Magasinett

Utskrift

Denne boka burde nettmobbarane lese

Skrive av Tora Hope .

Illustrasjonsfoto: Colourbox

I boka Ryktet har Nika ein mobil full hatmeldingar. – I timane er alle einige i at ein ikkje mobbar, men eg trur alle ungdommar veit om nokon som blir nettmobba, seier forfattaren Ingeborg Arvola.

 

Du er død, bitch.
Du skal blø.
Vi skal få deg til å angre.
Se deg i speilet, hore, for dette er siste dagen
du kommer til å være pen.

(frå Ryktet).

I boka Ryktet fyller mobilen til Nika seg opp med hatmeldingar. Meldingane kjem frå Anette K og dei populære venninnene hennar. Nika har stukke av med typen til Anette K.

I alle fall ifølgje ryktet.

No skal Anette og venninne slå inn skallen hennar med eit jernrør. Men det er ikkje jernrøret Nika er mest redd for. Ho er mest redd for kva storebroren vil gjere om han får høyre om hemnen.

– Historia er inspirert av ei sann historie frå Tromsø. Det var nokre jenter som gjekk etter ei anna jente, og mobbinga hamna til slutt i nyhendene.

Då forfattar Ingeborg Arvola vart bede av forlaget Mangshou om å skrive ei spaningsbok for ungdom, dukka den gamle mobbehistoria opp i minnet hennar.

– Hadde det skjedd i 2015, så hadde det vore snakk om nettmobbing, seier forfattaren.

Ingeborg Arvola trur alle ungdommar veit om nokon som blir nettmobba.

Nettmobbing er annleis enn vanleg mobbing
Og det har ho nok rett i. Norske barn mellom 9 og 16 år mobbar mest på internett i heile Europa.

At mobbinga skjer på mobil og nett kan gjere den verre, skriv Redd Barna.

Mange er på nett og mobil konstant. Det betyr at mobbinga kan skje kvar og når som helst.

Sidan partane ikkje står andlet til andlet, kan det som vert sagt verte misforstått og verke meir brutalt.

På nett kan også alle sjå kva som skjer, det kan vere vanskeleg å finne ut kven som står bak, og mobbinga ofte er usynleg for vaksne.

I tillegg kan nettmobbing bli meir organisert, til dømes ved at det vert laga hatsider der sjikanerande kommentarar og private bilete vert lagt ut.

– Å ikkje få likes, er ikkje mobbing
– Nokre meiner dei blir mobba viss dei ikkje får likes på bileta eller statusane sine. Det er eg ikkje einig i, seier forfattar Ingeborg Arvola.

I boka hennar er mobbinga langt meir dramatisk enn som så. Nika får trugslar om alvorleg vald, som at jentene skal klippe håret av henne.

– Etter krigen klipte folk håret av tyskartøsene. Det er eit sterkt bilete. Då eg skreiv boka, henta eg inspirasjon frå kommentarfelta i nettavisene. Der slepp folk ifrå seg alt mogleg, fortel ho.

Eit mobbeoffer som ikkje let seg knuse
Sjølv om hets og hat renn inn på mobilen til Nika og ho aldri kan føle seg trygg, er det faktisk ikkje mobbarane ho er mest redd for. Det ho fryktar mest er broren Ville. Og ikkje for sin eigen del.

Så sint kan han bli.
Og han er gladere i meg enn i seg selv.
Og han er gladere i mamma enn han er i meg.

(frå Ryktet).

– Om ein blir mobba kan det sitte att resten av livet. Nika er ikkje eit offer. Ho er ikkje ein som blir knust av mobbinga. Ho er sterk og ho veit kva ho vil. Kanskje kan det inspirere nokon, seier Arvola.

Ho trur alle ungdommar kjenner nokon som blitt nettmobba. Som forfattar besøker ho ofte skular og snakkar om fantasi med elevane. Der har ho sett ein dobbeltheit hos mange, fortel ho:

– I timane er alle einige i at ein sjølvsagt ikkje mobbar. Likevel er mange med på det, eller dei ser at det skjer utan å gripe inn.

Å sei frå eller gjere noko er veldig vanskeleg, trur Arvola. Ein kan til dømes vere redd for sjølv å bli eit offer.

– Å vere noko anna enn stille når ein ser det skjer, å til dømes sei «ikkje ver så kjip» – det er ein stor ting å gjere.

Fakta:

Blir du eller andre nettmobba?

1. Sei ifrå til ein vaksen.
2. Er det snakk om nakebilete eller liknande? Bruk politiets raude knapp.
3. Her finn du nokon å snakke med – heilt anonymt.
4. Slettmeg.no hjelper deg med å slette ting fort.

Kjelde: Ung.no.