Magasinett

Utskrift

Flaum i Europas Eden

Skrive av Mette Karlsvik .

Berre timar etter flaumen er Cannes sentrum rydda og pynta for «alle» verdas kamera. TV-selskapa er i byen for ei messe. Nesten berre denne slangen ligg att i ein pytt på Croisetten.

Mette Karlsvik rapporterer frå Cannes etter tidenes flom.

 

– Det er ikkje taxi. Det er ei limousine-teneste! seier sjåføren. «Tilgje meg!» seier eg straks. Om Claude Carlton-sjåfør ombestemmer seg, kjem vi oss ikkje ut av Cannes i dag. Eg berre kviskrar til Suzy, også ho stranda i ein flaumramma by: «Kva kostar dette?». Sjåføren høyrer det: 120 euro, seier han glad. Han veit ikkje enno at turen til Nice skal ta fem gongar lenger enn vanleg. Vel er Cannes sentrum allereie rydda: berre timar etter at dei siste av 180 nedbørs-mm har ramla. Rett utanfor prestisjebyen ligg samferdsel brakk. Hjelper det at reisefølgjet vårt tilfeldigvis blei rådgjevarar i samferdselsdepartementet i London?

3/10 - 2015. 6 PM. Lucy og Richard tar toget frå Menton til Cannes. Dei reiser frå den vakre fjellbyen ved italiagrensa, til auksjonar for TV-seriar. Det britiske, eldre paret kjem ikkje for å handle rettar for dei nye, hotte TV-seriane, men for å ete godt. Lucy kjenner Cannes frå før, og tar Richard med til ein skjult perle ei sidegate frå oligark-gata Croisetten. Dei spis heimelaga fois gras og mør carpaccio for grei pris. Så merker Cannes verknadane av klimaendringar: Ekstremvêr. Klokka åtte slår det første lynet. Regnet kjem. Nedbørsmengda liknar ikkje noko byen har erfart før. Lucy og Richard, som har jobba med krisehandtering og naturlege utfordringar, skjønner at det er lurt å tenkje på heimturen. Dei går ut, er irriterte over at skoa blir våte, før dei kjem til vatn så høgt at dei må ta skoa av seg og trekkje kortbuksene opp til hofta. Plassen framfor La Gare har ein halvmeter vatn. Lucy vurderer å symje. Men togstasjonen er framleis over vatnet. Dei går ned til perrongane. Vatnet kjem opp i skinnelinene. Dei spring til trappene, og kjem seg opp på gatenivå igjen. Samferdselsparet skjønner at toget ikkje går til Menton i kveld. Lucy, ho som er kjent, veit kva hotell som er billeg og bra. Dei får hotellets siste rom. Berre sekund seinare kjem fleire til; folk som er i byen for ein TV-serie-messe. TV-folka tilbyr euros til La Consergiece. Ikkje sjans. Hotellet er fullt. Her gjeld ikkje den rikaste sin rett. Her gjaldt retten til den som først hadde ideen om å dra til dette hotellet. 

Nærmast havet ligg flaggskip-butikkane til prestisjemerka Dior, Armani, Chanel, osv. Desse butikkane var av dei som merka vêret mest. Dolce & Gabannas tidsrette, moteriktige vegg-til-vegg-teppe måtte bli rive opp.

Natt til 4/10: 180 mm vatn på få timar. Det dekkjer vegar, garasjar, lågtliggande område flaumar. Folk spring ut for å flytte bilane sine. Ti av dei som prøver å flytte bilane sine blir sitjande fast i bilane sine. Dei druknar. Eit menneske døyr i ein kjellar i Cannes. Eit menneske blir blåst på havet. Tretten blir stadfesta daude, seks framleis sakna. 

4/10 8 AM Lucy og Richard sjekkar ut. Sola blir reflektert i ein våt Avenue des Concordes. Ein politibil køyrer sakte forbi. Ein til følgjer rett bak. Blålysa går. Sirenene er ikkje på. Ein brannbil står parkert på andre sida. I vatnet ligg eit avrive registreringsskilt, ei potteplante, isopor, ein stol, og ein heil del palmeblad. Dei går til La Gare, skjønner at det ikkje går tog den dagen, og vurderer mulegheitene. Konklusjonen: av alle kollektivtilboda som mulegvis kan gå, er dei til flyplassen det beste gjett. Dei sett seg på ein benk ved flybusstoppet. Kjærasten min og meg kjem. Vi ser eit par som liknar dei lokale: i kortbukse og - skjørt, utan bagasje. Dei liknar ikkje folk som ønskjer å komme seg til flyplassen. Men vi spør: Er dette flybusstoppet? Ja. Går det flybussar i dag? Ja, det trur vi. Vi ventar i lag. Vi ser vaskebilar og ryddefolk forvandle Cannes. Frå ruin til Business as usual. Berre ein liten halvtime, tar det, før Cannes igjen skin. TV-kamera blir sett opp. Dei filmar eit Cannes i orden. Ikkje noko kan rokke ved Cannes. Cannes er eit trygt val - for festivalar, messer, alle slags hendingar. Kom, kom, til Cannes, Cannes kan! 

10.30 AM. Flybusstoppen er full av folk. Ikkje ein buss kjem forbi. «Alle» spring ut i gatene etter taxi. Nokre taxiar stoppar. Alle melder: «Oppteken!» «Kva vil du ha? Vi betalar kva du enn vil ha,» seier folk. Men her gjeld ikkje den rikaste sin rett. Her gjeld retten til den som kan «dei rike». Pål forlet flybusstoppen, og fører Lucy, Richard og meg langs Croisetten, til byens mest dyre og myteomspunne hotell. Han snakkar med Le Consergier. Eit minutt seinare rullar limousinen framfor hovudinngangen. «Du ordna taxi i ein by utan taxiar?» No er det at Claude høyrer kva eg seier. Eg utfordra yrkesstoltheita til hotellets private sjåfør. Men det kunne jo ha vore ein hest, kva som helst, som var transportmidlet. Vi må berre ut av Europas Eden - og rekke flyet heim til norsk haust. 

Her gjeld verken den sterkaste eller rikaste sin rett. Her gjeld heller ikkje retten til den som kan mest om samferdsel. «Det er alltid trygt å reise med Richard. Han er god på transport, og finn alltid ein taxi,» seier Lucy. Dei har vore gift i seks månadar, men har kjent kvarandre i 25 år. Dei jobbar i same bransje. Han er rådgjevar i samferdselsdepartementet. Det var der dei møttest. Lucy har flytta arbeidsplass sidan då, og jobbar no som rådgjevar for den nasjonale statsbanen. 

Claude prøver fylkesvegen. Fleire hadde same idé. Det er kø framfor oss. Fleire får same idé. Det blir kø bak oss. Vi står stilt. Vi er på time to. Fem kroppar varmar opp bilrommet. Det er heitt. Vi blir tørste, og seier på tull: «Vi sitt i limousin. Kor er champagnen?» Eg har lyst på vatn. Sidegata er ei elv. Ein kar prøver å sykle gjennom han. Claude startar bilen, og køyrer i ti kilometer i timen forbi ein stranda bil. Bilar vart flauma, og som enno ikkje er rydda av vegen. Vegstrekk der asfalten er rive opp og ligg langs skilja, som guddommeleg flass. Dette er nokre av grunnane til trafikkorkene. Champagne trengst ikkje for å gjere noko med bevisstheita vår. Vi stirrar ut av dei sota glasa. Så stoppar Claud igjen. Ein politibil kjem. Ulikt dei hundre tidlegare politibilane, har denne sirenene på. Bak han kjem ei rekke svartpolerte biler med blå skilt. President XX fer forbi - på veg frå flyplassen i Nice, mot Cannes. Kan det vere sant? Ville ikkje presidenten flydd helikopter? Nei, han skal sjå dei verkelege skadane. Skadane i Cannes er snart samla og pussa på. Logistikksentret Nice aussie. Men stadene imellom: Juan le Pins, Biot, Antibes, etc, der er det framleis noko ekte å sjå. 

11 AM. Claude køyrer seg fast før Biot. Han snur og må likevel ut på hovudvegen. Han snakkar engasjert gjennom handfri-settet. «Fermé! Tout!» Han av frå kysten og køyrer opp mot dei meir kuperte områda. Biot ligg eit hundre meter over havet. Men her har berga kanalisert, mobilisert vatnet, forsterka krafta i vatnet. 

Ingen fuktig kveld. Flyplassen er merka av tragedien. Det er overraskande stille. Vi er ikkje veldig mange som har kome oss til Nice - frå dei ulike stadane som brukar Nice som hovudflyplass: Monaco, Antibes, Cannes, Juan les Pins. Her er få reisande, få tilsette. Sjekkinn-skranka har få folk. Men bra folk. Når eg forsøkjer å kjøpe meg til ein ekstra bagasje, svarar jenta: «Ta med så mange kolli du vil. I dag er alt unnatak.». Utan samanlikning elles: Eg blir sett så vidt attende til 22. juli 2011 i Oslo: Folk opnar seg. Vanlege reglar opphøyrer. Det handlar om å vere snille med kvarandre, og ta omsyn. Så eg gir plass til han bak. Vi kjem i snakk etterpå: Ein australiar som skulle spele landskamp i vasspolo i Monaco. Kampen blei avlyst på grunn av flaumen. «Men vi budde godt. Budde på prinsens mansion. Der prøvde vi å ta oss ein fest, i staden. Men uveret la ein dempar på stemninga. Det blei med eit par drinkar», seier han. Vasspolo er den første lagidretten til å bli olympisk øving. Sidan 1937 har Australia vunne fleire OL-medaljar i vasspolo. Eg: «Kva liker du med vasspolo?» «Det er som å spele handball - men i vatn. Det er veldig macho. Det er mykje handgemeng. Han vinn, den som kan dytte motstandaren under vatn for ei stund, ta ballen, og kyle han vidare,»  seier australiaren, og skjønner det uheldige ordvalet sitt. 13 menneske er stadfesta daude etter stormen på Côte D´Azur, og fleire sakna.