Magasinett

Utskrift

Høyrslehemma Andreas (30) har IKT-utdanning, men måtte ta vaskejobbar

Skrive av Tora Hope .

Etter ti års søking har Andreas Skogstad endeleg fått ein jobb som vil utnytte evnene hans til det fulle.

 

– Fordommane om kva døve kan gjere er sterke, meiner 30 år gamle Andreas Skogstad.

Hadde det ikkje vore for høyrslehemminga, hadde det nok ikkje teke ti år før IKT-utdanna Andreas Skogstad fann jobb. Han er ein av mange med ein funksjonsnedsetjing som opplever at det er svært vanskeleg å kome inn i arbeidslivet.

– Det er skremmande å verte skyvd ut av storsamfunnet. Mange høyrande har eit overdrive syn på utfordringar det vil innebere å tilsetje ein døv person, seier han.

TEST DEG SJØLV: Forstår du teiknspråk?

– Altfor svakt
Statistisk sentralbyrås arbeidskraftsundersøking anslår at berre 40 prosent av personar i arbeidsfør alder med nedsett funksjonsevne faktisk er i jobb.

– Vi syns sjølvsagt at dette er eit altfor svakt tal. I fleire tiår har det vore brei politisk semje om at fleire må få kome seg i jobb, men innsatsen har vore for svak, seier Lars Rottem Krangnes, som er generalsekretær i interesseorganisasjonen Unge Funksjonshemmede.

– Det har skjedd lite i den tida vi har hatt IA-avtalen. Både mål og indikatorar har vore for svake, og vi veit lite om kva som verkar, seier Rottem Krangnes.

Ein nyskapande kolonial
I den to år gamle bedrifta Kolonial.no, trefte Skogstad endeleg blink.

– Eg har ikkje vore i ein ordentleg jobb på ti år, og hadde eigentleg gitt opp. Her får eg brukt evnene mine, eg er effektiv, skapar struktur og er med på å halde hjula i gong. Eg får utvikle meg, seier Skogstad.

Tidlegare har han mellom hatt ein vaskejobb i fleire år. Han klagar ikkje på den, sjølv om han var utdanna til noko heilt anna. Samstundes har han hatt fleire erfaringar som kunne teke motet frå dei fleste.

– Eg har opplevd å få mange avslag, og eg har hatt praksisperiodar som ikkje leier til noko meir utan å få ei forklaring. Eg har til og med arbeidd gratis i håp om å få løn, men til inga nytte.

Han meiner at mange bedrifter utnyttar billeg eller gratis arbeidskraft frå døve, utan planar om å tilsetje dei.

– Eg opplevde at samfunnet ikkje hadde behov for meg og følte meg unyttig. Det påverka fritida også, ein kan bli sky og einsam, seier Skogstad.

No er kvardagen ganske annleis.

– Her kjenner eg meg som ein viktig del av arbeidsplassen.


Andreas Skogstad (t.v.) og Jan Kåre Stene skal utvikle Kolonial.no til ein meir visuelt funksjonell arbeidsplass. – Eg har tenkt å utnytte kompetansen til Andreas, seier dagleg leiar Stene. 

Fordommar og forteneste
Og akkurat dét vert sikkert dagleg leiar i Kolonial.no, Jon Kåre Stene, glad for å høyre.

– Vi er små no, men vi har ambisjonar om stor vekst. Om vi skal lukkast med det, er folka som jobbar her avgjerande. Det viktigaste for oss er innstilling og motivasjon hjå arbeidstakaren. I retur gir vi moglegheiter til å meistre og til å påverke. God kultur i ein organisasjon er eit veldig kraftfullt verkty.

Stene har jobba med prestasjonsleiing i ti år.

– Eg har ei sterk tru på at om ein klarar å skape ein god kultur i eit selskap, så gjer dei tilsette tre-fire gongar så mykje som elles. Motiverte tilsette, som får utnytte potensialet sitt, er det beste ei bedrift kan investere i. Det var dette eg såg i Andreas, seier han.

Sjølv meiner Skogstad at sjefen var modig, og torde å ta ein risiko.

– Noreg slit med veldig låg arbeidslivsdeltaking blant unge med funksjonshemmingar. Det handlar ikkje om at bedriftene har økonomiske utfordringar, men om haldningar, seier Skogstad, og legg til:

– Mange opplever verkeleg alvorleg diskriminering.

30-åringen meiner styresmaktene må bruke meir krutt om dei skal få brukt det uutnytta potensialet.

– Skatteføremoner, moglegheit til fleksible avtalar og fokus på goodwillen selskapet får, kan gje arbeidsgjevar mot til å tilsetje nokon med ei funksjonshemming, trur han.

Skogstad er positiv til at regjeringa har mjuka opp moglegheitene for mellombelse tilsetjingar. Han trur det kan minske skepsisen hjå mange arbeidsgjevarar til å gi folk ein sjanse.

– At det er så vanskeleg å sparke folk, gjer at mange ikkje vil ta sjansen. Men det har jo negative sider også. Arbeidstakaren får mindre tryggleik, og som døv arbeidstakar har du allereie lite tryggleik, seier Skogstad.

Utdanning og ein brei dugnad
Tilbake i organisasjonen Unge funksjonshemmede, meiner generalsekretær Rottem Krangnes at utdanning er avgjerande.

– Det har vore vanskeleg å få arbeidsretta utdanning, men no signaliserer NAV at dei ønskjer å fjerne nokre hindringar slik at fleire unge får støtte til utdanning. Vi treng også ein brei dugnad, slik at lokale NAV-kontor får kompetansen og ressursane som må til for å følgje opp ungdom med nedsett funksjonsevne, seier han.

Ifølgje generalsekretæren er tidleg, tett og målretta oppfølging eit tiltak som verkar.

Ofte er det ikkje den fysiske diagnosen som er den største hindringa, men heller at ein i lenger tid har stått utanfor arbeid og fått psykiske utfordringar i tillegg.

– Mange vegrar seg for å søke jobb, basert på inntrykk av at arbeidsgjevar ikkje vil vere interesserte uansett.

Ansvarlege arbeidsgjevar
Det er ikkje berre styresmaktene som har ei rolle å spele i å endre dagens situasjon.

– Kva ansvar bør arbeidsgjevarar ta?

 – Særleg burde det offentlege gå føre og rekruttere i mykje større grad. Det byrjar allereie i jobbannonsen, med signala om kven stillinga passar til og kor mykje ein kan leggje til rette, seier Rottem Krangnes

Jon Kåre Stene i Kolonial.no meiner arbeidsgjevarane har mykje å hente.

– Ein kan få i veldig flinke og motiverte folk, om ein tek seg tid til at arbeidstakaren får meistre jobbsituasjonen. Det ligg eit stort unytta potensiale her, fordi arbeidsgjevarane ikkje tek seg denne tida.

Satsar på visuell utvikling
Sjølv har Stene erfart at den ekstra halvtimen med opplæring Skogstad fekk for å komme i gong, har betalt seg mange gongar. Han meiner selskapet har drege føremoner av å ha døve tilsette. Så optimistisk er han, at han planlegg å sjå kor langt dei kan dra det.

Under eit føredrag Stene heldt, fekk han spørsmål om kvifor dei ikkje spesialiserte seg på å bli ein god arbeidsplass for høyrslehemma. Det fekk sjefen til å gruble.

– Å ha døve tilsette inneber krav til god kommunikasjon, og særleg visuell kommunikasjon. Det er jo ein føremon for langt fleire grupper og dette har eg tenkt å satse på framover. På den eine sida vil vi jobbe for å bli ein arbeidsplass som fungerer godt for personar med nedsett høyrsel. I retur vil eg stille krav om hjelp til å gjere arbeidsplassen ekstra visuell.

Skogstad, som ikkje har høyrt om planane før, tvilar ikkje på at han kan bidra der:

– Når ein ikkje høyrer får ein eit ekstra skarpt blikk – ein blir god på det visuelle, seier han.