande biene

Kaldhol har gjort mykje research til boka. Fascinasjonen for insekta har vakse i takt.

– Ein av dei verkeleg interessante trekkja ved biene er omsorga dei solitære biene har for borna sine, som dei aldri får sjå. Dei byggjer trygge plassar for egga og sørgjer for at larvane skal ha mat, men når egget utviklar seg til larve, puppe og ny bie, er morbia vekke. Likevel syner dei ei slik utruleg detaljert omsorg for avkommet, og som mor syns eg dette er rørande.

Sjølv dei solitære biene, som lever så veldig åleine, bryr seg om kvarandre og har omsorg, seier forfattaren.

I tillegg vart ho fascinert av dansespråket til biene.

– Biene dansar når dei snakkar saman. Og det er rett og slett vitskap. Som du skjønar, var eg verkeleg i hundre då eg dreiv med dette.

 

Undring over språk

I romanen kan ein ikkje berre lære mykje om bier. Nokre av kapitla vert avslutta med framandordforklaringar. Visste du til dømes at satellitt tyder følgjesvein eller livvakt?

– Kvart ord har si forteljing, og å oppdage dette kan gi noko av den same gleda som å fordjupe seg i biene si verd. Språk er jo eit uttrykk for verda.

Kaldhols undring skin gjennom i boka. Det har også vore eit mål.

– At eg ville skrive om bier, starta med at eg høyrde om korleis plantevernmiddelet neonikotinoid tek livet av insekt. Eg sat meg nærare inn i insektdød, og fatta ei veldig interesse for insekta, og særleg for biene. Dei har så fantastiske måtar å ordne seg på, og det vart ei veldig glede for kvar nye ting eg oppdaga om biene. Skal ein skrive om klima- og miljøproblem for ungdom, så må ein først vekkje den gleda og undringa over naturen, seier ho.

 

Å vere seg sjølv lik

Artsfamangfaldet i naturen vert i boka knytt til mangfald mellom menneske. Susan, som er éi av forteljarstemmene i boka og ei av dei som ikkje aksepterer Lill-Miriam, tydeleggjer eit sentralt tema i boka: «Vi kunne ikkje tole at ho var annleis».

– Særleg i ungdomsåra har vi eit enormt behov for å vere som andre, samstundes som det er eit veldig press om å skilje seg ut og vere noko spesielt. Det er tøft for mange å stå i det paradokset, seier Kaldhol.

Lill-Miriam skil seg ut på ein måte som ikkje vert akseptert. Ei anna av forteljarstemmene er Ruben, som nettopp er flytta hit frå Cuba. Han skil seg ut på ein måte som er lettare å akseptere, trur Kaldhol.

– Nokre måtar å vere annleis på aksepterer vi, men ikkje andre. Det kan vere uføreseieleg på kva måtar det er lov å vere annleis, men når ein ser det på eit breitt så kan ein lettare sjå det urimelege i det, meiner forfattaren:

– Problema kjem når vi ikkje tør å vere opne for kvarandre. I staden for å lytte, bli kjent og finne ut av kven andre er og kva dei vil, bestemmer vi oss berre: «du er slik, ut med deg. Du er slik, du er godteken». Det er ein vanleg forsvarsmekanisme.

 

Naturleg mangfald

Med auka i flyktningar over sommaren, har boka til Kaldhol fått ny aktualitet. I tida framover skal mange kommunar ta imot og busetje flyktningar, og mange med ulike bakgrunn skal finne sin plass i det norske samfunnet.

– Eg kan ikkje skrive som om eg var innvandrar, men eg kan syne korleis det er å forholde seg til det nye. Eg har reist mykje i Mellom-Amerika, og eg ser at levesettet der er veldig annleis. Vi har ein annan måte å forholde oss til kvarandre her i våre små samfunn. Vi er mykje meir lukka og ikkje så flinke som vi trur, meiner forfattaren.

Ho tykte det var utfordrande å oppdage, men meiner vi har noko å lære når det kjem til å sleppe kvarandre inn i liva våre.

– Å vere eit ungt menneske er utfordrande i seg sjølv, uansett kvar i verda du er. Å skulle vere plassert i ein ny kultur i tillegg, trur eg må vere tøft.

– Korleis trur du det kjem til å gå med toleransen i det norske samfunnet framover?

Eg håpar vi skal klare å få til eit meir tolerant og fleirkulturelt samfunn, som er naturleg for oss. Sjå på Mexico, som har teke imot flyktningar frå alle verdas kantar nesten utan grenser. Der lever så mange ulike folk side om side, og ingen løftar på eit augebryn. Verda er berre fargerik. Her heime er verda maks i to fargar. Eg håpar at vi skal kunne nærme oss eit slikt samfunn, og det trur eg mange vil.

 

Ein bifelleskap

Ved å fortelje historia gjennom tre ulike røyster, ønskjer forfattaren å vise fram at ein kan sjå ei sak frå fleire ulike sider. Særleg er det utanforskapen til Lill-Miriam som vert fortalt på ulike måtar i boka.

– Det er ikkje meint pedagogisk. Eg vil berre syne det fram, og samstundes synleggjere at det omtrent aldri er slik at nokon har det heilt uproblematisk. Når ein grev litt i folk, så er det alltid noko som skurrar, noko som ikkje vil leggje seg til rette i liva deira, seier forfattaren.

– Kva kan biene lære oss om fellesskap?

– Honningbiene har eit veldig fast oppbygd system, der samfunnet tek vare på einskildindivida. Vi kan sjå det, og tenkje at det fungerer. Samstundes lev mange bieartar åleine og isolert, men med samlingspunkt som gjer at dei har ein fellesskap å kome til. Mitt utgangspunkt er at vi som menneske ikkje kjem unna at vi står i relasjon til andre. Slik fungerer livet vår. Kanskje kan nokon oppleve dette av å lese boka.

 

Brikker i eit dominospel

I boka er Lill-Miriam ikkje minst uroa over biedød, mellom anna det såkalla Colony Collapse Disorder (CCD), der heile koloniar bryt saman fordi biene ikkje finn vegen heim. Årsakene er ikkje fastslåtte, men parasittar, midd, diverse sjukdomar, dårleg ernæring, stress og særleg forgifting er blant moglege forklaringar.

Kaldhol ser på biedøden som ei brikke i eit dominospel.

– Mange tykkjer det er vanskeleg å akseptere at det skal vere så viktig med ei bie her, ein sommarfugl her og ein ulv der. Men alle desse artane er brikker i eit finstilt maskineri, og vi toler ikkje at mange vert øydelagt. Det prøver eg å seie i boka, og det er ikkje noko eg har funne på sjølv.